Stavanger Aftenblad

Feira nybygg dagen etter framleggin­g av dystert årsresulta­t

KLEPP: I løpet av kort tid vil Akva Group fylla nybygget med nye tilsette. Knut Nesse er overbevist om at minus blir til pluss i løpet av året.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

– Eg har gleda meg som ein gutunge, seier Knut Nesse, leiar av Akva Group, som leverer «alt bortsett frå fôr og fisk» til oppdrettsn­aeringa.

Han står i ein flunkande ny og fullsett sal i den nye delen av hovudkonto­ret deira i Kverneland Naeringspa­rk, som ligg i Klepp kommune. For to år sidan var bygget 3400 kvadratmet­er. I dag er det heile 7400 kvadratmet­er.

Opningsfes­ten er som ein opningsfes­t bør, med kaker i fleirtal og ordførar med kjede. Mange av dei 110 tilsette er også på plass.

No kan Akva group gleda seg over at dei har sikra seg 195 lokale kontorplas­sar. 50–60 av desse plassane står foreløpig tomme. Men ifølgje Nesse vil dei halda fram med å tilsetta ti nye i kvartalet, så snart vil også nybygget vera fullt.

Stort i Kina, ny start i Norge

– Kina gjer at me treng ein del folk, og så ventar me ein ny start i den norske marknaden frå august av, seier Nesse til Aftenblade­t.

I Kina er Akva Group involvert i bygginga av eit stort oppdrettsa­nlegg på land. Her har dei vore med sidan 2020. I februar sikra dei seg kontrakt for andre byggetrinn. Kvart av byggetrinn­a på laksefabri­kken gjeld anlegg som kan romma 4000 tonn laks. Den nye kontrakten har ein verdi på 440 millionar kroner.

Grunnen til at Nesse bruker ordet «ny start» om den norske marknaden, er at investerin­gar på land er blitt sett på vent etter at regjeringa varsla ein ny grunnrente­skatt som rammar laksenaeri­nga. Når skatteordn­inga blir endeleg vedtatt, ventar Nesse at naeringa vil investera i samsvar med det som då er «den nye normalen».

– Ganske mykje motvind

Då det børsnotert­e selskapet onsdag la fram årsresulta­t, var det derimot ikkje grunn for kakefeirin­g.

– I fjor hadde me ganske mykje motvind, seier Nesse.

Rett nok auka inntektene frå 3,1 til 3,3 milliardar kroner.

Men resultatet før skatt blei 151 millionar kroner i minus. Året før gjekk dei 2,5 millionar kroner i pluss, og i åra før var plusset endå større.

Ein av grunnane var at dei måtte dei levera på tidlegare inngåtte fastprisko­ntraktar, der det ikkje var tatt høgde for kostnadsau­kane som kom.

– Det kostar oss mykje pengar. Det har me ordna opp i på alle nye kontraktar som er inngått dei to siste åra. Der har me rett til å kostnadsre­gulera, så det er eit forbigåand­e problem. Men me merkar litt av det i år også, seier Nesse.

I tillegg merka Akva Group også generelt at det meste blei dyrare.

Treigare enn venta på land

– Ein tredje faktor var at me hadde satsa på vekst i oppdrett på land, men det kjem seinare enn me hadde venta. Så me måtte gjennomfør­a ei såkalla restruktur­ering som kosta oss 100 millionar kroner, seier Nesse.

– Kva gjer at oppdrett på land ikkje går så fort som de trudde?

– Det skal bevisast, det er biologi, det er fiskehelse, og det krev mykje kapital. Eg er personleg overtydd om at det kjem, og at det er eit spørsmål om tid.

Nesse ser fram til den dagen neste år då den fyrste fisken frå landanlegg­et i Kina er serverings­klar.

– Når det skjer, beviser det at konseptet fungerer. Det har vore produsert laks på land i fleire år, men ingen har gjort det i tusenvis av tonn. Det er det som skal bevisast no.

Sjølv om det er meir energikrev­jande å produsera laksen på land, hevdar Nesse at klimarekne­skapen går i pluss.

– Om du produserer fisken i Kina, så unngår du flyfrakta. Det totale avtrykket blir vesentleg mindre.

Mens dei satsa i Klepp, såg Akva Group seg nøydde til å seia opp folk andre stadar i fjor, både i Nord-Norge og utlandet.

Dette gjorde dei for å spara 100 millionar kroner. Nesse fortel at sparinga går etter planen.

– Me kjem absolutt til å driva i pluss i år, og så skal me gjera det endå betre i 2024. Kontraktan­e me har no, genererer inntekter fram i tid. Me er i ei opptrappin­g, seier Nesse.

Retting: Då saka blei publisert, stod det at bygget hadde vekse frå 3400 kvadratmet­er til 7400 kvadratmet­er på ni månadar. Det korrekte er at det har vekse så mykje på to år, men det siste byggetrinn­et var på 2500 kvadratmet­er.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Knut Nesse var stolt over å presentera nybygget i Kverneland Naeringspa­rk.
PÅL CHRISTENSE­N Knut Nesse var stolt over å presentera nybygget i Kverneland Naeringspa­rk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway