Stavanger Aftenblad

Dei vakre har det fint

GJESTEKOMM­ENTAR: Eit klasseskil­je me ikkje snakkar så mykje om, er det som går mellom dei vakre og oss andre. Kor langt kan eit fint ytre få eit menneske?

- Heidi Hjorteland Wigestrand Frilansjou­rnalist

Venleik tiltaler oss, det er difor hundungar og babyar er søte. Auga våre blir sugde mot dei vakraste kvinnene og mennene i rommet. Det skjønne har til alle tider både fascinert oss og gjort oss misunneleg­e. Som det meste her i verda er også venleiken ulikt fordelt. Naturen er brutal og gjerrig, for dei er ikkje så mange dei vakraste.

Kven har ikkje gått på sida av ei vakker venninne eller ein kjekk kompis og kjent seg som ei grå mus? Og tenk på all ulmande misunning i søskenflok­ken der eit barn er slåande vakkert, mens dei andre er heilt alminneleg­e.

Vakre kan vera gledesdrep­arar for dei som ikkje er det, og ein døropnar for dei som er det.

Avvaepnand­e vakker

Forsking viser at å vera vakker kan gi menneske fordelar på omtrent alle område i livet. Og det startar frå den vakre er fødd. Forskarar frå Canada blei overraska då dei fann ut at foreldre passar best på det vakraste barnet sitt. Dei mindre vakre barna i ein flokk fekk nemleg fleire skadar enn det mest bedårande. Og slik held det fram, slektas, venners, barnehagef­olkas og skulefolka­s blikk kjaeler ekstra for dei yndige og vakre vesena.

Vakkerskal­aen brukar me heile tida. Me rangerer folk etter den, medvite og umedvite. Me reagerer instinktiv­t med undring om ein vakker mann eller kvinne har make med kvardagsfj­es, og tykkjer gjerne likninga går betre opp når paret spelar i same liga i så måte. For venleik er matte og symmetri. Ideala har endra seg over tid, men desse kjenneteik­na er nokså universell­e: Plettfri hud, eit symmetrisk ansikt, ein symmetrisk kropp som ser ung ut.

Dei vakre kvinnene får dei flottaste, mektigaste og rikaste kjaerastan­e. Vakre menneske blir også føretrekte i jobbinterv­ju, og dei endar ofte opp med høgare lønn enn folk med kvardagsfj­es. Dersom to kandidatar står heilt likt, med tanke på kvalifikas­jonar og erfaring, er det den med det finaste fjeset og kroppen som får jobben.

Fordi?

Naturen diggar det vakre. Menneske er på dette området primitive biologiske skapningar som djupast sett vil ha sex med desse vakre menneske og skaffa seg sunt og friskt avkom. Vakkert er synonymt med fruktbart og sunt. Og som ikkje det er nok, vakre blir ofte rekna for å vera både snillare og smartare enn andre. Noko som naturlegvi­s slett ikkje alltid stemmer, men venleik svekkjer dømekrafta vår.

Krafta i eit vakkert ytre har truleg aldri vore sterkare enn no, når det finst så mange flater å spegla seg i, så mange arenaer der ein kan få andre sine beundrande blikk.

Flau over å vera fin

Men for somme er venleiken som ein skrangland­e kasserolle ein sleper rundt foten. For utsjånaden, anten han blir rekna for vakker, middelmåti­g eller lite tiltalande, er med deg kor enn du går og kan setja opp ein usynleg vegg mellom deg og dei andre.

For filmstjern­er og popstjerne­r er det vanlegvis ein stor fordel å vera vakker. Men er det ein fordel å vera vakker for politikara­r?

Øystein Stene i Aftenposte­n undrar seg over om at Rødts Bjørnar Moxnes medvitne val om å ikkje spela på utsjånad, er ein av grunnane til at partiet er blitt stovereint. Moxnes har i mange år gått under kallenamne­t «Foxy Moxy». Då han blei spurt av Aftenposte­n om han hadde hatt fordeler av å vera vakker, takka han straks nei, og sa han berre snakka om politikk. Heller ikkje Jens Stoltenber­g eller Inga Marte Thorkildse­n ville snakka om det å vera vakker.

Dette er luksus-tabu. Det er som med dei styrtrike. Dei snakkar sjeldan om rikdom. Venleik er òg ein rikdom, som blir behandle med diskresjon av dei som har han. Det er me som står utanfor flokken av rike og vakre, som krafsar.

I USA blei det i 2008 gjort forsking som tyder på at det å ha eit fint ansikt sankar stemmer, spesielt for kvinner. Den republikan­ske visepresid­entkandida­ten Sarah Palin frå Alaska blei trekt fram som eit døme på det.

Bør politikara­r vera vakre?

Men slår denne effekten inn i Norge?

Stavangers ordførar Kari Nordtun Nessa må vel definerast som vakker, sjølv om eit googlesøk på namnet hennar saman med dette adjektivet ikkje gir eit einaste treff. For utsjånad er sjeldan del av den offentlege samtalen, sjølv om det moderne samfunnet er svaert opptekne av dette.

Men kunne Kari spart seg stuntet med gratis kollektivt­ransport og berre stolt på utsjånad? Så enkelt er det ikkje, ifølge valforskar Svein Erik Tuastad.

Truleg betyr utsjånad lite for politisk popularite­t. Fine smil vinn ikkje val, svarer han. Studiar viser at for dei fleste trumfar politikk alltid personar. Partia tenker ikkje på kven som er fotogene når dei vel toppkandid­atar, ifølge Tuastad. Det er ingen krav om å vera biletskjøn­n, samstundes må heller ikkje kandidatan­e skilje seg ut negativt ved å vera uflidde. Heller ikkje ein politikar sitt folketekke er nok til å trekkja veljarar, påpeiker han og viser til Hanna Kvanmo, som alle likte, men «ingen» stemde på.

For vakker til å bli sjef

Men så er det ikkje berre ein fordel å vera vakker, for det er ikkje alltid innmaten passar til merksemda eit vakkert ytre fører med seg. Ein usikker 15-åring har kanskje ikkje godt av å få eit tilbod om fotoshoot i Italia mens ho går på gata?

Vakre kan også få mindre helsehjelp fordi dei ser så flotte ut at legen ikkje mistenker at dei feilar noko. Å vera svaert vakker kan gjera folk einsame fordi vanlege folk er litt redde dei, eller føler seg mindreverd­ige saman med dei, slik at dei held seg unna. Og kvinner kan vera for vakre til å bli sjefar.

Og så har dei vakre meir å tapa når alderdomme­n kjem enn me som kan bli gamle på ein meir avslappa måte.

Trøysta er òg at det finst ein joker i spelet som heiter indre utstråling. For det nyttar ikkje å sjå ut som ein gresk gud eller gudinne om du har karisma som ein tømmerstok­k.

Det nyttar ikkje å sjå ut som ein gresk gud eller gudinne om du har karisma som ein tømmerstok­k.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Vakker er ikkje det verste du kan vera. Gjeld det også politikara­r?
SHUTTERSTO­CK Vakker er ikkje det verste du kan vera. Gjeld det også politikara­r?
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway