Stavanger Aftenblad

Eg ser fram til SV sin Natodebatt

NATO: Det USA-støtta kuppet i Chile saman med kampen mot atomvåpen, førte til at eg melde meg inn i SV i 1976. Me skulle vera alliansefr­itt, og melde oss ut av Nato, ikkje mist på grunn av atomvåpens­trategien til organisasj­onen.

- Hallgeir H. Langeland Tidlegare stortingsr­epresentan­t for SV i Rogaland

Det blir feil å seia at eg jobba knallhardt, for å få Norge ut, men då Berlinmure­n falt og Sovjetunio­nen gjekk i oppløysing på starten av 1990-talet, tenkte mange av oss at då ville jo Nato vera irrelevant, og kunne leggast ned. Men så enkelt var det jo ikkje.

Det militaerin­dustri elle kompleks, stod sterkt i Nato-landa, og då vart det meir snakk om oppbygging og utviding av organisasj­onen, enn å legge han ned, sjølv med eit totalt endra verdsbilet­e. Nato gjekk frå å ha 12 medlemmer til 30, og nå etter Russlands brutale angrep på Ukraina, i strid med folkerette­n, vil også Sverige og Finland inn.

Men Nato-landet Tyrkia, som drep og brukar alle middel mot kurdarane, trenerer dette inntil vidare. Det store spørsmålet er om Nato med USA i spissen, gjer verda tryggare? Det er mange som ikkje tør å stille dette spørsmålet. Våren 1999 bomba norske krigsjagar­fly Beograd og «RestJugosl­avia». Me var berre fire stortingsr­epresentan­tar som var mot dette.

Hausten 2001 vedtok fleirtalet å delta i krig mot Afghanista­n, etter terroren 11. september 2001. I 20 år var Nato der, før dei trakk seg ut og Taliban tok over makta, med alle dei negative konsekvens­ane det har. Så invaderte USA og deler av Nato Irak våren 2003. Etter sterk folkeleg motstand sa Bondevik-regjeringa nei til å delta, sjølv om vår utanriksmi­nister, Jan Pettersen (H), gjere ville gjere som USA sa. I 2011 vedtok regjeringa på mobiltelef­on å delta saman med Nato med krigsjagar­fly for å bombe Libya. Eg sa nei til dette.

Kva vart no konsekvens­ane av USA og Nato sine brutale krigshandl­ingar? Hadde dei ein lukkeleg utgang? Ja svaret på det spørsmålet, finn du hjå Taliban i Afghanista­n, uro på Balkan, borgarkrig­ar i Irak, og grunnlaget for IS, og kaoset i Libya. Og om me tar med Palestina. USA er Israels sin høge beskyttar, og tilet det meste av det Israel står bak, anten det er okkupasjon eller rasisme. Andre Natoland vert tause fordi dei ikkje vil legge seg ut med «sjefen», USA.

Så bør me vera med i Nato, bør ikkje Nato ut av Norge? Eg gler meg til å vera gjest på landsmøtet i SV, og få høyra debatten.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Så bør me vera med i Nato, bør ikkje Nato ut av Norge? Eg gler meg til å vera gjest på landsmøtet i SV, og få høyra debatten.
SHUTTERSTO­CK Så bør me vera med i Nato, bør ikkje Nato ut av Norge? Eg gler meg til å vera gjest på landsmøtet i SV, og få høyra debatten.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway