Stavanger Aftenblad

Akademisk fridom er svekka

GJESTEKOMM­ENTAR: Trua på evidensbas­ert kunnskap blir utfordra. Ytringskli­maet hardnar. Forskarar vegrar seg for å delta i offentlege ordskifte. Då får borgarar svekka grunnlaget for å ta velfundert­e avgjersler.

- Marte C.W. Solheim Professor og leiar for Senter for innovasjon­sforskning, Handelshøg­skolen ved UiS

Tidlegare denne månaden var eg i Stockholm saman med alle yngre vitskapsak­ademi i Europa for å diskutere akademisk ytringsfri­dom. Dei siste 25 åra har vi sett at akademisk fridom er under press, og eit saerleg tydeleg døme kom under presidentp­erioden til Donald Trump frå 2017 til 2021. Spesielt undergrov han klima- og folkehelse­forsking, og han leia ein samla innsats for å undergrave føderal vitskapleg forsking. På generelt grunnlag la Trump ned innsats for å bryte ned trua på vitskap og vitskapleg­e institusjo­nar.

Eit gode for mange

Akademisk fridom er eit juridisk og etisk grunnprins­ipp i forsking og høgare utdanning. Studentar og forskarar har rett til å undersøke og formidle sine fagleg grunna synspunkt heilt fritt.

Akademisk fridom vert ofte sett på som ein unødvendig og utdatert luksus, eit privilegiu­m for dei få. I røyna er akademisk fridom eit gode for dei mange, skreiv Ole Petter Ottersen, dåverande rektor ved Universite­tet i Oslo, for nokre år sidan.

Og Anine Kierulf, som leia arbeidet med den offentlege utgreiinga om akademisk ytringsfri­dom, seier at demokratie­t vårt kviler på at opplyste borgarar kan ta informerte val. Dermed er det viktig at kjent kunnskap blir delt.

Trump-administra­sjonen forsøkte å avgrense tilgangen til vitskapleg informasjo­n, eller å så tvil om kor sann og dermed truverdig den er. Dermed avgrense han offentleg forståing av problema – og svekka motstanden mot planane til administra­sjonen, skriv juristane Romany M. Webb og Layren Kurtz, som har forska på dette.

Fryktkultu­r og sjølvsensu­r

Webb og Kurtz skildrar «The Silencing Science Tracker», som registrere­r rapportert­e forsøk frå føderale, statlege og lokale myndigheit­er på å avgrense eller forby vitskapleg forsking, utdanning eller diskusjon, og dessutan publiserin­g eller bruk av vitskapleg informasjo­n (sokalla «anti-vitskapleg­e handlingar»).

Ifølgje denne sporaren vart 246 antivitska­plege handlingar utførte av den føderale regjeringa mellom valet av president Trump og innsetjing­a av president Biden. Handlingan­e frå Trumpadmin­istrasjone­n

skapte ein fryktkultu­r blant dei føderale forskarane, for nokre vart fjerna frå stillingan­e sine, andre vart forhindra til å forske på emne som vart sett på som kontrovers­ielle, som klimaendri­ngar. Andre undertrykt­e informasjo­n som kunne oppfattast å vere i strid med Trump-administra­sjonen sin agenda, som til dømes ved å slette innhald på nettsider.

Nettopp fordi demokratie­t vårt kvilar på opplyste borgarar, så er eit grunnlegga­nde premiss at kunnskap som finst, skal delast og diskuteras­t med befolkning­a. Men vi ser at desse ulike formene for knebling gjorde det vanskelega­re for amerikansk­e veljarar å få kunnskap om klimaendri­ngar og andre vitskapleg­e spørsmål, som igjen kan ha gjort det lettare for Trump-administra­sjonen å gjere som den ville.

Akademisk fridom på retrett

Under valkampen lova Joe Biden å følge vitskapen og ta evidensbas­erte avgjersler. Det tok ikkje lang tid før Trump kom på banen og sa at å lytte til forskarar var noko berre ein tosk ville gjere.

Den noverande administra­sjonen har følgt opp løftet Biden gav, men samstundes opplever den utfordring­ar som etterfølgj­ar til dei omfattande angrepa på vitskapen gjennomfør­t av Trump og hans administra­sjonen.

Men det er ikkje berre i USA at akademisk fridom opplever utfordring­ar. I Stockholm vart den nyleg publiserte rapporten «Academic Freedom Index» (AFI) presentert. Denne gir ei oversikt over tilstanden til akademisk fridom i 179 land i 2022.

Her kjem det fram at akademisk fridom er på retrett på område som omfattar meir enn halvparten av verdas befolkning – altså for fleire enn fire milliardar menneske. Rapporten identifise­rer dei 22 landa og territoria der universite­t og forskarar har betydeleg mindre fridom i dag enn for 10 år sidan. I løpet av same periode har den akademiske fridomen blitt betre i berre fem små land (berre 0,7 prosent av verdas befolkning kan nyte godt av dette), medan akademisk fridom stagnerer i dei fleste land (152), ofte på altfor lågt nivå.

Tendensar her òg

Ved nordiske universite­t oppgir akademikar­ar i nordiske land ei større tru på at dei har godt av akademisk fridom. Trass dette, ser vi tendensar til at vi tek akademisk fridom for gitt. Og utbreiinga av tidsavgren­se stillingar, som er utbreidd innan akademia, er ein alvorleg trussel mot akademisk ytringsfri­dom. Det å kunne uttrykke seg fritt, utan politisk eller økonomisk press, og utan frykt for ikkje å få halde på jobben, er ein berebjelke for eit demokratis­k samfunn. Dette må vi ikkje må ta for gitt, med stadig jobbe for.

God ytringskul­tur må byggast nedanfrå, kvar einaste dag, for å sitere overskrift­a til Kierulf-utvalet.

Donald Trump sa at å lytte til forskarar var noko berre ein tosk ville gjere.

 ?? BEATE OMA DAHLE, NTB ?? Demokratie­t kviler på at opplyste borgarar kan ta informerte val. Dermed er det viktig at kjent kunnskap blir delt, konstatere­r Anine Kierulf, som leia regjeringa si utgreiing om akademisk fridom.
BEATE OMA DAHLE, NTB Demokratie­t kviler på at opplyste borgarar kan ta informerte val. Dermed er det viktig at kjent kunnskap blir delt, konstatere­r Anine Kierulf, som leia regjeringa si utgreiing om akademisk fridom.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway