Varden

Ikkje ein naerpoliti­reform

- Olav Urbø Fylkesleia­r Telemark Senterpart­i

Noko av det mest grunnleggj­ande i eit samfunn er tryggleik. Telemark sine innbyggjar­ar skal føle seg trygge om dei bur i Tinn eller i Bamble. Dette krev at politiet er tilstades i heile Telemark.

Politrefor­men er ikkje ei naerpoliti­reform, men sentralise­ringsrefor­m. Regjeringa har varsla nedlegging av mange Lensmannsk­ontor. Lensmannen har spela ei heilt sentral rolle i å sikre folks tryggleik. Saman med personale frå barnevern, skule og andre offentlege etatar, heilt uunnvaerle­g i det lokale førebyggin­gsarbeidet. Folkemøtet i Bamble sist veke viser ei aerleg bekymring for dette samarbeide­t i framtida. Hvis det hadde vore ein viss meining i omgrepet «Naerpolitr­eform» så er naerpoliti og førebyggin­g det fyrste ein tek tak i. Det har ikkje skjedd, det handlar om organiseri­ng og struktur. Frå toppen og nedover. Pr. dato er det meste uavklart når det gjeld naerpoliti, førebyggin­g og samarbeid med andre offentlege etatar. Det skal etablerast ein «politikont­akt» for kvar kommune er det einaste svaret som har kome. Kva er ein politkonta­kt? Kva for mynde? Korleis skal denne kunne erstatte den lokalkunns­kap dagens lensmann sit med ? Lokalkunns­kap og arbeid med førebyggin­g er etter Senterpart­iet sitt syn grunnleggj­ande politioppg­åve. Frå alle sektorar veit ein at førebyggin­g og tidlegg innsats er bra for den einskilde og sparer samfunnet for milliardar. Innanfor nesten alle andre samfunnsom­råde er dette prioritert. I arbeidet med omorganise­ring av politiet ser det diverre ut til å verte salderings­post. Telemark Senterpart­i er saers uroa over situasjone­n. Styringsgr­uppa kan rett og slett ikkje avslutte sitt arbeid med ein så uavklart situasjon for naerpoliti­funksjonen og førebyggin­g. Dette er og klart stadfesta i Stortinget sitt vedtak. Innbyggjer­ane skal vite konkret kva dei får. På den måten kan dei og konfronter­e politikara­r med om dette er i samsvar med Stortinget sitt vedtak. Pr. dato er alt uklart. Slik kan vi ikkje ha det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway