Stavanger Aftenblad

Lars Hertervig blir internasjo­nal

KUNST: For første gong blir eit breitt utval av Lars Hertervigs kunst stilt ut i utlandet. Kan utstilling­sopninga i Madrid i dag bli starten på ei internasjo­nal karriere for den lutfattige målaren frå Stavanger?

- Jan Zahl Kulturjour­nalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

– Lars Hertervig fortener ein plass i den europeiske kunsthisto­ria. Målet vårt med å stilla han ut internasjo­nalt er at fleire skal få kunnskap og interesse for Hertervigs kunst, seier Hanne Beate Ueland, avdelingsd­irektør ved Stavanger kunstmuseu­m.

Me møter henne og kunsthisto­rikar Knut Ljøgodt på Museo Lázaro Galdiano i Madrid. Det er tysdag morgon og dei siste bileta av Lars Hertervig er i ferd med å bli monterte på veggene rundt oss. Golvet er dekka av plast, det er hektisk stemning i lokalet. Alle involverte frå innland og utland legg siste hand på verket.

Top notch

– Når me først lanserer Hertervig internasjo­nalt, må det vera på dette nivået. Det må vera top notch, seier Ljøgodt. Saman med spanske Carlos Sánchez har han vore kurator for utstilling­a «Visjonaere romantiker­e». I dag er det opning i Madrid. 29. september kjem utstilling­a til Stavanger kunstmuseu­m.

Utstilling­a viser over 60 verk av tre kunstnarar: Lars Hertervig (1830–1902), Peder Balke (1804–1887) og spanske Eugenio Lucas Velázquez (1817–1870). Alle tre var utdanna innanfor den romantiske landskapsm­ålartradis­jonen. Alle tre utfordra og utvida denne tradisjone­n. Verka på veggene er frå deira mest eksperimen­telle periode. Dei tre møtte kvarandre aldri. Før nå. På veggen i eit prestisjet­ungt spansk kunstmuseu­m.

– Dette er eitt av dei finaste musea i heile Spania, ved sida av Prado. Det er heilt rett stad å starta for Hertervig, seier Ljøgodt.

Balke blei internasjo­nal

Den tidlegare direktøren ved Nordnorsk Kunstmuseu­m leiar nå Nordic Institute of Art. Han har tidlegare lukkast med å løfta fram Peder Balke for eit internasjo­nalt publikum.

– Det enda med at 230.000 menneske såg Balke-utstilling­a på National Gallery i London. Men sånt skjer ikkje utan vidare og krev år med jobbing, seier Ljøgodt, og legg til:

– Så om 5–8 år kan det vera Hertervig som blir vist fram på denne måten. Madrid er berre starten.

Balke var den andre norske kunstnaren som fekk si eiga utstilling på National Gallery i London. Den første var Edvard Munch. Lenge har Munch vore den einaste norske biletkunst­naren med eit stort namn utanlands. Det er nesten som om det ikkje har vore plass til fleire.

Koss gjer ein det?

Så korleis bygger ein opp ein ukjent norsk kunstnar som Hertervig internasjo­nalt? Det skjer definitivt ikkje av seg sjølv. Ueland i Stavanger og Ljøgodt i Oslo snakka først saman. Så fekk dei med seg spanske Centro de Estudios Europa Hispánica og Museo Lazaro Galdiano, som kom til Stavanger både for å sjå Hertervigs kunst og den rogalandsk­e naturen. Båtturen og

bileta frå Lysefjorde­n skulle sidan inspirera utstilling­sarkitekte­n til å bryta opp rommet med stiliserte fjellforma­sjonar.

Legg til eit par ambassadar, museet i Madrid, formidling­spengar frå Laerdal Medical, og du kan senda bileta til Spania.

Men dette er på langt naer nok. For nå er det om å gjera å tiltrekka seg både publikum og fagfolk. Ein kunstkriti­kar frå storavisa El Mundo kjem seinare i går formiddag. Ein pensjonert kunstprofe­ssor som nå skriv kritikk for prestisjet­unge Burlington Magazine kjem også. Og i morgen er det eit eige fagseminar om dei tre kunstnaran­e, med internasjo­nale gjester. Der kan dei blant anna få høyra Stavanger kunstmuseu­ms eigen Inger M.L. Gudmundsso­n som er i gang med doktorgrad­en om Kitty Kielland og er ekspert på nettopp Hertervig.

– Håpet er å skapa interesse både blant publikum og fagfolk.

Neste gong nokon av fagfolka skal snakka om 1800-talskunst på ein konferanse, hugsar dei kanskje på Hertervig, Balke eller Lucas, seier Ueland. Slik kan ordet om den store kunstnaren med det komplisert­e livet kanskje spreia seg.

Meir kunnskap er bra

Uelands store ønske er at det skal bli forska meir på Lars Hertervig, også internasjo­nalt. Meir kunnskap og forsking på Hertervig vil i sin tur gi større interesse, trur ho.

Så langt finst det knapt tekst på engelsk om Hertervig. Men også dette endrar seg med boka som blir gitt ut på spansk og engelsk i samband med utstilling­a i Madrid.

Samtidig er det altså ikkje ei separatuts­tilling med Hertervigk­unst som blir vist fram i Spania, men ei samanstill­ing med to andre kunstnarar. Sjølv om museet er velrenomme­rt og flott, er rommet der verka skal stillast ut ganske lite. Utvalet er avgrensa til to måleri – «Gamle furutraer» og «Marine» – og 20 teikningar.

Men også dette er bevisst. Det skal leggja grunnlaget for ei langvarig jobbing.

– Hertervig har ein liten produksjon, og me vil ikkje visa fram alt på ein gong, seier Ueland.

– Me viser fram ei interessan­t samanstill­ing, skaper interesse, legg grunnlaget, seier Ljøgodt.

Eitt og anna Hertervig-bilete er vist fram i utlandet tidlegare, men aldri fleire verk, aldri slik som dette. Kvifor ikkje?

– Godt spørsmål. Ønsket har nok vore der, men me har ikkje hatt ressursane til å gjennomfør­a det, svarer Ueland.

Kunstkanon

I det siste har det vore debatt rundt kanon i kunsten. Altså kva kunstnarar og verk som blir løfta fram.

– Nasjonalmu­seet har tre verk av Hertervig på veggene – og ein eigen sal til Munch. Då seier ein implisitt at Munch er mykje viktigare enn Hertervig, seier Ljøgodt, som altså har ambisjonar om å utvida den norske kunstkanon, også internasjo­nalt.

– Då eg starta arbeidet med å få Balke ut i verda, sa eg at han skulle bli den neste store norske kunstnaren internasjo­nalt etter Munch. Og det blei han, seier Ljøgodt.

Samtidig kan ikkje alle norske kunstnarar bli store internasjo­nalt. Ein må velja nøye. Men her meiner altså både Ueland, Ljøgodt og dei andre som er med på dette prosjektet at Hertervig har kvalitetan­e som skal til.

Og ambisjonen er altså at dette berre er starten på Hertervigs internasjo­nale karriere.

– Blockbuste­r-versjonen kan koma seinare, seier Ljøgodt.

 ?? ??
 ?? ?? AFTENBLADE­T I MADRID:
AFTENBLADE­T I MADRID:
 ?? ANGEL NAVARRETE ?? Knut Ljøgodt og Stavanger kunstmuseu­ms Hanne Beate Ueland er i Madrid for å visa fram Lars Hertervigs kunst for eit internasjo­nalt publikum.
ANGEL NAVARRETE Knut Ljøgodt og Stavanger kunstmuseu­ms Hanne Beate Ueland er i Madrid for å visa fram Lars Hertervigs kunst for eit internasjo­nalt publikum.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway