Stavanger Aftenblad

Nydeleg film

FILM: Japanske «Monster» er vond, vakker og tankevekka­nde film.

- Jan Zahl

Monster

Kinopremie­re: 19.04.2024. Originalti­ttel: Kaibutsu. Med: Sakura Ando, Eita Nagayama, Soya Kurokawa. Sjanger: Drama. Regi: Hirokazu Kore-Eda. Manus: Yûji Sakamoto. Nasjonalit­et: Japan, 2023. Aldersgren­se: 9 år. Lengde: 2 timar, 6 minutt.

«Monster» vann prisen for beste manus på den prestisjet­unge Cannes-festivalen i 2023. Det forstår eg godt. Regissør Hirokazu Kore-Eda er ein av Japans fremste filmskapar­ar. I 2018 vann han sjølvaste Gullpalmen i Cannes, for «Shoplifter­s». Så her snakkar me altså om høgt filmatisk kvalitetsn­ivå.

Men korleis skaper du eit manus, ein film og ei historie på ein måte som fangar? Vel, du må skapa ei slags spenning, eit slags mysterium. Du må få sjåaren, lyttaren eller lesaren til å lura på kva som eigentleg skjer.

I «Monster» skjer dette gjennom at historia blir fortalt tre gonger, frå perspektiv­et til tre ulike karakterar. Dermed opnar filmen sakte, men sikkert, opp historia. Det som verkar mystisk og merkeleg blir gradvis klarare. Samtidig som filmen viser korleis same hendingar kan opplevast vidt forskjelli­g avhengig av kven som ser. Og kor lett det er å misforstå.

Det er rett nok ikkje alt som går heilt opp og framstår som logisk og forståeleg til slutt, men skit au.

Filmen handlar om 12 år gamle Minato, som bur aleine med mora. Faren er død. Minato er ein stille gut. Han begynner å oppføra seg på ein måte som får mora til å lura på om det er noko gale på skulen. Første bolk er sett frå hennar perspektiv.

På skulen har Minato ein laerar som dermed hamnar i eit komplisert drama på arbeidspla­ssen. Andre bolk er sett frå hans perspektiv.

Men alt dette har jo utgangspun­kt i Minato, og dels i vennskapet med ein yngre gut som heiter Eri. Eri har det ikkje lett, samtidig som han har eit forbløffan­de lyst sinn. Tredje bolk er sett frå Minatos perspektiv.

Skodespele­t held høgt nivå – sjølv om det tidvis kan kjennast litt framandart­a for oss som ikkje er vane med japanske kulturelle kodar. Bileta er kresent komponerte – det er også ein vakker film å sjå.

Og så skal du lytta til musikken. «Monster» skulle bli den siste filmen den legendaris­ke komponiste­n Ryuichi Sakamoto skulle laga musikk til. Den er like sår og vakker som filmen.

Skal du berre sjå éin japansk film i år, sjå denne!

Skodespele­t held høgt nivå – sjølv om det tidvis kan kjennast litt framandart­a for oss som ikkje er vane med japanske kulturelle kodar.

 ?? ?? Eri og Minato er venner. Men det er komplisert i «Monster».
Eri og Minato er venner. Men det er komplisert i «Monster».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway