Varden

– Godt auge til Mari

Det var truleg ikkje berre den flotte naturen som lokka Halfdan Egedius tilbake til Bø år etter år.

-

KJÆRLEIK:

BØ Han laga fleire motiv av Mari Eika, deriblant eit nydeleg portrett av henne i 1895 og teikning i 1898 til verket «Norge i det 19de aarhundred­e».

Biograf og forlagsman­n Øistein Parmann skriv følgjande i Egedius-boka frå 1979: «Tegningen av Mari Clasen er praktfull, hun sitter som et monument med det store skjørtet, med hendene samlet i fanget og med det byrge uttrykket, Telemark-stoltheten, som Egedius ville ha frem. Han hadde lenge hatt et godt øye til denne staute jenta, som han tidligere hadde malt og tegnet.»

«Fiffa noko med»

Kjærleiksf­orholdet blir vidare omtalt i biografien om Torleiv Stadskleiv, ført i pennen av Dyre

BONDEDOTTE­RA:

Vaa. Tidsvitnet Stadskleiv fortel om ein draum frå Eika, der det var tre personar ved bordet. «Det var Egedius og eg, og så Mari Clasen, ei gjente han hadde fiffa noko med. Ja, du veit han var ikkje god nok for faren. Han var berre ein målartrave utor byen, han da.»

Uansett årsak blei det verken giftarmål eller noko langt liv for dei to flotte ungdommane. Halfdan Egedius døydde av strålesopp den 2. februar 1899, knapt 22 år gammal. Guten som nærmast blei «vaksen» som teiknar alt i tidlege barneår fekk utretta enormt i løpet av det korte livet sitt. Eit par månader seinare døydde modellen hans, Mari Eika, berre 26 år gammal.

Vakraste venskapen

Gjennom åra har det blitt skrive mykje forholdet mellom Torleiv Stadskleiv og Halfdan Egedius. Parman skildrar det som ein av dei vakraste og viktigaste ven-

SLOKNA:

skapane som finst i norsk kunst.

Dyre Vaa skriv i nemnde biografi om forholdet Stadskleiv­Egedius: «Det hev nok vore eit under for Stadskleiv å sjå denne makelause mogning. So fort, so rikt, so ekte og sant. Han vart uendeleg glad i denne unge guten. Då det ljoset slokna, slokna det noko for honom sjølv òg. Han miste trui på lagnaden. På meiningi med alt saman. Han vart ein lengtar som berre hadde sitt høye fjell til utløysing».

Korrespond­ansen mellom kunstnaran­e blir også omtala i biografien til Vaa. Han skriv følgjande: «Stadskleiv akta som gull ei stor samling brev som Egedius skreiv til honom. I dag kviler dei i eit museum, og er den klåraste og djupaste kjelde for den som vil granske livet til Egedius. Alt tyder på at Stadskleiv skreiv like mange brev attende. Men dei hev ingen akta. Det finst ikkje so mykje som ein lapp av deim å få tak i.»

 ?? FOTO: FIRMAET L. SZACINSKI /OSLO MUSEUM ?? Halfdan Egedius skal ha hatt eit godt auge til bondedotte­ra Mari Eika, framgår det av biografian­e om Stadskleiv og Egedius.
FOTO: FIRMAET L. SZACINSKI /OSLO MUSEUM Halfdan Egedius skal ha hatt eit godt auge til bondedotte­ra Mari Eika, framgår det av biografian­e om Stadskleiv og Egedius.
 ??  ?? Torleiv Stadskleiv slokna som kunstnar da Halfdan Egedius døydde i 1899. Dette motivet av Bø-målaren er frå 1942.
Torleiv Stadskleiv slokna som kunstnar da Halfdan Egedius døydde i 1899. Dette motivet av Bø-målaren er frå 1942.
 ?? FOTO UTLÅNT AV ELIN MÆLAND SKOGEN ?? Mari H. Eika var motiv for Egedius og ei jente han skal ha hatt «i kikkerten».
FOTO UTLÅNT AV ELIN MÆLAND SKOGEN Mari H. Eika var motiv for Egedius og ei jente han skal ha hatt «i kikkerten».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway