Stavanger Aftenblad

«Eg trur, hjelp mi vantru!»

- Jon Torger Hetland Salte

Me kjenner oss fort avmektige når me ser vonde krefter rasera verda rundt oss. I søndagens tekst kjem laeresvein­ane til kort. Medan Jesus var saman med Peter, Johannes og Jakob på fjellet der han openberra sin herlegdom, virka dei andre laeresvein­ane blant folket. Nokre skriftlaer­de ville gjerne sjå at dei dreiv ut den vonde ånda frå ein ung gut. Disiplane skulle så gjerne vist alle rundt dei eit mirakel! Dei hadde jo sett og gjort store ting saman med Jesus. Dei hadde fått makt til å kasta ut demonar og helbreda sjuke. Men her blei dei ståande igjen utan å få til noko som helst.

Når Jesus endeleg kjem inn tilbake til dei, talar faren til guten rett ut til Jesus: disiplane klarte ikkje driva ut denne ånda. Jesus talar då strengt til disiplane: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk?» Det virkar så hardt. Kva gale har disiplane eigentleg gjort?

Jesus har ingen problem med å få ånda til å lystra. Dei vonde kreftene som har hatt fatt i guten sidan barndommen må lyda hans befaling.

Når ånda endeleg slepp taket, ligg guten der, livlaus, men Jesus tek han i handa og lyfter han opp.

Disiplane synest det er underleg. Kvifor kunne ikkje dei driva ut denne ånda? Jesu svar laerer oss noko viktig: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»

Me lengtar etter å sjå folk bli sett fri frå vonde krefter som vil binda og plaga. Som disiplane blir me så skuffa når me ikkje ser dei miraklene me venta oss. Men om me laerer oss å setta vår lit til Jesus, vil han gje oss svar i rett tid. Gjer som gutens far, kom med all di avmakt og vantru i bøn. Han ser di veike tru og vil setja deg fri!

 ?? SHUTTERSTO­CK ??
SHUTTERSTO­CK
 ?? ?? For lenge siden
SØNDAGSTAN­KAR:
For lenge siden SØNDAGSTAN­KAR:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway