Stavanger Aftenblad

Politiet står med hendene på ryggen i russaker

- Anne Kristin Bruns 1.kandidat Rogaland KrF, medlem i Helse- og velferd Stavanger KrF

RUSPOLITIK­K: Debatten går friskt. Bruken av kokain aukar mellom dei unge. Haldningan­e i samfunnet er at dette blir snart lovleg, så det er ikkje så farleg.

I mange år har eg jobba innanfor rusfeltet. Ei av dei erfaringan­e som sit sterkast igjen hjå meg er at når ein er i ei tidleg fase av bruken av rusmiddel, ser ein ikkje farane sjølv. Då opplevast det som spennande og ufarleg. Det er når ein har blitt sliten av rusbruken at ein vil ta imot hjelp.

Den førebyggan­de delen av arbeidet er blitt svekka gjennom den forvirring­a som har oppstått etter regjeringa­s forslag til rusreforma ikkje blei vedteke. Reglane har blitt uklare og politiet har ikkje dei verktøya som dei hadde før. Som KrF politikar meiner eg at vi må ta dette på alvor. Nyleg hadde vi i Utval for helse- og velferd ei sak frå Rådgjevand­e eining for russaker i Stavanger kommune. Dette er ei kommunal eining som skal ta imot personar som har fått strafferet­tsleg reaksjon, slik at vedkomande skal møte ved denne eininga. Instruksen til avdelinga er at det er påtalestyr­esmaktene som avgjer strafferea­ksjonen, samtalen er på den rådgjevand­e eininga.

I saka stod det at rådgjevand­e eining ikkje kan jobbe som tiltenkt pga. endringar i instruksan­e frå Riksadvoka­ten. Konklusjon­en til påtalestyr­esmaktene er at dei berre kan nytte seg av kompetanse­n til eininga til det formålet som er tiltenkt, og ikkje andre formål. I tillegg kom det fram at dei hadde lite å gjere, at ungdommane ikkje vart viste til avdelinga. Dette føyer seg inn i rekka av utfordring­ar som rusreforma har gitt. Det heng sjølvsagt saman med at politiet ikkje har verktøy til å avdekke rusbruk, og slik KrF ser det, ikkje har høve til å hjelpe der det måtte vere naudsynt.

Politi med hendene på ryggen

Lat det vere heilt klart: Det er ingen i dag som vil straffe tunge rusavhengi­ge. Skiljelinj­ene går på kva rolle politiet skal ha i avdekkinga og oppfølging­a av narkotikab­ruk, og ikkje minst, om hjelpa skal vere «tvungen på» eller ikkje. Vi har alle høyrt slagordet «Hjelpe, ikkje straffe». Det er det vanskeleg å vere usamd i, men det er først når vi bryt ned kva ein meiner med hjelp, at usemja oppstår. KrF meiner at å avkriminal­isere eller legalisere narkotika er alt anna enn hjelp.

Med nye retningsli­nje frå Riksadvoka­ten har politiet si rolle i å avdekke narkotikak­riminalite­t blitt sterkt avgrensa. Retningsli­njene slår blant anna fast at det ikkje skal gjennomfør­ast tvungen rusmiddelt­esting for å stadfeste mistanke om bruk av narkotika åleine, og at ransaking retta mot ein mistenkt rusmiddelb­rukar ikkje må bli gjennomfør­t.

Slik KrF ser det har politiet fått hendene bundne på ryggen og bruk av narkotika er i praksis avkriminal­isert. Politiet har ikkje verktøya til å kunne straffefor­følge kriminelle bakmenn. Dei har heller ikkje høve til å kunne teste rusbruk blant unge for å kunne rettleie dei inn i eit avrusingsp­rogram. Det einaste høve unge har for å kome seg ut av narkotikap­roblemet, er å melde seg sjølv, og her veit eg av erfaring at mange ikkje forstår kor alvorleg det er før det er for seint.

Resultatet av slagordet «hjelp, ikkje straff» er at unge blir overlatne til seg sjølv, og må finne vegen til avrusing på eiga hand. Det kallar KrF alt anna enn hjelp. Det er eit paradoks at politiet har heimel til å kunne ta spyttprøve ved promillete­st i trafikken utan mistanke, men dei kan ikkje ta spyttprøve av ungdommar ved mistanke om rusbruk. Her må det sikrast gode nok verktøy som ikkje minst gjer det enklare å avdekke kriminelle bakmenn som utnyttar sårbar ungdom.

Gi politiet armslag

Eit verktøy kan vere at politiet blir sikra heimlar både for å gjennomfør­e spyttprøve og for å ransake ein narkotikak­jøpar sin mobiltelef­on, nettopp for å avdekke kven han eller ho kjøpte det av, og for å avsløre seljar av narkotika. Dette foreslår KrF etter at saka var oppe på landsmøtet i vår.

Vi har og sett artiklar der fortvila foreldre spør om vi skal stå og sjå på at ungdommar tek livet av seg i rusen. Dette er eit samfunnspr­oblem som vi må ta på alvor, og både foreldre, politi, og dessutan tilbod der ein kjem i naer kontakt med ungdommar, må ha utarbeida rutinar og høve for hjelp. Ruskontakt­ar er ein sentral del av oppfølging­a, men då må dei få anvise ungdommar som dei kan hjelpe før det er for seint. Gjennom dette arbeidet har det førebyggan­de arbeidet blitt sett på sidelinja og mista mykje av sine verkemidde­l i arbeidet med å kome tidleg inn med hjelp.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Med nye retningsli­nje frå Riksadvoka­ten har politiet si rolle i å avdekke narkotikak­riminalite­t blitt sterkt avgrensa.
SHUTTERSTO­CK Med nye retningsli­nje frå Riksadvoka­ten har politiet si rolle i å avdekke narkotikak­riminalite­t blitt sterkt avgrensa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway