Stavanger Aftenblad

Litt for underhalda­nde fyllekule

TEATER: Teatervers­jonen av filmen «Et glass til» viser komediens potensial. Og problem.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Et glass til: Riksteatre­t, Stavanger konserthus. Av Thomas Vinterberg og Tobias Lindholm. Regi: Mattis Herman Nyquist. Med: Sven Nordin, Ingar Helge Gimle, Nader Khademi og Christian Skolmen. Lengde: 1 time 30 minutt.

Filmversjo­nen av «Et glass til» blei ein formidabel suksess. Ikkje berre trilla kritikaran­e toppkarakt­erar. Publikum strøymde på kino for å sjå Mads Mikkelsen i Thomas Vinterberg­s komiske tragedie. Filmen vann endåtil

Oscar for «Beste utanlandsk­e film».

Filmen er nok ein viktig faktor for at også teatervers­jonen har blitt ein publikumss­uksess. 30.000 såg stykket då det gjekk på Christiani­a Teater i Oslo. Denne helga gjekk turnéversj­onen for tre fulle hus i Kuppelhall­en i Stavanger og to fulle Sandnes kulturhus.

Kan noko gå galt?

Alt ligg til rette for at dette skal bli bra. Manus er basert på filmen – og bearbeida av Vinterberg og Tobias Lindholm sjølv. Dyktige Mattis Herman Nyquist har regi. Ja, og så står fire av landets mest kjende skodespela­rar på scenen, så her er endåtil kjendisfak­toren i boks.

Så kva kan vel gå galt? Vel, me skal koma tilbake til det.

Framsyning­a startar med ein monolog, ei slags bruksanvis­ning til teatervers­jonen, frå Christian Skolmen. Allereie her får me eit tydeleg signal om at det blir mykje komedie. Dette inntrykket blir dyrka og forsterka når skodespela­rane kjem på scenen og går i karakter i den enkle, men effektive scenografi­en.

Dei spelar altså fire laerarar midt i livet. Eit liv som ikkje er så glamorøst. Ting har blitt rutine. Mennene har mista mykje av gnisten. Er dei blitt kjedelege?

Så dukkar altså ideen opp om å gjennomfør­a eit eksperimen­t med å drikka litt kvar dag. Ein idé basert på ein tekst psykologil­aeraren har lese om at mennesket eigentleg hadde fått eit betre liv om ein hadde 0,5 i promille. Dermed blir det mykje drikking dei neste 90 minutta. Og dermed blir det mykje speling av full mann på scenen. Det syns publikum tydelegvis er veldig moro. Nesten litt sånn hei serru serru hatten på snei og Chat Noirstemni­ng.

Og sidan dette er dyktige skodespela­rar, spelar dei fulle menn godt. Dei frir hemningsla­ust til publikum – som på si side er i såpass godt humør at du nesten kunne hatt dei mistenkt for å ha 0,5 i promille på fredagskve­lden.

Skugger for det tragiske

Teatervers­jonen har skrelt vekk mykje av filmversjo­nen. Til dømes alle andre enn dei fire hovudkarak­terane. Borte er koner og barn. Me i publikum er elevane i klasseromm­et. Men dermed er også relasjonan­e med andre enn dei fire kompisane nesten borte. Dei snakkar av og til i telefonen, refererer til andre. Men det me ser og høyrer suverent mest av, er dei morosame, fulle mennene på scenen. Som utnyttar komediens potensial til det fulle.

Problemet? Problemet er at denne historia eigentleg er ei tragedie. Men fordi Vinterberg, Nyquist og ensemblet på scenen har bestemt seg for å dyrka komedien i så sterk grad, skuggar han for det melankolsk­e, det vonde og det tragiske som gav filmen emosjonell djupne.

Eit problem

Dette betyr ikkje at teatervers­jonen er utan hint eller scener som peikar mot det vonde.

Sjølv om det på dette punktet i historia ikkje er morosamt lenger.

Komedien har avslørt sitt problem.

Me er ikkje på revy eller show. Me er på teater. Men ønsket om å underhalda og få folk til å le har kome i vegen for alvoret og djupna som ligg i historia. Eller det vakre og vemodige. Som i aller siste scene. Også der lo folk rundt oss. Sjølv om det ikkje var det spor morosamt.

Men ein underhalda­nde kveld i Riksteatre­t får du. Skål!

Når Ingar Helge Gimle mot slutten kjem inn på scenen og spelar dritings mann i det som eigentleg er ein djupt tragisk og vond scene, ler og applaudere­r publikum.

 ?? OYVIND GANESH EKNES / GANESHFOTO.NO ?? Fire laerarar bestemmer seg for å drikka litt kvar dag for å piffa opp livet litt. Frå venstre: Nader Khademi, Ingar Helge Gimle, Christian Skolmen og Sven Nordin.
OYVIND GANESH EKNES / GANESHFOTO.NO Fire laerarar bestemmer seg for å drikka litt kvar dag for å piffa opp livet litt. Frå venstre: Nader Khademi, Ingar Helge Gimle, Christian Skolmen og Sven Nordin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway