Stavanger Aftenblad

Ei KrF-historie

KRONIKK: KrF har positive ord nok, men sviktar i handling. Difor måtte eg koma meg ut av partiet.

- Kjell Nes Ombo

Då Venstre skulle inn i Solbergreg­jeringa og hadde fått gjennomsla­g for å leggja ned pelsdyrnae­ringa, var det sjølvsagt krisetilst­and i denne naeringa.

Det gjekk bod frå landsende til landsende om samling på Gardermoen. Kva skulle ein gjera? Spesialist­ar i juss og kommunikas­jon var òg med.

Livet verka tungt, men det var òg kampvilje. Dette hadde aldri hendt her i landet før. Kan ein leggja ned ei naering med ein politisk avtale som signert i eit lukka forhandlin­gsrom? Det kunne ikkje vera sant, var oppfatning­a frå somme. Vekk meg or draumen!

For ein attest!

Etter kvart la realitetan­e seg inn over dei fleste, og kampviljen vart sterkare og sterkare. Leiinga tok imot forslag, rådgivaran­e var aktive i drøftingan­e.

Ein del av strategien vart å ta direkte kontakt med partia på Stortinget. Éin av pelsdyrbøn­dene merka seg at det var eitt parti som ikkje var nemnt. Han bad om ordet, og spurde kvifor KrF var utelate. Møteleiar og rådgivar svara klart og tydeleg: «Nei, KrF, dei har ei bok dei held seg til, så dei stolar me på.»

For ein attest å få for eit politisk parti!

Me kjenner historia. KrF gjekk seinare inn i same regjeringa etter ein opprivande strid. KrF fekk til overmål statsråden med ansvaret for mat og landbruk. Underskriv­ne må nok seia at det åtvara eg mot. Men slik vart det.

Me kjenner òg historia vidare. KrF-statsråden skulle leia eit erstatning­soppgjer. Det var ein sørgjeleg periode for oss som var knytte til partiet. Kritikken var stor mot forslaga om erstatning som kom på bordet. I avisspalte­ne florerte det med innlegg mot partiet som var sagt «å halda seg etter ei bok, og til å stola på».

Stortinget tok leiinga i saka då Frp gjekk ut or regjeringa. Då var Solberg-regjeringa i mindretal, og vart etter kvart instruert av eit fleirtal i Stortinget som ville ha ei skikkeleg erstatning for dei som hadde fått yrkesforbo­d. KrF røysta mot alle utvidingar i erstatning­a som kom til Stortinget.

Eg trur me kan lesa resultatet av denne saka i valet i 2021. KrF fall under sperregren­sa, og Solberg-regjeringa måtte gå. KrF hadde mista mykje av truverdet som distriktsp­arti. Bygdefolk hadde sympati med pelsdyrbøn­dene, og viste solidarite­t med å gå til Senterpart­iet.

Ferjesaka

No har det hendt igjen, på ein litt annan måte. KrF gjekk saman med Frp, Venstre og Høgre i forhandlin­gar om budsjettet for Rogaland fylke i 2024. Det var forslag frå fylkesdire­ktøren om å kutta i hurtigbått­ilbodet, og media informerte. Folk engasjerte seg og protestert­e.

Men det var aldri snakk om å gå til åtak på ferjetilbo­det i fylket. Det har vore greitt finansiert heilt frå omlegginga i proposisjo­nen frå 2018, så gratis ferjer var aldri eit tema i det offentlege rom.

Dei som hadde lukka seg inn i forhandlin­gsrommet, ville annleis. Dei kom ut med ein signert avtale om at det skulle vera slutt på gratis ferjer i Rogaland. At det var det einaste fylket i landet som fullførte slike tankar til praktisk politikk, brydde dei seg ikkje om. Argumentet var at Rogaland fekk for lite frå staten. For å berga buss- og hurtigbått­ilbod skulle øyane med gratis ferjer betala ein ekstraskat­t til fylket på 15 millionar kroner i året.

At det var ein auke i Rogaland fylke sin økonomi på 5,1 prosent for 2024, og eit overskot på om lag 1,8 milliardar for dei tre åra før 2023, var det lite snakk om. Desse 15 millionane, som utgjer om lag 0,2 prosent av årsbudsjet­tet, måtte desse posisjonsp­artia ta frå dei minste og veikaste småsamfunn­a i fylket.

Til alt overmål vart det fredag gjort kjent at også i 2023 fekk Rogaland fylke eit stort overskot på 534 millionar kroner. Var det dette KrF-aren kalla «fantasipen­gar» i sist fylkesting, ifølgje Aftenblade­t?

Det var aldri snakk om å reisa opp ein Finnfast-bom for å saldera budsjettet. Heller ikkje ein bom på Sandsfjord bru. Nei, for KrF, som gjekk mot sitt eige program, var det enklast å ta frå dei veikaste, dei som var så få at følgjene var avgrensa, og til å leva med.

Eit svik

Samanlikna med kva Venstre gjorde på Jeløya, var dette verre. Venstre gjorde det dei hadde programfes­ta, KrF forkasta ei tydeleg sak i programmet sitt. Det var eit svik mot kontrakten med veljarane.

Dette er ikkje mitt KrF. Difor måtte eg og fleire koma oss ut, når alle forsøk på å nå fram internt vart avviste. Mitt KrF var slik Ole Paus svara då han vart spurt kvifor han ville røysta på dette partiet: «De som trenger politikk, de har Kristelig Folkeparti og Venstre, men ingen andre.»

Difor er òg mitt råd til dei som distriktsp­olitikk er viktig for: Det partiet, som var sagt å halda seg etter ei bok, er ikkje til å stola på lenger. Det har positive ord nok, men sviktar i handling. Etterord: Til no har 264 pelsdyrhal­darar sendt søknad om erstatning frå staten. I skrivande stund har berre 36 fått tilbod om endeleg oppgjer.

Rogaland KrF forkasta ei tydeleg sak i programmet sitt. Det er eit svik mot kontrakten med veljarane.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Kjell Nes var ordførar for KrF i Finnøy kommune frå 2007 til 2011. Nyleg melde han seg ut av partiet
PÅL CHRISTENSE­N Kjell Nes var ordførar for KrF i Finnøy kommune frå 2007 til 2011. Nyleg melde han seg ut av partiet

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway