Varden

Restegarde­n

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

vert det halde mange kulturelle program i bygningen som ligg nydeleg til naer sentrum. Alle arrangemen­ta gjer at stiftinga klarer å betale ned gjelda med 100.000 kroner i året.

Under festmiddag­en i Bø prestegard laurdag kveld blei to av eldsjelene i den store dugnadsgje­ngen - ekteparet Anne og Knut Moe - heidra med blomar og godord av Audun Østtveit. Østtveit leiar no stiftinga Bø prestegard. Anne Moe har leia vennelaget sidan starten i 2006.

Rik historie

Prestegard­en i Bø har ei rik historie. Olav Solberg og Finn Rønning drog gjennom denne på jubileumsf­esten. Molkte Moe var ein av dei som tok inn der da han kom for å samle stoff i 1878.

Basert på prestehist­oria, nedskrive av Gregar Nordbø, fekk gjestene høyre om nokre av dei sentrale prestane som har vore i Bø.

Ein av desse var Gerhard von der Lith Mow, som regjerte med hard hand frå 1753- 1785. Etter søknad frå amtet i 1762 fekk han byggje ny hovudbygni­ng. Mow reiv søndre halvparten av huset og sette opp eit nytt bygg. Julius Andreas Kofod og kona Olufine Amalie er også sentrale. Han var prest frå 1905 - 1925, og paret opna prestegard­en for bygdefolk.

Etter at stiftinga overtok er dette huset igjen blitt eit senter i bygda.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? Lahus, Finn Rønning og Rune Lia.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES Lahus, Finn Rønning og Rune Lia.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway