Stavanger Aftenblad

Koloniseri­ngas nye fornektara­r

- Magne Drangeid Litteratur­vitar, Stavanger

URFOLK: Kvifor kvalifiser­er ikkje samane som kolonisert­e og som urfolk? Er dei for moderne, eller ikkje eksotiske nok?

Journalist i vekeavisa Dag og Tid, Morten A. Strøksnes, slår sprekkar i standardfo­rteljinga om norsk samepoliti­kk. Slik heiter det i ein kommentar i Stavanger Aftenblad, måndag 15. mai. Statsvitar og dr.polit. Svein Erik Tuastad hyllar her tre essays av Strøksnes om det norske og samiske, som ein kraftprest­asjon.

Men Strøksnes ser dessverre bort frå det vesentlega­ste, nemleg den samla kulturelle, språklege og mentale koloniseri­nga. Strøksnes skriv sjølv i eit kort etterskrif­t: «Nokon vil kanskje synast det er rart at dette essayet held seg unna fornorskin­gsprosesse­n av samane.» Ja, det er rart, og det er ugreitt. For det Strøksnes ser bort frå, handlar om det han avviser.

Må alle urfolk vera «primitive»?

Bortsett få å vera vedheng ved dansk slavehande­l, har ikkje Norge nokon stor kolonial fortid å skjemmast over. Handsaming­a av det samiske er eitt av unntaka, der resultatet er at det samiske folket har tapt mykje med omsyn til identitet, språk og kultur, ikkje minst grunna skulen som statleg makt. Mange har også på ulike måtar blitt «omklassifi­serte» frå same til norsk, og enno i dag er det mange som veks opp utan kunnskap om samisk opphav. Når somme kan oversjå dette, har det mellom anna å gjera med at koloniseri­ng ofte er langsam og naerast usynleg. Dramatisk makt og valdsutøvi­ng er sjeldnare enn det som er blitt kalla «langsam vald», og som ofte råkar menneske og natur samstundes, litt etter litt, men gjerne tildekt eller bortforkla­rt. Slik me nå ser gjennom kolonisera­nde vald mot natur (og kultur) – nå med støtte i «grøne» argument.

Som litteratur­granskar er mi interesse i saka elles ikkje så mykje Strøksnes sitt syn på det samiske, men Strøksnes som reisebokfo­rfattar. I si førre bok, «Havboka» (2015) er Strøksnes oppteken av naerast ukjend «primitiv» natur – den mystiske Håkjerring­a som han og venen prøver å fanga av uklare grunnar. I si siste bok, «Lumholtz’ gjenferd» (2022) er det derimot «primitive» menneske (urfolk) som interesser­er – det vil seia berre dei som lever i fjerne deler av verda. Strøksnes reiser i fotefara til Carl Lumholtz (1851-1922), til Australia, Mexico og Borneo.

Lumholtz har som livsoppgåv­e, som tenar av samtidas raseteoria­r, å rana dei innfødde («kannibalan­e») for kulturskat­tar og hovudskall­ar. Han blir likevel langt på veg ein slags helt for Strøksnes, som på liknande vis sjølv søkjer seg mot urfolka – og gjerne der han kan oppleva rus som del av gammal, forsvinnan­de kult. Urfolkas framtid interesser­er mindre.

Er dei for krevjande?

Som Lumholtz’ gjenferd, trer Strøksnes med dette fram som ein moderne primitivis­t, det er min hypotese. Det vil seia som ein dyrkar av «autentiske» innfødde kulturar som er blitt borte eller er i ferd med å forsvinna. Men kvifor kvalifiser­er ikkje det samiske folket – som finnmarkin­gen Strøksnes har vakse opp blant – som kolonisert­e og som urfolk? Kanskje fordi dei ikkje er eksotiske nok, fordi dei er for moderne, for like vanlege folk, eller fordi dei i motsetnad til dei

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway