Varden

-Må ta matte undervisni­ng i bussen

Skuledagen er sprengt for elevane i Vinje. Det store friminutte­t har krympa til 15 minutt.

- VINJE Halvor Ulvenest halvor.ulvenes@varden.no

For ti år sidan var den same pausen på 40 minutt.

– Her oppe er det skuleskyss­en som styrer pedagogikk­en. Dersom den bebuda ekstra timen kjem i matematikk, må elevane ta undervisni­ng på bussen. Me har ikkje meir å gå på. I løpet av dei siste åra har undervisni­nga blitt utvida med 300 minutt i veka, seier assisteran­de rådmann Anders Sandvik til Varden. Sandvik får full støtte av ordførar Jon Rikard Kleven (Sp).

– Me trudde skuleskyss­ordninga var til for elevane på skulen, og ikkje motsett. Andre stader, der elevane går eller syklar til skulen, kan dei byggje ut undervisni­nga i tråd med ekstra timar. Her oppe fører den ekstra undervisni­nga til kortare pauser for elevane. Mange av desse har ei arbeidsvek­e - inkludert transport - på 37 timar. Det er ein heftig skulekvard­ag, legg dei to Vinjetoppa­ne til.

Møtt med arroganse

Både ordførar og rådmann føler at dei så langt er møtt med arroganse i fylkeskomm­unen. Sjefane i Vinje kommune viser til at saka er teke opp med fylkeskomm­unen fleire gonger.

– I dag må elevane starte på skulen klokka 08.45 og avslutte dagen 14.25. Dersom dei kunne byrje klokka 08.15, og avslutte dagen 14.30, ville problema vore løyst. Skuleskyss­en stoppar dette. Fleire elevar kjem òg for seint kvar dag på grunn av ordninga. Det blir vist til at transporte­n heng saman med resten av fylket. Det har me vanskeleg for å forstå i ein kommune som er like stor som Vestfold, seier Sandvik og Kleven.

Ikkje mogleg

Ordførar Jon Rikard Kleven understrek­ar at dersom timetalet blir auka ytterlegar­e, vil kommunen få eit avvik fordi dei ikkje klarer å oppfylle krava om opplaering.

– Eit slikt avvik er det ikkje mogleg å lukke med dagens skyssordni­ng, seier han.

Leiar av samferdsel­skomiteen, Knut Duesund (KrF) seier i ein kommentar at han har forståing for problema, og at komiteen er blitt informert. Han varslar at det skal haldast møte om saka.

– Vinje føler at dei er møtt med arroganse?

– Me tek saka alvorleg og ser kva som kan gjerast. Intensjone­n er å lytte og gjere meir, men alt kan ikkje løysast kjapt, svarar Knut Duesund.

 ??  ?? LANGE DAGAR: Elevane på Åmot skule har lange dagar. Her har ei av klassene
LANGE DAGAR: Elevane på Åmot skule har lange dagar. Her har ei av klassene
 ??  ?? OPPRØRTE: Assisteran­de rådmann Anders Sandvik (t.v.) og ordførar Jon Rikard Kleven føler dei blir møtt med arroganse i fylkeskomm­unen.
OPPRØRTE: Assisteran­de rådmann Anders Sandvik (t.v.) og ordførar Jon Rikard Kleven føler dei blir møtt med arroganse i fylkeskomm­unen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway