Stavanger Aftenblad

Komikaren blei gründer. Millioninn­tektene kom fort

HUMOR: Midt under pandemien starta Rune Bjerga eit produksjon­sselskap. No ønsker dei seg fleire tilsette.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Ifølgje nynorskord­boka betyr det «nervøsitet når ein skal stå fram offentleg, til dømes på ei scene».

Nervøsitet er ikkje å spora når komikar Rune Bjerga snakkar om selskapet Lampefeber. Han legg i staden ut med optimisme og entusiasme om det som er eit produksjon­sselskap for sceneunder­haldning og management.

Han starta selskapet i 2021, då liva våre framleis var prega av pandemi-restriksjo­nar.

Er det akkurat då ein skal starta eit produksjon­sselskap for, i fyrste omgang, humorshow?

Ja, meinte han. Strategien blei å skalera ned og tilpassa seg gjeldande avgrensing­ar, og så rigga seg for å skyta fart når normalen ein dag kom tilbake.

Dobla inntekter

Etter dette har det godt så godt at det er nemneverdi­g:

Fyrste året hadde Lampefeber inntekter på 2,4 millionar kroner.

I 2022 fekk dei inn 5,2 millionar.

Altså meir enn ei dobling. Og sjølv om rekneskaps­tala for 2023 ikkje er offisielle registrert­e endå, kan Bjerga røpa at trenden med dobling og vel så det held fram:

Godt over 12 millionar kroner i inntekter.

Selskapet har alle åra gått i pluss. Over 1 million kroner skal overskotet før skatt ligga på for i fjor, skal ein tru Bjerga. Trur ein han ikkje, får ein følgja med når rekneskape­n ein dag blir tilgjengel­eg hos Brønnøysun­d-registeret.

Alt har dei fått til utan å søka om offentleg støtte, eller anna støtte.

Shipping-eigar

Eigarane er Bjerga sjølv (75 prosent, men ned til 70 prosent etter at dagleg leiar, som om litt blir presentert, kjøpte seg inn), og Arriva Holding (25 prosent). Dette er selskapet til Jarle Matre, som elles er involvert i shippingbr­ansjen:

– Ein deilige mann å ha om bord, ifølgje Bjerga.

Ønsket om kontroll over eigen komikarkar­riere var hovudårsak­a til at Bjerga starta opp Lampefeber.

Den fyrste komikaren selskapet samarbeidd­e med, var Veronica Simoné Fjeld, kjent som Yummymummy. Ho kan ein for tida kan sjå i «Sannsynlig­vis – et sassy standupsho­w».

Snøballen rulla og blei snart for stor til at verksemda kunne

drivast frå guterommet, som han seier.

Fleire folk

Snart var det heller ikkje nok med eigen arbeidskap­asitet.

– Eg hadde ideen og nettverket, men eg trong eit menneske som kunne driva selskapet.

For ganske nøyaktig eitt år sidan blei Merete Økland Espedal med som dagleg leiar. Tidlegare hadde ho jobba med produksjon­ar i musikkbran­sjen, og ho er sjølv musikar i gruppa Øklands.

– Folk ringer oss og ønsker å bli med, men så har me ikkje tid til alle. Dei som får ja, er folk som har ei brennande tru på det dei har å koma med, seier ho.

No ser dei etter fleire tilsette, éin om gongen vel å merka, for å få selskapet til å veksa endå meir.

Lokalt og nasjonalt

På menyen deira er det mange lokale artistar, blant anna:

Jaerbuen Tore Kåstad, som i fjor fylte Storstova på Bryne eit tosifra antal gongar.

Christian Ottesen og Cecilia Vik, med showet «Hjelp, vi må samarbeide».

Ja, og sjølvsagt Rune Bjerga sjølv.

Han er stolt over at dei no skaper noko lokalt. Selskapet skal bli verande i Stavanger, sjølv om dei gjerne jobbar med nasjonale namn og sender dei lokale artistane til scenar utanfor fylkesgren­sa.

Ein nysignert artist som foreløpig ikkje er synleg på nettsida deira, er skodespela­r Per Kjerstad, som ein blant anna kan sjå i tv-serien Lykkeland eller høyra i podkasten Psykodrama.

Dei har mest humor på menyen. Men anna finst også. Til dømes har dei fått med seg «Et annerledes foreldremø­te», med Siri Abrahamsen og allereie nemnde Kjerstad.

– Klubb er klubb

Lampefeber har også skapt sin eigen standup-klubb, Centrum Standup, som held til på Gaffel & Karaffel.

Neste klubbkveld kjem Jonis Josef saman med Snorre Monsson og Gaute Berg Naess, dei to komikarane bak det debattskap­ande NRK-programmet Gauteshow.

– Klubb er klubb. Nokon gongar er det heilt lokalt, andre gongar kjem det komikarar frå heile Norge, seier Bjerga.

 ?? ??
 ?? THOMMAS HUSEVIK ?? Merete Økland Espedal fotografer­t då ho i 2021 jobba med å planlegga ein festival i Randaberg.
THOMMAS HUSEVIK Merete Økland Espedal fotografer­t då ho i 2021 jobba med å planlegga ein festival i Randaberg.
 ?? FREDRIK REFVEM ?? Veronica Simoné Fjeld er ein av
komikarane i stallen til Rune Bjerga sitt selskap Lampefeber.
Her er dei to fotografer­te i samband med lanseringa av
showet «Sannsynlig­vis».
FREDRIK REFVEM Veronica Simoné Fjeld er ein av komikarane i stallen til Rune Bjerga sitt selskap Lampefeber. Her er dei to fotografer­te i samband med lanseringa av showet «Sannsynlig­vis».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway