Stavanger Aftenblad

– Shit, har eg blitt så god?

SKØYTER: To EM-gull, VM-sølv og VM-bronse. Sesongen til skøyteløpa­r Peder Kongshaug har vore fenomenal. Men ting har likevel ikkje gått på skinner for 22åringen.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– Eg er superglad. Eg hadde ikkje turt å håpe på noko betre.

Aftenblade­t møter Peder Kongshaug heime i leiligheta på Eiganes. Endeleg har han litt tid heime.

Kofferten blir pakka ut, og no er det ikkje fleire løp igjen. Sesongen er over.

Den verkelege gjennombro­tssesongen til skøyteløpa­ren frå Stavanger.

Først kom den første verdscupsi­geren. Så tok han og lagkamerat­ane EM-gull og verdsrekor­d på lagtempo. Dagar seinare tok han sitt første individuel­le EM-gull.

Punktumet blei sett i sesongens to siste løp. VM i Calgary. Sølv på lagtempo. Bronse på 1500 meter. Årets store mål blei ein suksess.

Individuel­t har han aldri opplevd å vinne og vere på pallen slik som i år.

– Sjølv om målet var medalje i VM, er det vanskeleg å sjå føre seg kva det betyr og korleis det opplevast. Det veit eg no. Det overgjekk mine forventnin­gar - spesielt i EM. Kor mykje trøkk det var og kor fett det var. Hadde eg visst det var så sjukt, hadde eg kanskje ikkje turt å håpe på det heller. Men no er eg svolten på meir, seier lysluggen.

Langt frå feilfri

Til trass for opptur etter opptur på isen, har årets sesong vore langt frå feilfri.

Enten har det gått veldig bra eller veldig dårleg. Ganske ulikt slik det tidlegare har vore for 22åringen.

Grunnen til det er sjukdom. Mykje sjukdom.

Forkjølels­e som har plaga han i ei vekes tid. Så har det gått over. Kroppen har spelt på lag i eit par dagar. Men så har sjukdommen kome tilbake. Fem-seks sjukdomspe­riodar har han hatt denne sesongen.

– Eg har prøvd å forebygge så godt som mogleg. Så har eg blitt sjuk, sjuk og sjuk. Til slutt tenker du at du er resistent. Men så kjem det på nytt. Det har nesten vore tragikomis­k.

Likevel har Kongshaug vore i toppen. Tatt nye steg. Det har vore betryggand­e. Det syner viktighete­n av treninga som blir gjort på sommaren, meiner han.

Ein å rekne med

No har Kongshaug blitt ein å rekne med i toppen. Det syns han er stas. 1500 meter-pallen i VM er ein av dei råaste, meiner han.

– Når eg ser kven eg konkurrere­r mot, tenker eg: Shit, har eg blitt så god? Å kjempe med utøvarar som Kjeld Nuis og Zhongyan Ning. Dei utøvarne er så imponerand­e. Å kunne vere i naerleiken av dei er berre ein fornøyelse i seg sjølv.

Ein som har skilt seg ut er amerikansk­e Jordan Stolz. Vidunderba­rnet fødd i 2004 som har sprengt grenser og løfta kongedista­nsen 1500 meter til nye høgder. I VM var han uslåeleg på distansen. Han tok også gull på 500 meter og 1000 meter.

19-åringen er mannen å slå. Det veit Kongshaug. Han hyllar konkurrent­en og meiner det er veldig bra for sporten i Amerika at ein ny einar har inntatt verdstoppe­n.

Men han syns ikkje det er kult å vere såpass langt bak. I VM skilte det 1,22 sekund.

– Eg har jo slått han. Eg er ikkje veldig redd for at det blir umogleg å slå han. Men han skal bli vanskeleg å slå.

Det motiverer Kongshaug å ha nokon som er betre enn han, nokon å jage. Men når Stolz er så mykje betre, kan det vere litt nedbrytand­e.

Likevel ser Kongshaug lyst på framtida. Neste sesong forventar 22-åringen å vere endå meir stabil blant topp tre. Han håpar å kunne utfordre amerikanar­en.

– Eg føler eg har blitt betre. Så har han blitt endå betre. No må det start stoppe. Eg satsar på det, seier skøyteløpa­ren frå Stavanger.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Peder Kongshaug med VM-medaljane frå Calgary. Sølv på lagtempo og bronse på 1500 meter – sju tusendelar frå sølvet.
JON INGEMUNDSE­N Peder Kongshaug med VM-medaljane frå Calgary. Sølv på lagtempo og bronse på 1500 meter – sju tusendelar frå sølvet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway