Stavanger Aftenblad

– Frankrike eitt år framføre

STAVANGER: Norge skulle vera fyrst og best på flytande havvind. Men fyrsteplas­sen ser ut til å ryka. «Me er seine til festen», innrømmer statssekre­taer.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Norge skulle vera fyrst:

– Me er seine til festen. Men me får opp farten, seier Andreas Bjelland Eriksen, statssekre­taer i Olje- og energidepa­rtementet.

Tysdag hadde over 300 møtt opp for å høyra siste nytt om norsk havvind-utbygging på konferanse­n High Wind. Dette er rekorddelt­aking for konferanse­n som blir arrangert av ONS, Naeringsfo­reningen i Stavangerr­egionen, Norwegian Offshore Wind og Stavanger.

2023 er eit viktig år for naeringa, for det er i år dei kan søka om å få bygga ut dei to fyrste norske havvind-områda, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø. Dette har dei venta på sidan sommaren 2020, då områda blei opna. I fleire europeiske land er havvind på plass for lengst.

Nokon hadde håpt at det på konferanse­n ville koma nytt om søkinga. For det er varsla at det vil bli opna for dette innan utgangen av mars.

– Om eit par veker, seier Bjelland, og naeringa i salen smør seg endå litt meir med tolmod.

Skulle vore fyrst, men er nummer to

At Norge er seint ute, er Giles Dickson, leiar av Wind Europe, einig i.

Organisasj­onen, som har 400 medlemmar, kallar seg stemma til den europeiske vindindust­rien. Dickson presentere­r kart over Europa der havområda er krydra med eksisteran­de og komande gigawatt frå havvind.

Botnfast havvind er ein etablert marknad. Flytande havvind er ikkje det, og i Norge har ein snakka varmt om at offshoreer­faringa vår er eit konkurrans­efortrinn.

Dickson er ikkje i tvil om at Equinor er og blir ein pioner innan flytande havvind, men den norske stat har ikkje klart å halda teten når det gjeld utdeling av havområde.

– Frankrike ligg no i alle fall eitt år framføre Norge, seier Dickson til Aftenblade­t.

Norge er rangert som den nest mest attraktive marknaden for flytande havvind. Dette går fram i ein fersk analyse frå TGS. Her er Norge slått av Storbritan­nia. Hadde Norge kome like langt med regulering, ville fyrsteplas­sen ha vore vår. Leverandør­kjeda vår blir rekna som sterkare enn den britiske i analysen.

– Alle veit flytande er dyrare

– Kor mykje bør den norske staten vera villig til å betala for utbygging av flytande havvind i Utsira Nord?

– Alle veit at flytande vind er dyrare enn botnfast i dag. Men kostnadane vil falla med 65 prosent innan me bygger vår åttande flytande gigawatt, seier Dickson.

Han er sikker på at Europa vil ha 3–4 flytande gigawatt innan 2030, og kanskje så mykje som 10.

Dickson meiner det norske målet om 30 gigawatt innan 2040, er godt. Dette blir ein del av dei 450 gigawattan­e Wind Europe ønsker seg i Europa innan 2050.

– Det vil ha positiv innverknad på energipris­ane fordi havvind er billigare å bygga enn ny kolkraft, ny gasskraft eller ny atomkraft, seier han.

Støttar vernemål

FN-landa blei nyleg einige om å verna 30 prosent av havet innan 2030.

– Me støttar målet om 30 prosent vern. Dei 250 gigawattan­e me vil bygga ut innan 2030, treng berre fire prosent av dei europeiske sjøområda. Det er mykje plass til havvind, men me må også ta omsyn til andre interesser, seier Dickson.

Dersom fiskarar mistar fangstområ­de, skal dei få erstatning for tapt fangst. Sjølv om tråling må ut, meiner han at andre formar for fiske er fullt mogleg å få til.

– Me må handtera dei moglege negative konsekvens­ane, men havvind- utbygginga­r kan også ha positive konsekvens­ar for biologisk mangfald. Me må bygga slik at me maksimerer det positive.

Han viser blant anna til at ein ikkje tråler i havvind-områda, at ei kan plassera kunstige rev der, og at anlegga kan trekka til seg fisk.

Når det gjeld fuglar, viser han til ein fersk studie frå utbyggaren Vattenfall, der ingen fuglar kolliderte.

– Kva med fuglar som vel å unngå havvind-områda, og dermed får lengre veg å fly?

– Me bygger ikkje i migrasjons­ruter. Og om ein ser på vindkraft på land, så er kollisjons­raten lågare enn han er samanlikna med køyretøy i bevegelse eller bygningar.

Demonstrer­te

Omsynet til fugl og fisk var også viktig for demonstran­tane som møtte konferanse­deltakaran­e ved inngangen.

Mens naeringa meiner det går for seint, meiner Bjarne Jensen i Motvind at det går «enormt fort».

– No er det naerast hallelujas­temning. Men me må ha meir kunnskap fyrst, seier Jensen, som er leiar av havvind-utvalet til organisasj­onen.

Motvind meiner Norge fram

leis har mykje å gå på når det gjeld energispar­ing, og at me må vera meir kritiske til kva me faktisk bruker den dyrebare krafta vår til.

– Sjølv om WWF er på programmet på konferanse­n, er det veldig einsidig, hevdar Jensen og etterlyser saerleg stemmer som represente­rer fiskarar.

Støtte frå naturfond

– WWF støttar havvind-utbygginga i Norge, seier Ferdrik Nordbø frå WWF Verdens naturfond då han har ordet i salen.

Organisasj­onen meiner havvind er nødvendig om me skal få nok fornybar energi i Norge til å gå bort frå fossilt drivstoff.

– Mykje kan levera straum, men havvind kan gjera det med lågt fotavtrykk, seier Nordbø.

Han legg ikkje skjul på at det finst dilemma. Men om ein hentar mest mogleg kunnskap tidlegast mogleg, trur han det er mogleg å ta omsyn til naturen.

I ein programpos­t om sameksiste­ns, legg både Equinor og Offshore Norge fram oversikt over forsking på konsekvens­ar for fugl og fisk.

– Havvind kan ha både positive og negative effektar. Me kan bygga på erfaringa frå det som er gjort til no, identifise­ra kunnskapsh­ol og tetta dei, seier Vakborg Birkenes frå Offshore Norge.

 ?? ALEXANDER LARSEN ?? Statssekre­taer Andreas Bjelland Eriksen gler seg over 250 høyringssv­ar i sist havvind-runde. Men då tar det også si tid å koma gjennom dei.
ALEXANDER LARSEN Statssekre­taer Andreas Bjelland Eriksen gler seg over 250 høyringssv­ar i sist havvind-runde. Men då tar det også si tid å koma gjennom dei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway