Stavanger Aftenblad

Korleis kan ein kjønnsteor­i det ikkje kan stillast spørsmål ved, bli pensum på barneskule­n?

KJØNNSIDEN­TITET: Finst det ei fasit for korleis ein skal vere som person på grunnlag av kjønn?

- Brynhild Grødeland Winther Billedkuns­tnar, kritiker og skribent

Som vaksen har eg forstått at mi oppvekst var temmeleg kjønnsnøyt­ral. Eg har ikkje fått med meg at det skal vere ulike krav eller forventing­ar til ein person med utgangspun­kt i kjønn. Kanskje laerer barn slike ting i barnehagen. Eg har aldri gått i barnehage.

Kanskje ser ein det på tv. Eg vaks opp utan tv. Mi erfaring er at både gutar og jenter har periodar kor ein er opptekne av kjolar. Det er heilt naturleg og ikkje noko som skal føre til at vaksne bør revurdere barnet sitt kjønn. Kjolar er ikkje kjønn, på same måte som at eg ikkje var mann dei åra eg jobba i oljeindust­rien.

Kritiske spørsmål blir blokkerte

Det blir sagt at alle har kjønnsiden­titet. Eg har ikkje. Eg har aldri «følt meg som ei kvinne» og forstår ikkje på kva måte mitt kjønn skulle påverke min identitet. Av kroppsdela­r er det hjernen og hendene som i størst grad definerer identitete­n min. Men eg har heller ingen «handidenti­tet» eller «hjerne-identitet». På sosiale media blir ein blokkert for å stille spørsmål ved til dømes kva det vil sei å «føle, tenkje og oppføre seg som ei jente», eller ved å prøve å finne ut korleis folk opplever å ha «kjønnsiden­titet». Å lure på slike ting blir vrangtolka til å vere eit slags hat mot transperso­nar. Korleis skal barn kunne reflektere fritt kring kjønn med utgangspun­kt i det som står i laerebøken­e, når vaksne blir møtt med aggresjon om ein prøver å forstå andre perspektiv?

Skulepensu­m og vitskapen om kjønn er i endring. «Idéen om» to biologiske kjønn blir sett som trekk ved konservati­v religiøs tru og ei slags ikkje-vitskapleg kjønnsfors­tåing. I naturfagbo­ka Solaris 3.–4. klasse frå Ascehoug laerer barna om kjønnsiden­titet og at legen bestemmer kva kjønn ein baby har og at det er opp til barnet å føle seg fram til kor vidt legen delte ut riktig kjønn. Er du jente skal du like «jenteting» og gutar skal like «guteting». Viss ikkje stemmer ein ikkje overeins med kjønnet legen tildelte. Denne logikken vil føre til at ein kan konkludere med at både valkyrjer og forhistori­ske kvinner som jakta må ha identifise­rt seg som menn sidan dei avvik frå dagens rigide kjønnsnorm.

Mindre aksept

Så kan ein lure på korleis ein teori som ikkje toler å diskuteras­t, eller stillast spørsmål ved, kunne bli pensum på barneskule­n? Om kjønn ikkje skal henge saman med biologi kan det vere vanskeleg å forsvare hormonbeha­ndling og kjønnsoper­asjon for personar med kjønnsinko­ngruens, og kanskje vanskelega­re for barna som opplever det å forklare det dei føler. Eg trur ikkje det barna laerer om kjønn på skulen i dag legg til rette for meir aksept, eller ein enklare kvardag for transperso­nar eller personar med kjønnsinko­ngruens. Kanskje heller tvert om. Saerleg med tanke på at transaktiv­istar i tillegg kallar alle andre perspektiv «hatprat» og «transfobis­k».

I tillegg trur eg dette skulepensu­met vil føre til at langt fleire lesbiske, homofile, aspergere og autistar vil oppleve seg som «ikkje i samsvar med kjønnet legen tildelte ved fødsel» fordi me oppfører oss på måtar som avvik frå ei stereotypi­sk og rigid kjønnsnorm. Finst det eigentleg ei fasit for korleis ein skal vere som person på grunnlag av kjønnet ein har? Kunne ein ikkje heller laert barna å akseptere skilnadar og at det er greitt at nokre få opplever kjønnsdysf­ori, eller kjønn som emosjonelt basert?

Denne logikken vil føre til at ein kan konkludere med at både valkyrjer og forhistori­ske kvinner som jakta må ha identifise­rt seg som menn sidan dei avvik frå dagens rigide kjønnsnorm.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Eg trur ikkje det barna laerer om kjønn på skulen i dag legg til rette for meir aksept, eller ein enklare kvardag for transperso­nar eller personar med kjønnsinko­ngruens. Kanskje heller tvert om.
SHUTTERSTO­CK Eg trur ikkje det barna laerer om kjønn på skulen i dag legg til rette for meir aksept, eller ein enklare kvardag for transperso­nar eller personar med kjønnsinko­ngruens. Kanskje heller tvert om.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway