Varden

Ny bok om Gaustatopp­en

-

FORFATTAR:

Han har vore på Gaustatopp­en meir enn 1.250 gonger. No har Jon Ingebretse­n skrive bok om det populaere fjellet. KVITESEID – Boka er ei hylding til det flotte fjellet og eg skriv om det eg har opplevd. Det meste av stoffet i boka byggjer på eigne opplevinga­r og erfaring som har blitt til gjennom eit naert, kjaert og omsorgsful­lt forhold til fjellnatur­en, seier Jon Ingebretse­n.

Han byr og på historisk stoff om fjellplatå­et. Deriblant bidrag frå heftet « Vestfjordd­alen - Turisme i gamle dager» som Ingrid Kjersti Løberg gav ut i 1989. Ingebretse­n har mange bilete i boka - både gamle foto og naturbilet­e frå nyare tid, samt bilete frå 17-maifeiring­a. Dette er ei markering som han sjølv har gått i bresjen for.

Vidare er Gaustatopp­en i dagens situasjon eit tema. Ingebretse­n drøftar rolla til Den Nor- ske Turistfore­ning, og han meiner at DNT i dag er blitt mykje betre til å ha dialog med bygdas folk.

Dei ti Gaustadaga­ne blir omtala, og han serverer elles fjelldikt i boka.

– Dei har stått på trykk tidlegare, men er ikkje samla mellom to permar før, seier den naturglade mannen frå Vrådal. Halvor Ulvenes

 ??  ?? Jon Ingebretse­n har skrive den nye boka.
Jon Ingebretse­n har skrive den nye boka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway