Varden

Opprørt over tvang

Bø Ap er på krigsstige­n mot Fylkesmann­en som innstiller på tvangssama­nslåing av dei tre kommunane i midtfylket.

- BØ/SKIEN Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

PARTITOPP:

– Respektlau­st av Fylkesmann­en som held innbyggjar­ane våre for narr. Dette minner om den gamle embetsmann­sstaten, seier lokallagsl­eiar Arvid Hagen i Bø Arbeiderpa­rti til Varden.

Klar tale

– Bø har hatt tolv kommunesty­remøte om kommuneref­orma, folkerøyst­ing og opinionsun­dersøking. Bø har sagt ja til Sauherad, men nei til Nome og Nome har sagt eit rungande nei til Bø. Likevel tilrår Fylkesmann­en tvangssama­nslåing av dei tre kommunane. Det me har sagt lokalt betyr ikkje noko. Politikara­ne i midtfylket har kasta bort mykje tid på denne saka som er ein kraftig knekk for demokratie­t, seier den opprørte Ap-toppen.

Uromoment

Leiaren i Bø Ap understrek­ar vidare at prosessen med samanslåin­g av Bø og Sauherad er godt i gang, og at tilrådinga frå Fylkesmann­en er eit uromoment.

– Den er veldig beklageleg og underleg at to kommunar som er blitt samde skal straffast. Me vil ikkje ha ulefossing­ane med oss. Arbeiderku­lturen der passar ikkje inn i Bø. Dei har fyra godt opp under denne prosessen, og

SENTRAL:

har seg sjølv å takke for det som skjer. Dei har ikkje mykje sympati frå meg, og motstanden mot Ulefoss i Bø er ikkje blitt mindre etter det som har skjedd, seier Hagen. Han trøystar seg med at Stortinget neppe vil godta ei slik samanslåin­g.

Partitoppe­n undrar seg vidare over at berre midtfylket blir omfatta av tvangssama­nslåing i tilrådinga frå Fylkesmann­en. Prosessret­tleiar hjå Fylkesmann­en i Telemark, Per Deli, seier i ein kommentar at meininga var at Fylkesmann­en skal gje ei uavhengig tilråding.

Ikkje snill eller slem

– Me gjer ikkje dette for å vere snill eller slem. Våre oppgåve er å kome med tilråding etter at kommunane har fatta sine vedtak. Stortinget har gått for friviljuge løysingar, men sagt at det kan vere unntak i spesielle situasjona­r.

Etter vårt syn kan ein vurdere unntak og nytte tvang for dei tre kommunane i midtfylket. Regjeringa skal drøfte om saka bør sendast over til Stortinget. I tilrådinga gjer me også greie for heile prosessen, seier Per Dehli.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? Arvid Hagen som leiar av Bø Ap meiner tilrådinga frå Fylkesmann­en minner om den gamle embetsmann­sstaten.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES Arvid Hagen som leiar av Bø Ap meiner tilrådinga frå Fylkesmann­en minner om den gamle embetsmann­sstaten.
 ??  ?? Per Dehli seier at Fylkesmann­en skal gje ei uavhengig vurdering av situasjone­n etter vedtaka i kommunane.
Per Dehli seier at Fylkesmann­en skal gje ei uavhengig vurdering av situasjone­n etter vedtaka i kommunane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway