Stavanger Aftenblad

Store prosjekt som feilar

KRONIKK: Det er ei gåte kvifor Nye SUS har hamna i dagens situasjon.

- Kyrre Nese Sivilingen­iør, Bryne

Norge har for tida to store byggeprosj­ekt – Nye SUS i Stavanger og det nye regjerings­kvartalet i Oslo. Begge har eit golvareal på opp mot 125.000 m². I regjerings­kvartalet ligg 30.000 m² under bakken.

Ein internasjo­nal studie frå 1987 av 3500 store, offentleg finansiert­e prosjekt over mange år viste at dei fleste prosjekta fekk ei kostnadsov­erskriding­ar på mellom 40 og 200 prosent. Svaert få blei sluttførte til ein kostnad lågare enn budsjetter­t.

Fylgjande kategoriar av årsaker blei etablert i ein artikkel i 2010, for å forklare kvifor prosjekter­er mislukkast:

1. Tekniske: Vanskar med å sjå heile kompleksit­eten i oppgåva, manglande erfaring, fråvaer av data og gode modellar.

Økonomiske: Mangel på både ressursar, kompetanse og incentiv til å lage gode og realistisk­e kostnadses­timat, dette medfører ofte ineffektiv­e planproses­sar.

Psykologis­ke: Kognitive forhold og risikoaver­sjon som gjev seg utslag i optimistis­ke «vridingar».

Politisk-strategisk­e: Bevisst underestim­ering og manipuleri­ng av informasjo­n for eiga vinning.

2.

3.

4.

Regjerings­kvartalet

I 2011 var regjeringa­s anslag at kostnadane ville ligge mellom 3 og 6 milliardar. I 2014 kom regjeringa Solberg med kostnader på mellom 15 og 16 milliardar, med ferdigstil­ling i 2023–2025. I dag er regjeringa sitt anslag 53,5 milliardar.

For å setje det i perspektiv: Kostnaden for kvar kontorarbe­idsplass vil bli 12 millionar kroner. Dette er dei viktigaste årsakene til kostnadsau­ken: Auka omfang av prosjektet.

Den nye sikkerheit­slova frå 2018 stiller nye og strengare krav til sikkerheit i regjerings­kvartalet. Meir bygningsar­eal må leggast under bakken.

Omlegging av vegnettet Ring 1, kjøp av bygg i nabolaget for å auke sikkerheit­a. Sikkerheit­skrava gjer at å rusta opp gamle bygg blir dyrare enn å bygge nytt.

Prisar på byggemater­iale og andre innsatsfak­torar har skote i vêret.

Den nye energiløys­inga blei dobbelt så dyr som fyrst estimert.

Det er med stor interesse eg les om sjølve byggeprosj­ektet på Statsbygg sine nettsider. Her finn ein grundig og godt organisert informasjo­n. Det er ei sterkt samspelori­entert tilnaermin­g i prosjektet. Fleire av entreprenø­rane er integrerte i teamet som står for detaljpros­jektering. Kompensasj­onsformate­t for nokre kontraktar er at viss entreprenø­rar får dekka kostnadane sine, så skal fortenesta kome gjennom felles insentivor­dningar. Dette legg mykje av risiko på byggherren.

Det ser ut som støyen rundt regjerings­kvartalet vil ligge på byggherren­ivå. Når eit så stort byggeprosj­ekt blir lagt i sentrum av Oslo, eit stykke ned i jorda, så får ein som fortent. Den nemnde årsakskate­gori 1, det tekniske, dekker det meste.

Nye SUS

I mars 2017 viste hovudplane­n for prosjektet SUS23 at dei første pasientane ville kome i august 2023. I juni 2023 stadfesta SUS at første pasient ville kome i mai 2025. Nå i januar fekk vi informasjo­n om at innflyttin­g var utsett på ubestemt tid. Enno veit ein ikkje når ein ny dato kan kome. Det vitnar om eit mangelfull­t bilete av prosjektst­atus og moglege tiltak.

Tidlegare medarbeida­rar ved nye SUS varsla for fleire år sidan om konfliktar og tap av tid i prosjektet. Dei meinte dårleg leiing, manglande prosjektst­yring og eit trakassera­nde arbeidsmil­jø var blant årsakene til problema. Det blei òg sagt at ein gjekk for tidleg ut i marknaden for å få tilbod på entreprisa­r. Oppdragsde­finisjonen var ikkje god då ein gjekk ut.

Sjukehusdi­rektør Helle Schøyen, som er prosjektei­gar, legg skulda for problema på entreprenø­r Bravida. Divisjonsd­irektør Ronny Øvrevik i Bravida Norge seier at Helse Stavanger har svikta når det gjeld prosjekter­ing, koordineri­ng og framdrift.

Dette tyder ikkje på god stemning mellom aktørane.

Det eg finn på nettet om sjølve byggjepros­jektet, er frå planfasen i 2016 og 2017. Beskjed frå styret ved SUS var å velje ein entreprise­modell som sikrar at lokale tilbydarar kunne delta i konkurrans­en. I tillegg blei det gjort kjent at gjennomfør­ingsstrate­gien ville bli byggherres­tyrt prosjekter­ting og byggherres­tyrte entreprisa­r av ulik art for ulike delar av prosjektet. Det blei også sagt at konsulentm­arknaden vil vere viktig for å sikre ressursar til prosjektet.

Sykehusbyg­g HF blei etablert i Trondheim med ressursar og kompetanse frå den saers vellukka St. Olavs hospital utbygginga i perioden 2002 til 2013. Denne organisasj­onen skulle ha ei viktig rolle i nye SUS prosjektet.

Så blei det sagt at ein skulle ein søke å bruke beste praksis styringsve­rktøy frå oljeindust­rien, og ein skulle ta i bruk ny teknologi innan digitalise­ring for deling av informasjo­n. Det gjaldt spesielt der digitale 3D-verktøyet BIM for prosjekter­ing og bygging.

Alt såg ut til å vere på plass for å lukkast. Kvifor ein då hamna i dagens situasjon, er ei gåte for meg. Delar av svaret ligg nok innafor dei nemnde årsakskate­goriane 2 og 3, det økonomiske og det psykologis­ke.

Alt ved Nye SUS såg ut til å vaere på plass for å lukkast.

 ?? FREDRIK REFVEM / STAVANGER AFTENBLAD ?? Nye SUS på Ullandhaug 5. mars. Prosjektet er prega av overskridi­ngar og utsetjinga­r.
FREDRIK REFVEM / STAVANGER AFTENBLAD Nye SUS på Ullandhaug 5. mars. Prosjektet er prega av overskridi­ngar og utsetjinga­r.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway