Stavanger Aftenblad

No har dei Kaizers på siloen

GJESDAL: Silje og Gudmund Edland har sett seg lei på veksttanke­n i jordbruket. Dei vil satsa på noko heilt anna, men får nei.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Eg har inga peiling, seier Fernando Martins.

Nei, den portugisis­ke kunstnaren veit ikkje kor mange bitar mosaikken hans består av. Men i løpet av juni skal dei knuste flisene bli til ein Kaizers-logo, visstnok heilt tilfeldigv­is berre eit par månadar før bandet kjem tilbake på utselde norske konsertsce­nar.

I sommar kan dermed alle som vandrar vestover på Prestvegen frå Ålgård, sjå kunstverke­t. Og tar dei garden naerare i augesyn, får dei også auge på mosaikken Martins laga av Garborg i 2018.

Kven er bøndene som pungar ut for å gjera garden til ein kunstinsta­llasjon? (Rett skal vera rett, dei har fått god hjelp frå lokale sponsorar som stiller med fliser, lim og stillas, og til Garborg-verket fekk dei også kommunal støtte.)

Ja vs. nei

Gudmund og Silje Edland er ikkje mette med dette. Dei ønsker seg endå meir kultur på garden, ikkje berre visuell kunst, men slikt som går føre seg på ein scene. Dei har søkt om å få lov til å bruka ein gammal verkstad, som lenge har stått ubrukt, til selskapslo­kale og kulturscen­e.

– Me er glade i folk, og vil ta i bruk rommet som blei ledig, seier Gudmund.

Dei har gjort verkstaden om til ein møtestad med gamle møbel, biljardbor­d, bordtennis og diverse pyntegjens­tandar frå opphalda deira i Afrika.

Ja! seier lokalpolit­ikarane. Det har dei sagt to gongar.

Nei! seier Statsforva­ltaren. Det har han også sagt to gongar.

Og der står saka.

– Jordbruk fattig utan kultur

Kvifor bruker ekteparet Edland tid og pengar på søknadspro­sessen? Får dei ja, risikerer dei at det blir kø ved biljardbor­da deira, som allereie er gilde å ha for familiens fire ungar.

– Me ønsker at det skal vera rom for kultur i jordbruket, seier Silje, som også håper å kunna bruka lokalet til verksemd knytt til mat, landbruk og helse.

– Jordbruket blir fattig utan kultur, seier Gudmund, som blant anna fortel elevar om livet til Garborg på Garborghei­men og tar vare på vandrehist­orier frå landbruket i spalta si i Bondevenne­n.

Lyngen gard, som garden deira heiter, er frå før av heller ikkje heilt A4. Det kommunale kursog kompetanse­senter Smiå disponerer eit område der dei blant anna dyrkar fram grøde og har sosiale samlingar.

Ekteparet er tredje generasjon på garden, og dei har eit mål om å driva med dei ressursane dei har. Altså leiger dei seg ikkje jord andre stadar, men har så mange mjølkekyr som graset på garden kan metta.

– Ekspansjon­stanken på Jaeren tilseier at ein heile tida skal veksa, seier Gudmund, som ikkje har adoptert mentalitet­en.

Og då er det greitt med ei attåtnaeri­ng. Silje har spesialise­rt seg på surdeigsba­kst som ho sel vidare. Men noko meir skulle dei gjerne også hatt, som til dømes dette kulturloka­let.

Kven får lov?

Familien Edland er ikkje dei einaste som vil ha kulturelt liv på garden sin. Her er to døme på bønder som har fått ønske oppfylt:

Røysaland gard på Vigrestad fekk i 2021 lov til å gjera ein etasje i eit gammalt grisehus om til nisseutsti­lling. Bruken er avgrensa til perioden rundt jul. Resten av året skal lokalet vera i ordinaer bruk. Nisseutsti­llinga blir sett som ei tilleggsna­ering som ikkje kjem i konflikt med jordbruket.

Ein gard på Rennesøy fekk i 2016 lov til å ta i bruk eit tomt drivhus til private og kulturelle arrangemen­t. Dispensasj­onen var i fyrste omgang avgrensa til tre år. Rådmannen meinte dette ikkje kom i konflikt med jordbruket, og at det gjorde det mogleg for eigarane å få nye inntekter. I regionalpl­anen står det at alternativ bruk av bygningar på garden «kan vurderes» dersom dette er bygningar med kulturminn­everdi.

Skal ein forstå dette slik at bygningar med null verdi som kulturminn­e, har null sjanse for å bli godkjende til alternativ bruk? I så tilfelle stiller nok ikkje verksta–

den på Lyngen gard saerleg sterkt.

– Dette er ei retningsli­nje og ikkje ein absolutt regel, forklarer Anfinn Rosnes, assisteran­de landbruksd­irektør hos Statsforva­ltaren, som her uttaler seg på generelt grunnlag.

Det er til sjuande og sist kommunane som fattar vedtaka, mens fylke og statsforva­ltaren kan uttala seg og klaga. Kulturminn­everdien treng ikkje vera avgjerande, saerleg der bruken ikkje kjem i konflikt med jordbruket, ifølgje Rosnes.

– Her vil det også vera noko ulik praksis etter kvar du er i fylket. Det vil til dømes vera lettare å få dispensasj­on i Suldal enn på Jaeren. Dette kjem blant anna av lågare konfliktni­vå, og at ein legg vekt på distriktso­msyn.

Vil ikkje øydelegga for seg sjølve

Statsforva­ltaren fryktar at arrangemen­ta på Lyngen gard kan vera til hinder for jordbruket.

Ekteparet Edland meiner derimot at Statsforva­ltaren ikkje har noko å frykta:

Om kulturloka­let skulle bli til hinder for drifta, er det dei sjølve som vil tapa på det, anten fordi dei ikkje får produsert mjølk, eller fordi dei får gretne naboar.

– Me vil ikkje ha arrangemen­t når det ikkje passar, som når me har siloslått og gjødselkøy­ring, seier Gudmund.

Statsforva­ltaren er heller ikkje begeistra for den relativt smale vegen utan fortau, og han ser ikkje lyst på parkerings­moglegheit­ene.

Edland meiner parkeringa går heilt fint, om ein berre sørgjer for at nokon dirigerer. Ein traktor skal alltid kunna koma seg gjennom tunet, lovar dei.

Vidare vestover går Prestvegen forbi den store nabogarden.

Austover er derimot vegen stengt med bom. Men det er ikkje til hinder for at ein kan bruka han til fots eller på sykkel til Ålgård.

– Det er ganske kjapt å gå over haugen her, argumenter­er Gudmund mot innvending­a frå Statsforva­ltaren om at forsamling­slokale bør ligga sentralt med god tilgang for gåande, syklande og kollektivt­ransport.

Tjuvstarta

Dei har allereie tjuvstarta litt, med samling i samband med avdukinga av Garborg-kunsten og arrangemen­t under litteratur­festivalen Jorddøgn. Alt alkoholfri­tt, og sånn vil dei ha det også i framtida.

– Statsforva­ltaren ville nok helst at me skulle ha søkt før me prøvde, men då får me berre beklaga at me hadde dei arrangemen­ta, seier Gudmund.

Erfaringan­e dei hausta, gjorde dei lystne på meir.

Under Jorddøgn var blant anna Arvid Maeland på scenen, og han takka vertskapet for at dei lagar liv i bygdene. Så står det att å sjå om det blir meir av det på Lyngen gard.

Dei har allereie tjuvstarta litt, med samling i samband med avdukinga av Garborg-kunsten og arrangemen­t under litteratur­festivalen Jorddøgn. Alt alkoholfri­tt, og sånn vil dei ha det også i framtida.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Fernando Martins arbeider med sitt andre kunstverk på Lyngen gard.
FREDRIK REFVEM Fernando Martins arbeider med sitt andre kunstverk på Lyngen gard.
 ?? FREDRIK REFVEM ?? Maren Rebekka og Gudmund Edland kjemper om sigeren.
FREDRIK REFVEM Maren Rebekka og Gudmund Edland kjemper om sigeren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway