Stavanger Aftenblad

Gud har ordna opp

- Andreas Haarr

Av og til kan eg tenkja at det er ikkje så vanskeleg å forstå at Gud måtte gjera noko i gamal tid med Israelsfol­ket. Dei fann jo på så mykje tull. Om att og om att les me om kongane som var ugudelege og dyrka framande gudar. Me les om korleis folket sette opp ein gull-kalv og tilbad den. Korleis dei klaga på maten i øydemarka, sjølv om dei hadde sluppe unna slaveriet i Egypt. Historiane er mange om fråfall og opprør mot Gud. Så har eg vanskelega­re for å ta inn over meg at dette er min historie òg. Eg har ingen gull-kalv, men eg har mange ting, og tenkjer fort at det er det eg eig som gjev meg trygghet. Det er enklare å tenkja at konto i banken er tryggare enn ein skatt i himmelen. Eg har problem med å sjå at eg er utanfor paradis, eg har det jo så godt! Samstundes kan eg gjera meg mange bekymringa­r, og slit med å stola berre på Gud. Eg har problem med å forstå at Gud måtte ofra sin Son for meg.

Dugnad er eit godt ord og ein god ting. Eg les at det har noko med hjelp, god gjerning og kraft å gjera, og å vera dugande er i slekt med dette ordet. Dugnad er flott. Framfor Gud hjelper det likevel ikkje med dugnad. Same kor gode og kraftfulle me er. Same om me alle går saman og gjer vårt aller beste. Me er ikkje dugande til å frelsa oss sjølve. Nettopp fordi eg og me alle er like i dette at Gud ikkje får førsteplas­sen. Me er like i det at me så ofte opplever at me har alt. Den som har alt, treng ikkje Gud. Difor treng me ein redningsma­nn. Ja, me treng ein frelsar.

Fleire gonger kan me lesa at Gud reiser seg. Det vil seie at Gud lar ting skje. For oss og til vår redning. Medan me ennå var langt vekke. Medan me ennå ingenting forstod. Medan me ennå levde som framande. Så handla Gud. Gud kunne ikkje sjå på at me søkte svar og hjelp alle andre plasser, og lot ting og pengar vera våre gudar. Difor sende Gud sin Son. Jesus kom for å ta seg av oss alle. Jesus kom for å vera han som ordnar opp for oss alle. Jesus vart hengd på ein stokk mellom himmel og jord. Slik skulle han opna vegen for oss til Guds rike.

Evangelium, den gode nyheten, er at

Gud har ordna opp for oss. Ein døydde for meg for at eg skal vera Guds barn. «Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.» Johannes 10,18. Gud har handla. Jesus døydde og stod opp att. Og me får kallast Guds barn.

 ?? SHUTTERSTO­CK ??
SHUTTERSTO­CK
 ?? ?? For lenge siden
SØNDAGSTAN­KER:
For lenge siden SØNDAGSTAN­KER:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway