Stavanger Aftenblad

Kvifor trong vi nye kontorloka­le til Helse Vest?

HELSE VEST: Det er sjølvsagt legitimt å stille spørsmål og meine noko om leigeprise­n Helse Vest betalar i nye lokale. For oss handlar det om økonomi, men også om betre samarbeid, effektivit­et og berekraft.

- Per Karlsen Økonomi- og finansdire­ktør, Helse Vest RHF Bente Aae

Vi veit godt at sjukehusa står i ein krevjande økonomisk situasjon, og forstår at det blir debatt om bruk av pengar i sektoren.

At Helse Vest no har fått gode lokale, betyr ikkje at vi trur vi er viktigare enn andre. Spesialist­helsetenes­ta er eit stort puslespel, der alle er like viktige. Alle dei 34.000 medarbeida­rane i spesialist­helsetenes­ta jobbar for at befolkning­a på Vestlandet får likeverdig­e og gode sjukehuste­nester.

Prosessen

Det regionale helseføret­aket sitt ansvar er å ivareta ansvaret vi har for regionen – i tillegg til vår eigen organisasj­on. Her arbeider dyktige medarbeida­rar kvar dag for å løyse oppdraget vi har frå departemen­tet, i tett samarbeid med sjukehusa.

Etter 20 år har vi flytta frå Forus til Stavanger sentrum. Rammene for husleige har vore dei same i åra på Forus som dei er no. Den nye, totale leigekostn­aden er tilnaerma lik det vi hadde tidlegare.

I tre år har vi sett på ulike stader mellom Sandnes og Stavanger. Vi byrja med 18, og vurderte fem av dei meir nøye. Helse Vest har vedtekter som seier at kontorstad­en skal vere i Stavanger kommune. Til slutt stod to lokale igjen, som begge vart vurderte etter ei rekkje kriterium, mellom anna økonomi, berekraft, produktivi­tet, samarbeid, trivsel, tilgjengel­egheit og at det skulle vere tilstrekke­leg med både ope kontorland­skap og lukka kontor.

Vi arbeider mykje med nasjonal koordineri­ng og utgreiing, og treng lokale som legg til rette for teamarbeid og digitale møte i stort omfang – mellom anna for å redusere reiseaktiv­itet. Utgreiinga av arbeidspla­ssar for departemen­ta ligg også til grunn for løysinga vår.

Tettare og betre

Vi er over 80 medarbeida­rar i det regionale helseføret­aket, og dei nye lokala legg godt til rette for samarbeid på tvers av fag og avdelingar. Vi meiner vi allereie jobbar tettare og betre saman. Vi har sett kor ineffektiv­t det kan vere med lokale som ikkje legg til rette for dette. Slik lokala våre no er utforma, legg dei til rette for at vi treng mindre lokale enn vi elles hadde trunge.

Lønnskostn­ader er Helse Vest og sjukehusa sin største kostnad. Helse Vest er det minste av dei regionale helseføret­aka i landet, set opp mot talet på medarbeida­rar og befolkning vi dekkjer. Vi er opptekne av å ha ein så slank og effektiv organisasj­on som mogleg hos oss – også når vi har fått auka mengd med oppgåver. Dei nye lokala legg til rette for framleis låge lønnskostn­ader, samanlikna med dei tre andre regionale helseføret­aka.

Vi har fått fine og funksjonel­le lokale. I tillegg har vi brukt opp att møblar og utstyr vi hadde, så langt vi kan. Det miljøvennl­ege perspektiv­et er viktig for oss. Mange har fått kortare reiseveg, ingen har fast parkering, faerre køyrer og fleire går, syklar og bruker kollektivt­ransport til jobb.

Det er noko dyrare å ha arbeidspla­ssar i sentrum enn andre stader. Basert på alle kriteria vi hadde då vi skulle velgje nye kontorloka­le, blei Stavanger sentrum likevel vurdert som rett plassering av Helse Vest.

Dei nye lokala legg godt til rette for samarbeid på tvers av fag og avdelingar.

 ?? JARLE AASLAND ?? Fra Helse Vest sine nye lokale i K8 i Stavanger sentrum.
JARLE AASLAND Fra Helse Vest sine nye lokale i K8 i Stavanger sentrum.
 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway