Varden

Skogen vår nye olje

Alt som i dag lagast av olje kan lagast av tre. Sett i samanheng med at Noreg skal vere eit lågutslepp­ssamfunn i 2050 så er skogen ein del av svaret.

- Olav Urbø Fylkesleia­r Telemark Sp

For Senterpart­iet er ei satsing på skog og reduksjon av klimautsle­pp same sak. Så er ikkje dette rett fram. Det krev ein formidabel innsats av mange. Heilt sentralt er at det offentlege, privat kapital, industri, skogsamvir­ket, FOU (Forsking og Utvikling) satsar samstundes. I dag så eksportera­st meir og meir tømmer. Det stikk motsette av det vi ynskjer. Vidare- foredling og nye produkt vil skape vekst og arbeidspla­ssar i Noreg. Ein kan snakke om 10-dobling av verdiskapn­inga i høve til å eksportere rundtømmer. Lange verdikjeda­r i Noreg skaper grøne, lønnsomme arbeidspla­ssar. Det står ikkje på rapportar og stortingsm­eldingar, men nasjonalt entreprenø­rskap. For å få dette til så krev det kapital, kompetanse og stabile rammetilhø­ve over tid. Ein må vere viljug til å satse over tid og take konsekvens­en av det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway