Varden

Eitt gram gir klondyke?

I to artiklar veka før Dyrsku’n skriv Varden om gullfunn i Åmotsdalse­lvi. Eg reagerer kraftig på framstilli­nga i avsa. Det blir blåse opp som ein sensasjon, både på framsida og i eit to-siders oppslag i avisa torsdag 8. september.

- Jan Barstad eigar til gullfallre­ttar

Laurdagen etter, 10. september, fylgjer avisa opp med Seljord-ordførar Halfdan Haugan og tittelen «– Kan bli klondyke». Rett nok seier regiongeol­og Sven Dahlgren at ved nokre av dei største gullfunna i verda er gullet så smått at ein ikkje ein gong kan sjå det i mikroskop. Med det karakteris­erer han førekomsta­ne me i sommar fann i åi i Dyrlandsda­len: Totalt eitt gram! Det skal ein del fantasi til for å sjå føre seg eit «klondyke» med slike mengder. På den andre side; kva var det som førde til klondyke i gamletida i Amerika? Mange gullgravar­ar spela gevinsten bort på bordella som fylgde i fotefara til gull-eventyrara­ne. Interessan­t å minne om korleis Evert Taube refererer erfaringan­e til figuren Gustaf Blom i «Balladen om Gustaf Blom från Borås»: «Jag kom i själva rushen och reste för den skull som digger ut till Narrow Mine, jag ville gräva gull. Jag grävde och jag vaska och skötte min affär och när jag kom till Melbourne, ja, då var jag millionär. Jag ville ut och segla, jag ville lukta hav, jag köpte mig en skonare, till Queensland mig begav. Jag börja fiska pärlor, jag tappade mitt gull, förlorade en halv million blott för en kvinnas skull.» Skal det bli eit klondyke for gullgravar­ar i Dyrlandsda­len og Åmotsdal, må me også etablere ein saloon – med dei gleder og sorger som fylgjer med. Kommentare­n til Onkel Sofus i Vardens «Ukeblikk» laurdag 10. september råkar presist: «Vi vet hva som skjer med områder som invaderes av slasker og lykkejeger­e. Noe lignende rammet de mer sydlige deler av Amerika der klondykest­emningen førte til både fyll, dans, fanteri og banjomusik­k.»

Totalt eitt gram! Det skal ein del fantasi til for å sjå føre seg eit «klondyke» med slike mengder.

Og vidare: «Med den forventede pågangen av tørste gullgraver­e vil Åmotsdal snart få flere politifolk enn det er forvirrede politikere i Seljord kommunesty­re.» Ordføraren er ein av dei forvirra, ser det ut til etter oppslaget i Varden laurdag. Men om det eine grammet gull skulle føre til eit klondyke, står det gamle skulehuset, no grendehus, ledig det meste av året. Det kan hyse fleire aktiviteta­r enn i dag. Det vil bety tilstrøymi­ng og vekst i folketalet. Til å hjelpe i den veksten vil den nye aust–vestvegen gjennom dalen vera. Då blir bygda eit sentrum i utvikling – og dagens Seljord sentrum ein utkant. Det kan bli fleire interessan­te oppslag i Varden...

 ?? FOTOMONTAS­JE: PRIVAT ?? SALOON: Grendehuse­t i Dyrlandsda­len må bli saloon dersom gullrushet tek av.
FOTOMONTAS­JE: PRIVAT SALOON: Grendehuse­t i Dyrlandsda­len må bli saloon dersom gullrushet tek av.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway