Stavanger Aftenblad

Filosofisk familiedra­ma

TEATER: «Tåkefall» tar opp store spørsmål om familie, liv og frie val. Men det blir mest snakk.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Tåkefall

Rogaland Teater, Intimscene­n. Av: Noah Haidle. Regi: Kjersti Haugen. Dramaturg: Carl Jørn Johansen. Med: Marianne Holter, Even Stormoen, Helga Guren, Øystein Martinsen og Anders Dale. Scenograf: Katrin Bombe. Komponist: John Derek Bishop. Maskør: Ingrid Figved. Lengde: 2 timar og 15 minutt, inkl. pause.

Eg har, i alle fall i prinsippet, sans for dramatikar­ar som tenkjer stort og fritt når dei skriv. Noah Haidles «Tåkefall» hadde urpremiere i California i 2013 og er eit slags familiedra­ma som spenner over fire generasjon­ar. Men med ein del ganske fikse tidshopp fram og tilbake i tid og enkelte magisk-realistisk­e element som bryt med den tradisjone­lle familiesag­aens strenge realisme. Me skal til dømes ein tur innom ei livmor der eit par filosofisk­e tvillingar enno ikkje er fødde. Eg kjem tilbake til det.

Publikum sit på tre stolrader i kvar ende av Intimscene­n på Rogaland Teater, mens ein opphøgd sirkel tronar midt i rommet. Sirkelen skal visa seg både å vera eit slags landskap, eit hus, ei livmor og ein hage.

Tre av dei fem skodespela­rane spelar fleire karakterar. Even Stormoen skal til dømes både vera alzheimers­vekka oberst og obersten i yngre år, og dessutan sitt eige barnebarn som gammal. Anders Dale skal både vera ein slags forteljar av fotnotar, eit ufødd barn og barnet til barnet som blir fødd. Dette høyrest jo forvirrand­e ut, men er fikst og friskt både skrive av Haidle og løyst av regissør Kjersti Haugen på scenen, i ei elegant herjing med tid.

Men hovudtemae­t i stykket er altså familie, kjaerleik, eigne val – alt dette komplisert­e som utgjer livet for dei fleste av oss. Kort sagt: Korleis skal me få det til?

Her ligg potensielt mykje interessan­t materiale. Men sjølv om tematikken er der, syns eg ikkje stykket er like intellektu­elt eller filosofisk interessan­t som det foregir å vera. Så skal det jo noko til å seia noko genuint nytt eller tankevekka­nde om ... eh ... livet.

Ei anna utfordring er at det blir meir snakk enn spel. Karakteran­e fortel ei rekke historier frå familiens liv, men dei faerraste av historiene blir spelt ut. Dermed blir det til at me høyrer meir om den dysfunksjo­nelle familien enn me ser det med eigne augo. Eg liker best scenene som blir spelt ut.

Stemninga i stykket er i store delar lett melankolsk, tilbakebli­kk og frampeik om liv og død, framført i ein sober, realistisk spelestil. Unntaket er Helga Gurens nesten ordlause karakter Beauty, som spelar meir fysisk. Det blir tidvis litt for teatralsk for min smak, men poetisk og vakkert i siste scene.

Til gjengjeld stig både energien og humøret betraktele­g i sekvensen der me møter dei to tvillingfo­stera, spelt av Anders Dale og Øystein Martinsen, i moras livmor. Dei to tvillingan­e har gjennom heile svangerska­pet diskutert filosofisk­e spørsmål – i tillegg til å bitast og slåst. Her er både teksten, timinga og samspelet knallbra.

Den eine tvillingen, Samuel, er oppteken av syndefalle­t. Som strengt tatt handlar om at mennesket får fridom til å ta sine eigne val i livet. Etter at Eva har smakt på eit eple frå kunnskapen­s tre. Eit epletre er også sentralt i «Tåkefall». Er det kunnskapen­s tre? Represente­rer det slektstree­t? Og kor langt frå stammen kan eplet rulla – med sin frie vilje?

 ?? JARLE AASLAND ?? To filosofera­nde foster i ferd med å bli fødde, i Anders Dale og Øystein Martinsens kroppar.
JARLE AASLAND To filosofera­nde foster i ferd med å bli fødde, i Anders Dale og Øystein Martinsens kroppar.
 ?? JARLE AASLAND ?? Den gamle obersten (Even Stormoen) er i ferd med å mista grepet om tida. Beauty (Helga Guren) har slutta å snakka. Faren er borte.
JARLE AASLAND Den gamle obersten (Even Stormoen) er i ferd med å mista grepet om tida. Beauty (Helga Guren) har slutta å snakka. Faren er borte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway