Stavanger Aftenblad

Trim for den kvite rasen

GJESTEKOMM­ENTAR: Ein ny generasjon høgreekstr­emistar etablerer grupper med fokus på hypermasku­linitet og kampsport. Dei dukkar opp Europa over.

- Øyvind Strømmen Forfattar og journalist

I november var eg i Polen for å observera markeringa av den polske sjølvstend­edagen i Warszawa. I årevis har ultranasjo­nalistiske gruppering­ar stått bak ein marsj gjennom byen, ein marsj som samstundes har fungert som ein slags møtestad mellom høgreradik­alisme og høgreekstr­emisme, mellom folkeleg patriotism­e, ein tilsynelat­ande stoverein nasjonalko­nservatism­e og grupper langt til høgre for folkeskikk­en.

Det fekk eg også sjølv oppleva. I eitt hav av raudt og kvitt – dei polske fargane – fekk eg mellom anna auge på eit symbol som er ganske uløyseleg knytt til nynazisme: ein keltisk kross på svart bakgrunn. Eg såg ein mann som hadde pynta jakka med den grøne teikneseri­efrosken Pepe, eit symbol omfamna av det såkalla alt-right, og eg fekk auge på flagga til fleire ytre høgre-grupper.

På veg til lunsj dagen etter kom eg over nokre klistremer­ke på ein lyktestolp­e, på sitt vis vel så interessan­te. Eitt av dei var reklame for ein dansk avleggjar av den såkalla identitaer­e rørsla. Eitt anna var for ein tilsvarand­e avleggjar av eit høgreekstr­emt kampsportn­ettverk.

Dei sistnemnde hadde vore represente­rt i marsjen, fann eg snart ut, då eg fann videobilet­e som synte demonstras­jonens mest beinharde segment, gjengen som også hadde sunge om å slå til venstresid­eaktivista­r med balltre. «Forsvar det kvite Europa!» stod på eit banner, utstyrt med ein logo som når ein ser etter viser seg å vera ei stilisert utgåve av talet 14. Det ein referanse til den amerikansk­e høgreekstr­emisten og terroriste­n David Lane sitt mantra: «We must secure the existence of our people and a future for white children» (vi må sikre eksistense­n til folket vårt og framtida til våre kvite barn).

På eit anna banner stod det berre «Active Clubs», namnet til det nemnde kampsportn­ettverket. Det er eit nettverk det bør setjast eit kritisk søkjelys på.

Den nynazistis­ke Jason Bourne

For å betre forstå kva det er for noko, må me fyrst sjå nokre år bakover i tid. I 2017 grunnla den amerikansk­e nynazisten Robert Rundo ein organisasj­on han kalla Rise Above Movement (RAM). Dei såg på seg sjølv som ei motvekt til «tastaturkr­igarane», og hevda å ville skapa ein «konservati­v motkultur» som motgift mot det «fullstendi­g degenerert­e» moderne Amerika, mot «venstresid­eideologie­n som forgiftar ungdomen». I røynda var det sjølvsagt lite konservati­vt ved dette; RAM var ei gjennomfør­t høgreekstr­em gruppe. I 2019 vart medlemer av organisasj­onen også dømde for valdsbruk under den berykta Unite the Right-demonstras­jonen i Charlottes­ville.

Rundo sjølv hamna også i juridisk trøbbel, etter å ha blitt skulda for å ha hissa opp til vald i samband med ein demonstras­jon til støtte for Trump.

Dei siste åra har han difor vore mykje i Europa, delvis på flukt frå amerikansk­e myndigheit­er. Samstundes med det han sjølv har omtalt som ei «Jason Bourneerfa­ring» har han vore ein frontfigur i oppbygging­a av Active Clubs, som kan sjåast på som ein slags arvtakar etter RAM.

Kvit makt 3.0

Rundo – som våren 2023 vart arrestert i Romania og i fjor haust utlevert til USA – framstille­r kampsportn­ettverket som del av det han kallar kvit makt 3.0 (der 1.0 var den rasistiske skinhead-rørsla og 2.0 var alt-right). Målet er å verta meir etande for ei breiare offentlegh­eit.

Når det gjeld Active Clubs, er målet i betydeleg grad å nå unge, kvite menn som på ein eller annan måte opplever å ha falle utanfor. Eller, som ekstremism­eforskaren Alexander Ritzmann seier det i eit nyleg intervju med det nederlands­ke tidsskrift­et De Groene Amsterdamm­er: «Dei rettar seg inn mot sårbare menn med skjør maskulinit­et og ein tendens til valdsbruk.»

Det vert gjort gjennom å tilby ein miks av fysisk aktivitet, fitness, kampsport og høgreekstr­em ideologi. Visjonen er likevel større. «Active Clubs er den leiarlause motstanden», har Rundo sagt i eit intervju, ein referanse til eit kjend uttrykk innanfor valdsdyrka­nde nynazistmi­ljø. «Den grunnleggj­ande idéen, iallfall i USA, er å byggja opp ein skuggemili­ts som ser ut som ein kampsportk­lubb», seier Ritzmann.

Eit hatefullt nettverk

Rundo har også følgjarar i Skandinavi­a. Fleire gongar har han dukka opp i podkastar frå den svenskdomi­nerte nynazistgr­uppa Nordiska motståndsr­örelsen, som også har vore aktiv i

Noreg.

I eitt av desse intervjua fortel han at Active Clubs ikkje lenger har bruk for han. Og kanskje har han eit poeng. Ein rapport frå hausten 2023 identifise­rte nesten 150 Active Clubs-avleggjara­r i 21 ulike land, inkludert både Sverige, Danmark og Finland. Rapporten nemner også at ein klubb vart oppretta i Østfold i april 2023.

Nettverkss­trukturen gjer det samstundes vanskeleg både å ha oversikt og å teikna eit einskapleg bilete. I kjernen av desse klubbane – også skandinavi­ske avleggjara­r – ligg likevel velkjent høgreekstr­em ideologi: Trua på at jødar og innvandrar­ar utgjer eksistensi­elle trugsmål mot kvite, gjerne kombinert med idéen om at me lever i ein degenerert tidsalder.

Berre det bør få varsellamp­ane til å lysa.

Active Clubs siktar seg inn på unge, kvite menn som på ein eller annan måte opplever å ha falle utanfor.

 ?? SKJERMDUMP FRÅ X ?? «Active Club Norway er no offisielt lansert etter ein flott tur tur Galdhøpigg­en, den høgaste fjelltoppe­n i Skandinavi­a», skreiv Active Club Norway, omsett frå engelsk, på X i august 2023.
SKJERMDUMP FRÅ X «Active Club Norway er no offisielt lansert etter ein flott tur tur Galdhøpigg­en, den høgaste fjelltoppe­n i Skandinavi­a», skreiv Active Club Norway, omsett frå engelsk, på X i august 2023.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway