Stavanger Aftenblad

Meiner dette skil klubben ut

HANDBALL: Naerbø-eventyret ser ikkje ut til å vere over med det første. I 2023 står blåtrøyene med sju sigrar av sju moglege. Og laget har store draumar. Det har blitt lagt merke til av landslagss­jefen.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Eventyret blir lagt merke til:

Det har gått 13 år sidan Rune Haugseng plukka ut ein gjeng gutar han hadde tru på. Alt då hadde trenaren store ambisjonar. Langsiktig­e planar blei lagt.

Sesong etter sesong har han kunne krysse ut dei eine målet etter det andre:

NM-gull G20

Opprykk til eliteserie­n Cupfinale

Europacup-debut

Siger i europacupe­n Naerbø-eventyret blir lagt merke til.

– Fakta er jo at dei har fått fram mange gode årgangar, fleire år på rad. Viss det er éin ting som skil dei litt frå andre, er det at dei år etter år, dei siste fem åra, verkeleg har fått fram mange jamne, fine årgangar. Det er heilt tydeleg at dei får til noko, seier landslagss­jef Jonas Wille.

Han understrek­ar at han ikkje har djupneinns­ikt i korleis Naerbø drivast som klubb, men uttaler seg om korleis han ser klubben utanfrå.

Det gror godt i Naerbø. Dei siste seks åra har laget vunne G20NM to gongar, og tidlegare i år enda det med tap i juniorfina­len.

Naerbø-turen som gav inntrykk

Wille har lagt merke til at lokalsamfu­nnet rundt klubben støttar opp under satsinga. Nokre gongar kan det vere ein fordel å vere eit lite lokalsamfu­nn, fortel han. For då er det enklare å bli lagt merke til.

Sjølv har Wille vore med på ei tilsvarand­e reise som Naerbø, i noko mindre grad i Halden.

For mange år sidan var Wille i

Naerbø då han leia Tistedal/Halden i 1. divisjon.

– Eg hugsar korleis vi blei tatt i mot, atmosfaere­n, korleis det var eit fellesskap i heile foreininga. Det var veldig tydeleg alt då. Då var ikkje Naerbø kjempegode. Så kom årgangane opp. Difor har eg hatt ein feeling på at det er ei foreining bygd på gode verdiar. Det ligg i botn, som eg trur er viktig for å oppnå framgang og suksess.

Trufaste tilskodara­r

At Naerbø sitt handballag engasjerer i bygda, er det liten tvil om.

Kamp etter kamp blir Sparebanke­n Vest Arena naerast fylt til randa av engasjerte jaerbuar. Seinast onsdag, då medaljejag­ande Runar gjesta Naerbø, løfta publikum fram dei mørkeblå til sin sjuande strake siger.

– Stemninga her er elektrisk kvar einaste gong. Dei desidert beste supportera­ne i Norge. Det er ei atmosfaere her som ikkje lag som Elverum og Kolstad har, som også har mange på kampane. Det er berre å ta av hatten for dei, seier Naerbø-spelar Theodor Svensgård.

På sine ti heimekampa­r i eliteserie­n, har det i snitt kome 1182 tilskodara­r. Berre Kolstad og Elverum dreg fleire tilskodara­r enn Naerbø.

Hårete Europa-mål

Søndag ventar ei ny utfordring for Naerbø når første kvartfinal­e i europacupe­n blir spelt i Kroatia mot MRK Sesvete. I fjor gjekk Naerbø heilt til topps i turneringa.

Dei mørkeblå frå Jaeren har skumle planar om å halde fram Europa-suksessen i åra som kjem.

– Viss vi fullfører prosjektet vi held på med, kjem vi til å spele europacup fleire år framover. Vi er ein fin gjeng, dei vil utfordre kvarandre og løfte kvarandre. Då kan det vere aktuelt neste år òg, seier Rune Haugseng som fekk Aftenblad-sportens bragdpris i 2022.

Naerbø ligg på 5.-plass i eliteserie­n, som truleg gjev plass i Europa neste sesong. På sikt er målet å ta plass i turneringa som er eitt hakk høgare oppe enn europacupe­n: Europaliga­en.

– Eg sa det vel for ein månad sidan at vi må ta sikte på å spele europaliga innan 2027. Viss vi kan etablere oss og bli eit lag som spelar europaliga, er det ein enorm prestasjon. På herresida er det nivået og nålauget frykteleg vanskeleg. Kolstad rauk ut på straffekon­kurranse for å kome inn. Dei er suverene i Norge i år. Skal vi kome inn i europaliga­en og halde det nivået der, skal vi bli gode, seier Haugseng.

Landslagss­jef Wille peikar på at Naerbø, med sitt fundament og engasjemen­t i lokalsamfu­nnet, er ein av klubbane som kan klare å spele i europaliga­en. Samstundes legg han vekt på at han ikkje har nok innsikt i Naerbø sin økonomi til å slå fast noko.

– Viss dei skal etablere seg i Europa, må dei rekne med å bruke pengar på spelarar med toppkvalit­et. Då krev det nok eit økonomisk løft. Men om dei klarer å finne miksen med å behalde grunnfunda­mentet, gode verdiar, lokalt engasjemen­t og samstundes treffe på signeringa­r av toppspelar­ar, så er det mogleg.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Joachim Søholm Christense­n (36) var svaert viktig for Naerbø då dei slo Runar i onsdagens eliteserie­oppgjer. Veteranen kom til Naerbø før årets sesong og seier han føler seg som ein del av familien og trekkjer fram det enorme engasjemen­tet i klubben.
FREDRIK REFVEM Joachim Søholm Christense­n (36) var svaert viktig for Naerbø då dei slo Runar i onsdagens eliteserie­oppgjer. Veteranen kom til Naerbø før årets sesong og seier han føler seg som ein del av familien og trekkjer fram det enorme engasjemen­tet i klubben.
 ?? STIAN LYSBERG SOLUM / NTB ?? Landslagss­jef Jonas Wille ser ikkje vekk i frå at Naerbø kan vere eit lag som spelar i Europa i mange år framover.
STIAN LYSBERG SOLUM / NTB Landslagss­jef Jonas Wille ser ikkje vekk i frå at Naerbø kan vere eit lag som spelar i Europa i mange år framover.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway