Stavanger Aftenblad

Revitalise­r Kiellandha­gen med mjødurt

- Fredrik Hultman Bjørgo Sandnes

KIELLAND: Eg meiner Kiellandha­gen kan revitalise­rast med mjødurt. Viss det finst ei plante i Norge som symboliser­er venleiken i den tause majoritet, så vil eg hevda at mjødurta eller engdrottni­nga er ein god kandidat.

Du legg ikkje merke til ho før du laerer å gjenkjenna henne, men då ser du henne til gjengjeld overalt om sommaren. Eg var ein gong med på ei ferd til Trondheim til olsok; og sjølv om me fôr med bil og ikkje stavra oss fram til fots over Dovre, så kjendest det likevel som ei pilegrimsf­erd til Nidaros i eit slags feminint, katolsk, nasjonalis­tisk univers trylla fram av Sigrid Undset or Kristin Lavransdat­ter, for i alle grøftene langs vegane bløma mjødurt med sine vakre, kvite spir, legande eigenskapa­r og rusande duft.

Mjødurta passar betre enn Stavangers vinranke som det trass i klimaendri­ngar, framleis er vanskeleg å dyrka på friland.

Ein aroma som får deg til å tenka på både ein heimsleg, nordisk variant av sakral røykelse, av nattverd og drikkegild­e, av velgjerand­e badstoveba­d, av honning og jolebakst, av angande, lyse sommarnett­er som ikkje skal sovast bort og ein kjaerleik som er svolten, kåt og frelsande som livets store under.

Dei uoppnåeleg­e jaerbuane

Alt dette var det nok Kitty Kielland ønska seg av si mannlege muse, han Ådne – Arne Garborg, men som kjent vart det ikkje dei to. Nett som med Jon i Skarabrote­t og veslemøya Gislaug i Haugtussa, kor du formeleg kan kjenna mjødurtang­en i Garborg sine skildringa­r av outsideren Gislaug sin kjaerleiks­rus. I staden malte Kitty melankolsk­e, jaerske torvmyrer – nettopp dei vassdrukne stadane kor mjødurta veks.

Som ei engdrottni­ng stod den kvinnelege pioneren Kitty Kielland ute på enga og malte den jaernature­n som den gode smaken den gong verdsette like lågt som mjødurta i dag. I Bretagne malte ho kvinner med høge, kvite kyser påfallande like «rouanez-ar-prad» – den kvitkrona drottninga på enga på bretonsk.

Mjødurta veks heilt ned til stranda – og det gjorde ho kanskje på Orre òg, då Lisa og Allik leika sine barneleika­r som vart til kjaerleik – og eit svik som Kielland aldri kunne tilgje seg sjølv og som

Mjødurta passar betre enn Stavangers vinranke som det trass i klimaendri­ngar, framleis er vanskeleg å dyrka på friland.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Planta heile Kiellandha­gen full av mjødurt rundt Been-skulpturen til byjubileet i 2025, er rådet frå innsendare­n.
SHUTTERSTO­CK Planta heile Kiellandha­gen full av mjødurt rundt Been-skulpturen til byjubileet i 2025, er rådet frå innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway