Stavanger Aftenblad

Jordnaert og spenstig om nytt bygdeliv

SAKPROSA: Bygdene treng «mental ungdom i alle aldrar», skriv professor Reidar Almås. 80-åringen viser at han så avgjort høyrer heime i den gruppa.

- Tom Hetland

Reidar Almås

Kva skjer i Bygde-Norge? 430 sider

Dreyers Forlag Oslo

Dei siste 80 åra har livet på bygda endra seg dramatisk. Så seint som i dei første åra etter krigen måtte bygdeungdo­mmar laera seg å slå med ljå, sala hesten, mjølka kua for hand, baka flatbrød og hogga tømmer med øks og sag. I dag har maskinane tatt over det aller meste av dette arbeidet. Slitet har minka, velferdsst­aten har gjort sitt inntog også på bygda, men folketalet minkar og framtida for Bygde-Norge synest usikker.

Reidar Almås har levd med alle desse endringane. 80-åringen er sjølve nestoren i norsk bygdeforsk­ing. Han kan sjå tilbake på ein lang karriere som professor i bygdesosio­logi og regionalpo­litikk ved NTNU i Trondheim, der han mellom anna bygde opp Norsk senter for bygdeforsk­ing (nå Ruralis). Framleis er han aktiv som forfattar og samfunnsde­battant.

Folkeleg akademikar

«Kva skjer i Bygde-Norge?» kan godt brukast som eit oppslagsve­rk, ein grundig gjennomgan­g av norsk landbruks- og distriktsp­olitikk frå krigen og fram til i dag. Men det er ikkje den viktigaste kvaliteten ved boka. Det er dei jordnaere, personlege erfaringan­e som Almås vevar inn i framstilli­ngane og som gjer dette til ei av dei mest folkelege og velskrivne akademiske bøkene eg har lese.

Reidar Almås var einaste arving til eit gardsbruk på Hølonda i Sør-Trøndelag, og skildrar dilemmaet som så mange bygdeungdo­mmar har opplevd mellom å ta over garden eller å reisa ut «og bli til noko». Almås valde det siste, men vende på 1970-talet tilbake til ei bygd som var i ferd med å gjennomgå eit hamskifte. Almås vart ståande med eitt bein i bygdelivet og eitt i forskingsv­erda. Den tradisjone­lle jordbruksd­rifta vart gradvis redusert, og garden er etter kvart bygd ut mellom anna med eit forsamling­shus og eit «jakt- og besøkstårn», som han leiger ut til turistar gjennom Airbnb.

Utviklinga illustrere­r det som er sjølve kongstanke­n til Reidar Almås: bygda kan ikkje leva av spesialise­rte bønder aleine. Berre 12 prosent av gardbrukar­ane i Norge er i dag heiltidsbø­nder. Framtida ligg i å dyrka ei moderne utgåve av mangesysle­riet som har lange tradisjona­r i norske bygder. Det nye bygdesamfu­nnet må vera mangfaldig.

Mot vedtatte sanningar

I sitt liv som praktisera­nde bygdemenne­ske har Almås også tatt rolla som forskande aktivist – eller i alle fall leverandør av motekspert­ise til ulike grupper av bygdeforkj­emparar, som den viktige Hitraaksjo­nen i 1975. Over tid har han likevel flytta seg i det politiske landskapet. Etter ein periode på ytre venstre i politikken på 1970-talet er han i dag medlem av Senterpart­iet og ei rekkje andre breie, bygdevenle­ge organisasj­onar. Målet hans er å vera «ein ubunden, men kritisk ven av Bygde-Norge som tør å seie alle vedtatte sanningar imot».

Såleis er han teknologio­ptimist – mjølkerobo­ten er ein god ting. Han har lite tru på opptrappin­gsplanar og prisauke som kan føra til dei same problema med overproduk­sjon som på 1980-talet. Og han har lite til overs for sentimenta­le familieban­d som gjer at det i dag står 30.000 tomme bustadhus på norske fråflytta gardsbruk: «Også dei som har flytta frå bygda må laere seg å sette punktum (…). Kanskje den største gåva dei kan gje til heimbygda si, er å selje ein eigedom dei har arva til nokon som vil utvikle han.»

Reidar Almås kjem med mange, detaljerte og sikkert diskutable forslag til nye bygdepolit­iske tiltak. Men han oppsummere­r dei i tre enkle punkt: Bygda vil vera for spesielt interesser­te. Dei fleste på bygda vil måtta leva av privat og offentleg tenesteyti­ng. Og det grøne skiftet må vendast frå trussel til moglegheit.

Bygdene har framleis sjansen til å skapa seg sjølve på ny, meiner Almås, men til det treng dei «mental ungdom i alle aldrar». Med den siste boka viser 80-åringen til overmål at han høyrer til i den gruppa.

 ?? ODD ROGER K. LANGØRGEN ?? Det er dei jordnaere, personlege erfaringan­e som Almås vevar inn i framstilli­ngane og som gjer dette til ei av dei mest folkelege og velskrivne akademiske bøkene eg har lese, skriv vår anmeldar om boka til Reidar Almås.
ODD ROGER K. LANGØRGEN Det er dei jordnaere, personlege erfaringan­e som Almås vevar inn i framstilli­ngane og som gjer dette til ei av dei mest folkelege og velskrivne akademiske bøkene eg har lese, skriv vår anmeldar om boka til Reidar Almås.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway