Varden

Tente over 18 millionar kroner i fjor

Midt-Telemark Energi (MTE) oppnådde eit overskot på meir enn 18 millionar kroner i 2015.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er vel fire millionar kroner høgare enn året før. Resultatet før skatt tilsvarar rundt 14 prosent av inntektene.

Selskapet hadde eit ordinaert driftsresu­ltat på om lag 20,7 mil- lionar kroner, og etter finanposta­r blei resultat i overkant av 18 millionar kroner.

Ros til leiinga

Sjølv om fjoråret var bra, er det langt igjen til 2013. Da hadde selskapet eit resultat før skatt på 26,9 millionar kroner. Driftsinnt­ektene dette året var nesten 30 millionar kroner høgare enn i fjor, noko som viser at inntektene svingar i tråd med kraftprisa­ne.

– Dette er eit mellomstor­t energiverk som driv svaert effektivt. Selskapet har ei leiing og ein administra­sjon som fokuserer på effektivit­et, seier Harald Dagfinn Kjelstad, som er styreleiar også i Midt-Telemark Energi.

Han meiner stor kompetanse i lokalsamfu­nnet og naerleik til abonnentan­e betyr mykje for beredskape­n.

Solid utbytte

MTE sende eit utbytte til eigara-

ne på 9,7 millionar kroner i fjor. I løpet av dei tre siste åra har kommunane Bø, Nome og Sauherad motteke over 28 millionar i utbytte. Nome kommune har 40 prosent av aksjane, Bø 36 prosent og Sauherad 24 prosent. Dette betyr at med samanslåin­g vil den nye kommunen i midtfylket få 60 prosent av aksjane.

Viktig arbeidspla­ss

MTE er også eit svaert solid selskap med ein eigenkapit­al på 47,2 prosent. I ei foretaksan­alyse som Varden har fått tilgang til, scorer MTE svaert bra.

Dette er ein viktig arbeidspla­ss i midtfylket med 35 tilsette. Selskapet har vore lokalisert på Ulefoss etter at Bø og Sauherad Energi slo seg saman med energiverk­et i Nome tidleg på 1990-talet.

 ?? FOTO: ANDREAS SOLTVEDT ?? LOKALE HENDER: Bø-ordførar Olav Kasland meiner det er viktig å ha kraftressu­rsane på lokale hender.
FOTO: ANDREAS SOLTVEDT LOKALE HENDER: Bø-ordførar Olav Kasland meiner det er viktig å ha kraftressu­rsane på lokale hender.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway