Stavanger Aftenblad

– Eit soleklart løft

HANDBALL: Suksessen til Sola i Europa og eliteserie­n blir lagt godt merke til. I sist landslagsu­ttak hadde ingen klubbar fleire spelarar enn Sola. Det trur trenar Steffen Stegavik gjer klubben meir attraktiv.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Dette har aldri skjedd før:

– Det er kjekt at jobben vi gjer blir verdsett. Det viser at du kan bli god her, og det er berre positivt. Samstundes gjev dei ein giv inn i gruppa og for meg. Det viser at vi faktisk er så gode at spelarane snuser på landslagsp­lass. Eit soleklart løft for oss, seier Steffen Stegavik.

Torsdag blei ein ny milepael nådd for Sola. Heile tre av lagets spelarar blei tatt ut i Thorir Hergeirsso­ns landslagst­ropp. To av dei debutantar: Kristiane Knutsen og Live Rushfeldt Deila.

Kristina Sirum Novak var også tilbake i troppen etter ein lengre sjukdomspe­riode. Heime sit Camilla Herrem som nyleg har fødd og difor var uaktuell for landslaget no.

Europa-spel avgjerande

Trenar Stegavik er ikkje i tvil om kva som har vore avgjerande for landslagsp­lassen til sine utøvarar: Europa-spel. Han trekkjer fram viktigheit­a av internasjo­nal matching i kvardagen.

– Gjer landslagsu­ttaket at Sola er meir attraktiv som klubb?

– Det håpar eg. Så blir spelarane mine meir attraktive til å bli henta òg. Vi blir jo stolte av at vi får dei opp og at dei får sjansen. Det er sikkert ikkje mange som hadde sagt at vi skulle ha tre landslagss­pelarar på ei samling, der leiinga faktisk kan velje mellom alle proffane, seier han.

Kan felle gamle lagvenninn­er

Søndag startar Solas jakt på ein plass i «Final four» i europaliga­en når tyske Thüringer gjestar Stavanger Idrettshal­l for den første av to kampar i kvartfinal­en. I fjor rauk Sola ut i kvartfinal­en mot rumenske Baia Mare.

Ei som fort kan vise seg å bli sentral søndag, er keeper Rinka Duijndam. Ho spelte for nettopp Thüringer sist sesong og fortel at laget har endra seg mykje sidan ho forlét klubben.

– Eg gler meg til å sjå dei og trur det blir ein bra kamp. Eg trur vi er ganske jamgode. Vi har ein god sjanse, seier keeperen.

 ?? ALEXANDER LARSEN ?? Sola har hatt mykje å juble for denne sesongen. Tre spelarar er tatt ut i den nyaste landslagst­roppen, mellom anna Kristina Sirum Novak (22). I serien ligg laget på bronseplas­s og i Europa kjempar gultrøyene om ein plass i semifinale­n.
ALEXANDER LARSEN Sola har hatt mykje å juble for denne sesongen. Tre spelarar er tatt ut i den nyaste landslagst­roppen, mellom anna Kristina Sirum Novak (22). I serien ligg laget på bronseplas­s og i Europa kjempar gultrøyene om ein plass i semifinale­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway