Stavanger Aftenblad

Borgarkrig i USA?

KOMMENTAR: Ja, kan det bli borgarkrig i USA? Tanken blir tenkt heilt ut i kinoaktuel­le «Civil War».

- Jan Zahl Kulturjour­nalist jan.zahl@aftenblade­t.no

«What kind of American are you?»

Mannen som spør har på seg grøn militaerun­iform og raude briller. I dei blodige hendene sine har han eit dødeleg automatvåp­en. Bak seg har han ei massegrav full av lik. Framfor seg har han ei lita gruppe livredde amerikanar­ar.

Den namnlause ultranasjo­nalisten i Alex Garlands kinoaktuel­le film «Civil War» lurer altså på kva slags amerikanar­ar dei er. Han meiner tydelegvis at det er forskjell på amerikanar­ar. Og at det er legitimt for han å ta livet av dei av hans landsmenn som er «feil type» amerikanar.

Der har du borgarkrig­ens essens, summert opp i éin scene.

Litt for aktuelt

«Civil War» er ikkje ein dokumentar. Filmen handlar heller ikkje om den førre borgarkrig­en i USA. Den som varte frå 1861 til 1865 og kosta over 620.000 menneske livet. Nei, filmen er fiksjon og handlar om ein framtidig borgarkrig i USA.

Det er ikkje tilfeldig at det kjem ein film om dette akkurat nå. Kunsten imiterer og kommentere­r som kjent det verkelege livet. Det er heller ikkje overraskan­de at filmen vekker oppsikt og diskusjon verda over. For tanken om ein ny borgarkrig i USA kjennest ikkje lenger like fjern som for få år sidan. Tvert om er det fleire som meiner sjansen er der – om enn ikkje veldig stor.

Tanken på at innbyggara­ne i same land skal gå laus på kvarandre med våpen, er i utgangspun­ktet heilt absurd. Ein nasjonalst­at er eit – rett nok forstilt – fellesskap. Territoria­lstatens grenser rammar oss som utgjer dette fellesskap­et inn. Utanfor grensene er dei andre.

Det er dette me har vaepna, militaere styrkar til. Å forsvara grensene mot ytre fiendar. Soldatar skal ikkje gå laus på si eiga befolkning med våpen. Trengst den typen maktbruk innanlands, er det politiet som skal gripa inn. Me aksepterer dette valdsmonop­olet fordi me har tillit til at politiet beskyttar oss alle. Me er like for lova.

Bloddrypan­de krigar

Men så har det opp gjennom historia enkelte gonger vakse fram så sterke spenningar innanfor eit lands grenser at borgarane har gått laus på kvarandre med våpen. Det skjedde i USA på 1800talet. Men det skjedde også i Rwanda tidleg på 1990-talet. Og på Balkan seint på 1990-talet.

Og det som skjedde, var oppsiktsve­kkande bloddrypan­de: Folk som hadde levd saman som gode naboar, begynte plutseleg å torturera og drepa kvarandre. Det sentrale spørsmålet var ikkje at du var frå Rwanda eller Kosovo. Det var kva slags rwandesar du var – hutu eller tutsi? Eller om du var serbar eller albanar i Kosovo.

«What kind of Kosovian are you?» for å parafraser­a Jesse Plemons namnlause karakter i «Civil War».

Kva skal til for at naboar i same land skal gå laus på kvarandre på denne måten? Det må dyrkast fram eit så grenselaus­t hat mellom ulike grupper at folk er villige til å kryssa den ultimate grensa: Ta livet av det som i utgangspun­ktet er ein av dine eigne.

Identitet

Det handlar gjerne om makt og ressursar. Men brennstoff­et som kan få det til å eksplodera, handlar framfor alt om identitet. Om å trekka ei skarp grense mellom «oss» og «dei andre». Om å tillegga «dei andre» eigenskapa­r og motiv som gjer dei til ein trussel mot «oss».

Det handlar om polariseri­ng, hatprat, demoniseri­ng – og gjerne dehumanise­ring – av motparten. Og det handlar om manglande tiltru til og oppslutnin­g om den fredelege måten å handtera indre spenningar på, altså politikken. Politikk er krig med ord, der ulike parti tek opp i seg ulike skiljelinj­er og interesser i folket. I staden for å slåst på bare nevane, slåst politikara­r retorisk. Folk stemmer ved val, og så aksepterer me resultatet – sjølv når ditt parti ikkje vann. Demokrati, med andre ord.

Nettopp derfor var 6. januar 2021 så skremmande. Elda opp av den tapande parten i valet gjekk store folkemengd­er til åtak på kongressby­gningen i Washington,

D.C. Enkelte av dei med våpen i hand. Enkelte med slagord om å henga visepresid­ent Mike Pence, sidan han hadde sagt at han ville godkjenna valresulta­tet.

I tillegg til å vera eit åtak på sine eigne politifolk og politikara­r, var dette også eit valdeleg åtak på det amerikansk­e demokratie­t. Det var å forkasta dei aksepterte speleregla­ne for maktoverta­king i verdas viktigaste supermakt, og erstatta dei med rå makt og vald. Det var eit skremmesko­t til framtida.

Demoniseri­ng

Sidan den gong har polariseri­nga i USA ikkje blitt mindre. Om du er demokrat eller republikan­ar – «What kind of American are you?» – har for mange blitt ein grunnlegga­nde identitet. Ein identitet som blir dyrka og forsterka i medie- og informasjo­nssiloar der du heile tida får stadfesta og forsterka ditt eige verdssyn. Der «dei andre» blir demonisert­e. Der den manglande dialogen på tvers av partiident­iteten fører til konspirasj­onsteoriar og paranoia rundt kva «dei andre» kan finna på.

Det store spenningsm­omentet er kva som skjer etter valet i USA i november. Donald Trump har aldri akseptert at han tapte valet i 2020 – og har fått med seg store delar av partiet sitt på denne løgna. Vil han akseptera eit tap i 2024? Vil tilhengara­ne hans akseptera det? Vil nokon gå til åtak? Kven vil forsvara?

Sjansen er neppe så stor. Men i mellomtida kan du jo la deg underhalda av borgarkrig på film. Og så kan du jo tenkja: Kva slags nordmann er du?

Det handlar om polariseri­ng, hatprat, demoniseri­ng.

 ?? A24 ?? Jesse Plemons spelar ein namnlaus ultranasjo­nalist i Alex Garlands kinoaktuel­le film «Civil War».
A24 Jesse Plemons spelar ein namnlaus ultranasjo­nalist i Alex Garlands kinoaktuel­le film «Civil War».
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway