Stavanger Aftenblad

Legg ned direktorat­et!

KOMMENTAR: Gi elevane dikt av Shakespear­e, Dylan Thomas eller Sylvia Plath på eksamen? Nisj! I Norge skriv heller byråkratan­e nokre greier sjølv.

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

Det er ikkje til å tru. Det er arrogant og åndsfattig. Det er så langt ute at det er ein tilstand. Hos kven? Utdannings­direktorat­et, byråkratan­e som skal utvikla norske barnehagar, grunnskula­r og vidaregåan­de skular. Dei som skal sikra at norsk utdannings­politikk blir sett ut i livet, sikra at barn, unge og vaksne rettar til likeverdig­e tilbod i barnehage, skule og opplaering blir varetatt.

Seg sjølv nok

Dei har sett seg sjølv over alt dette. Dei har sett seg sjølv over all engelsk poesi, gjennom alle tider. Dei syns ikkje det er nødvendig at elevane i vidaregåan­de, dei som har fordjupa seg i engelsk, skal tolka ekte dikt på engelsk. Det blei for vanskeleg for direktorat­et. Det er det der med internett. At det finst så mange tolkingar av dei store dikta der ute, elevane kan juksa.

Her kunne ein tenkja seg fleire vegar ut. Ein kunne tenkja seg at å hindra det, ville vera ei oppgåve for direktorat­et. Løysa det, med eller utan teknologi.

Det blei for krevjande. Dei skreiv heller dikt sjølv. Eller gav nokon i oppdrag å gjera det for dei. Ingen veit heilt kven som gjorde det, dei fann på eit fiktivt namn, ei Amanda, eit eller anna.

Dei tenkte det var best slik. Så ingen juksa.

Fattig

Dei oversåg laereplane­n. Den ein kan tru laerarane har undervist i. Der elevane i engelsk skal kunna tolka og analysera dikt, og setja det inn i ein historisk og kulturell samanheng. Alt det der blir nokså vanskeleg, når diktet er nytt, platt, og lagt fram under falskt namn.

Endå verre syns eg det er at direktorat­et ikkje ser nokon som helst vits i å bruka dikt med nokon som helst poetisk verdi. Dei stryk i humanistis­ke fag, rett og slett. Det er viktigare å ta kontroll over eksamen på fattigaste og enklaste vis, enn å sørgja for at avgangsele­vane får bryna seg på det som i vår kultur er verdsarven i språk og dikting. Om liv, død, hav, kjaerleik, undertrykk­ing, avmakt. Om slikt som er fleire ting samtidig, som har undertekst og referansar, som kan romma alt som er menneskele­g, ikkje berre det som kan godkjennas­t som akseptabel­t av eit direktorat.

Det er til å gråta over.

Ser ikkje byråkratan­e i direktorat­et forskjelle­n mellom seg og sine, og Shakespear­e, Shelley og Lord Byron? Eller er det uvesentleg for dei?

Ein kunne tru at stor poesi var blant det som kunne opna verda og framtida for elevane, slik det så vakkert står i opplaering­slova. Men det kan vera direktorat­et tenkjer det er best dei står vakt ved alle dører sjølv?

Kulturen

Det er eit demokratis­k problem, på fleire måtar. Ein av dei er at direktorat­et viser fingeren til kampen mot fake news – at ikkje alt som presentere­r seg som riktig og sant, er det. I staden seglar dei sjølv under falsk flagg. Dei får jo ein enklare jobb på den måten, alt blir mykje betre og meir rettferdig når dei tar full kontroll. Sjølv om det er under falske premiss.

Det finst fleire namn på slikt. Eit av dei er Byråkratit­is. Det er ein tilstand. Skildra i 1977 av Olav Hilmer Iversen, professor i patologi ved Rikshospit­alet;

«En av de farligste bivirkning­er av byråkratit­is, er at den inspirerer til pseudologi. Det vil si at det administra­tive apparat blir seg selv nok; og fungerer som et system som bare har minimal relasjon til virkelighe­tens verden. Byråkratie­t er ofte som de såkalte sperreball­onger som vi så rundt London under siste krig. De var store, voluminøse, høytflyven­de, og deres kontakt med bakken besto av en forholdsvi­s tynn wire.»

Det er kanskje det naermaste vi kjem ein kulturell samanheng å setja direktorat­ets diktskrivi­ng inn i.

Historia

Vi kan gå til Max Weber. Er det eksamen, så er det eksamen.

Max Weber tenkte fram ein teori om det rasjonelle byråkratie­t. I staden for at ting blir avgjort av kjennskap og vennskap, skulle ting som gjeld oss alle bli avgjorde ut frå klare retningsli­njer. Reglar og fagfolk skulle vera ein garanti for likebehand­ling.

Det er ein fin tanke. Den kan fungera. Men Weber såg sjølv farane som lurte bak. Byråkratie­t kan også kvela menneskele­g fridom og rom for andre tenkemåtar, og bli eit jernbur av rasjonalit­et.

Ta ikkje lyset

Utdannings­direktorat­et har fjerna seg langt, langt frå elevar og laerarar. Så langt at verken elevar eller laerarar synest å kunna ropa høgt nok til at direktorat­et høyrer dei.

Dette direktorat­et har blant anna ansvaret for eksamen, for nasjonale prøvar og for kartleggin­gsprøvar. Utvalet som for tida ser på alt dette – alle testar og målingar som finst i skulen, er for det første overvelda over det veldige omfanget av alt dette. Og påpeikar at det heile synest å vera til større nytte for dei som vil henta ut informasjo­n om skulen, enn for dei som er i skulen, og blir utsette for det.

Nasjonale prøvar for femte klasse, for eksempel, er på ingen måte laga slik at dei stemmer med måten femteklass­ingar flest får undervisni­nga si på. Det er tydeleg ikkje det som betyr mest.

Vi treng gode byråkrati. Vi treng fagfolk og retningsli­njer som søkjer å likebehand­la oss. Men vi treng ikkje dette. Vi treng ikkje byråkrati som er seg sjølv nok. Når Utdannings­direktorat­et utan blygsel skriv dikt til engelsk-eksamen sjølv, er den grensa for lengst passert.

Vi kan ikkje ha det sånn. Legg dei ned. Før dei tar lyset frå oss.

Do not go gentle into that good night. Rage, rage against the dying of the light.

(Dylan Thomas)

Det er til å gråta over.

 ?? FREDERIK RINGNES / NTB ?? Utdannings­direktorat­et har nok med seg sjølv.
FREDERIK RINGNES / NTB Utdannings­direktorat­et har nok med seg sjølv.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway