Stavanger Aftenblad

Bonden må retta ryggen!

BRYNE: Korleis pregar måten me snakkar om bønder og jordbruk det offentlege biletet av bonden? Jorddøgnfe­stivalen på Bryne vil ha fleire bønder inn i debatten.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

– Dei som meiner jordbruket er bakstrever­sk, kan verken matfatet sitt eller utviklinga i jordbruket.

Dette sa Hans Bårdsgård, kornbonde frå Selbu i Trøndelag og kommentato­r i Nationen då Brynes eigne litteratur­festival Jorddøgn inviterte til debatt om den offentlege bonden laurdag. Jorddøgn har spesialise­rt seg på ord og jord. Festivalen koplar litteratur og landbruk.

Biletet av bonden

Kva bilete har me av bonden i 2023? På den eine sida lett romantisk, inspirert av «Farmen» eller «Jakten på kjaerlighe­ten» på TV 2 og enkelte byfolks draum om å driva sitt eige småbruk. På den andre sida inntrykket av eit sutrete subsidiesl­uk, noko sidrumpa og bakstrever­sk som aldri kan få gode nok landbrukso­ppgjer.

– Du ser ikkje bondens rolle når du kjøper ei bolle på 7-Eleven. Men du skal ikkje ta meir enn tre daglege måltid mat frå eit menneske før det vil oppdaga kor viktig bonden faktisk er. Tenk på Ukraina, på kva som skjer når krisen set inn, sa Bårdsgård.

Faerre bønder

Kalde fakta fortel oss at det blir stadig faerre bønder her til lands. Dei siste 50 åra har tre av fire bønder lagt ned drifta. I ei fersk undersøkin­g omtalt i tidsskrift­et Bondevenne­n, seier heile 20 prosent av bøndene i matfylket Rogaland at dei vil leggja ned drifta innan 15 år. Det er snautt 37.000 bønder att i Norge. Dei skal bli faerre.

– Når me blir faerre bønder, blir kvar enkelt bonde desto viktigare som ambassadør­ar og premisslev­erandørar i jordbruksd­ebatten, sa Bårdsgård.

Både Inger Lise Aarrestad Rettedal og Ingve B. Berntsen blei bønder på grunn av kjaerleik. Mens Bårdsgårds slekt har drive garden sin sidan 1732, hamna Aarrestad Rettedal på Utstein Gard på Klosterøy fordi ho gifta seg med ein odelsgut og dei valde landbruket framfor gode jobbar i olje og finans.

Andre verdiar

Berntsen forelska seg i tanken om å jobba med jord og natur. Han driv Fjordfegar­den i Hå, med 100 prosent grasbasert storfeprod­uksjon av Vestlandsk Fjordfe.

– Meininga med livet er å gi livet meining. Eg har gjort mine eigne val i korleis eg driv. Dette er ikkje masseprodu­sert kjøt til dei store kjedene, sa Berntsen.

Også Aarrestad Rettedal meiner livet som bonde handlar om andre, fleire og større verdiar enn dei reint bedriftsøk­onomiske.

– Det ligg ein stor rikdom i å vera bonde. I å dyrka jorda. I å produsera mat. I å jobba i landskap andre vil betala for å få oppleva når dei skal ut og reisa, sa ho.

Stadig kritikk

Samtidig er norske bønder og jordbruk stadig gjenstand for debatt. Somme meiner dei får for store økonomiske overføring­ar – noko dei faerraste bønder vil vera samde i. Men dei kan også få kritikk både frå dyreaktivi­star og klimaaktiv­istar. Eller frå folk med sterke meiningar om matproduks­jon og kosthald.

– Før dyrka alle mat, nå gjer nesten ingen det. Nå kan kven som helst kasta sine eigne fordommar og manglande kunnskapar inn i debatten og bonden kan bli framstilt som veldig mykje rart, meiner Bårdsgård.

– Dei fleste bur i byar og avstanden mellom bonden og byen kan bli for stor. Dei som set premissane for debatten gjer det utan å involvera bøndene. Som når Gunhild Stordalen og Eat diskuterer kva som er smart og berekrafti­g, sa Aarrestad Rettedal.

– Heile debatten til Stordalen og Eat er noko forbanna tull og tøys. Verda har verken råd til eller kan produsera nok mat til å fø alle om ein skulle gjort det på den måten. Det trengst folk i debatten som har peiling og som seier dette høgt i staden for å jatta med, sa Bårdsgård.

Ta ordet!

I god litteratur­festivalst­il bestod debattpane­let av folk som allereie var einige om det meste. Men ikkje minst var dei einige om at bønder og jordbruket må melda seg på og vera aktive i debatten, og slik påverka det offentlege biletet av bonden:

– Folk som produserer mat må retta ryggen og vera stolte. Den norske bonden må ta meir plass enn i dag, samanfatta Bårdsgård.

 ?? JAN ZAHL ?? Bothild Å. Nordslette­n, redaktør i Bondevenne­n, leia debatten med Hans Bårdsgård, Inger Lise Aarrestad Rettedal og Ingve B. Berntsen på Time bibliotek laurdag.
JAN ZAHL Bothild Å. Nordslette­n, redaktør i Bondevenne­n, leia debatten med Hans Bårdsgård, Inger Lise Aarrestad Rettedal og Ingve B. Berntsen på Time bibliotek laurdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway