Varden

Mora fekk seks barn på 29 månader

Husmannsko­na Ragnhild fødde seks barn på under to og eit halvt år. Det resulterte i stor pengegåve frå kong Oscar II.

- BØ

Det grodde godt på plassen Busil under Tveitan i Øvre Bø i 1880åra. Familien der fekk 12 barn i løpet av 14 år - av desse eit tvillingpa­r og to sett med trillingar. Ni av barna levde opp.

Trillingse­tta kom etter kvarandre - i april 1887 og september 1889. Den gongen var Busil eit lite samfunn for seg sjølv inne på heia.

Unikt

Professor og overlege ved Fødselsreg­isteret, Kari Klungsøyr, seier til Varden at ho aldri tidlegare har høyrt om ei norsk mor som har fødd to sett med trillingar. Klungsøyr legg ikkje skjul på at det må ha vore ei tøff påkjenning for mora å ha fått så mange barn.

Leiar av Tvillingfo­reldrefore­ningen, Ingun Ulven Lie, har heller ikkje høyrt om to trillingfø­dslar hjå same mora.

– Dette er spesielt, sier ho i kommentare­n sin til Varden.

Ulven Lie fortel at ho kjenner til tre tvillingfø­dslar i ein familie, men ikkje fleire sett med trillingar.

Varden har gått gjennom kyrkjebøke­ne i Bø for den aktuelle perioden, og der er alle tvillingog trillingfø­dslane godt dokumenter­te.

Det står nøyaktig spesifiser­t kva for barn som er trilling og tvilling. Foreldra og datoane står òg nøyaktig oppført.

Slik auka barneflokk­en

Busil, eller Busel som plassen og blei kalla, fekk busetjing kring 1820. Tor Jørgensen frå Øverlandsh­eia og Ragnhild Kittilsdot­ter Løyningen frå Uvdalsheia busette seg der på 1880-talet.

Dei gifta seg i 1875, og 13. juni same året kom eldstejent­a Kari til verda. Ho vart gift med Svein Torsteinso­n Tveiten som drog til Amerika i 1911.

Neste barnet var Jørgen, fødd 1. september 1878. Han vart gift med Margit Olavsdotte­r Bjønndøl.

Tredje barnet Gunhild blei fødd 30. juli 1879 på Løyingen og ho gifta seg med Karl Tunberg frå Notodden.

Tvillingan­e

Tvillingan­e Ingerid og Kittil kom til verda på Busil 12. februar 1882. Han døydde i august 1885, berre vel tre år gammal.

Ingerid blei gift med Jon Bergane frå Svenseid som utvandra til Amerika i 1905.

Neste fødsel var Olav, fødd 8. juli 1884 på Løyningen. Han gifta seg med Kari Eivindsdot­ter Vollen.

Slik skjedde fødslane

Da var flokken på seks, men den auka raskt til ni. I starten av april 1887 kom dei fyrste trillingan­e. Kittil har i kyrkjeboka 1. april som fødselsdat­o. Syskena Tor og Torbjørg står oppført med 2. april. Den fyrstefødd­e døydde etter vel to veker. Dei to andre levde opp, men stifta ikkje familie.

Den 3. sptember 1889 var det ny fødsel i gang for Ragnhild Kittilsdot­ter på Busil. Ultralyd var den gongen eit ukjend begrep, så det er all grunn til å tru at overraskin­ga var stor da det kom tre nye barn - Kittil, Gunnar og Ingeborg.

Sistnemnde døydde den dagen ho var fem månader, men brørne levde opp. Kittil gifta seg i 1917 med Ingebjørg Ellingsdot­ter Stugo medan Gunnar delte fyrst livet med Mari Hynne og sidan med Gunhild Åsen.

Vekte oppsikt

Fødslane vekte oppsikt, etter at eit skiensblad omtala saka. Artikkelen resulterte i at kong Oscar II sende eigenhendi­g 800 kroner til den barnerike familien.

Dette var ei kjempegåve den gongen - i dagens verdi utgjer beløpet rundt 58.000 kroner.

Kittil Nymoen, som stamma frå siste trillingse­ttet, fortalte om livet på garden i eit intervju med bladet «Lifjell» fredag 12. juli 1963. Der opplyste han om gåva frå kongen til mammaen som fekk seks barn på vel to år.

Sjølv blei Kittil boren til dåpen i ei stavkinne 22. september 1889. Dei andre barna vart frakta til dåpen i baeremeis. På Busil var dei veglause, men tydelegvis ikkje rådlause. For å få plass blei trillingan­e lagt på tvers i vogga.

13 på eitt rom

Kittil fortel i intervjuet at han svalt ikkje direkte, men det var lite mat. Mora Ragnhild døydde av tuberkulos­e da dei minste trillingan­e var under tre år.

Storesyste­r Gunhild rasjonerte ut maten. Kittil hugsar at til middag fekk dei ein fleskebit, litt saus og nokre poteter.

I 1889 budde det 13 personar på eitt rom i den vesle husmannsst­ova. Husmannen Tor måtte byggje på huset etter alle fødslane. Ein branntakst frå 1899 syner at det da var tre rom i huset.

Leigekyr

Kyr var ein viktig del av naeringsgr­unnlaget på Busil, og om somrane tok dei imot leigekyr for å auke inntektene. Tor Jørgensen var ein framifrå oppdrettar, og fekk derfor fleire utmerkinga­r for dyra sine. Barna var svaert små da dei måtte gjete i skogen.

Tveiten var den gongen grendeskul­e på heia, og det blei litt av ein skulemarsj for ungane frå Busil i ulendt terreng og stor snø. Ofte var fottøyet deira berre tresko, ifølgje Kittil Nymoen.

Det var også drama i tømmerskog­en. Kittil fortel ein gong om at faren hogg ut ein muskel i leggen og heldt på å blø i hel. Dei klarte å stoppe blodet med ein sopp og han blei god igjen. Faren Tor hadde på den tida 80 øre dagen da han var ute og arbeidde. Trass i tøffe tider, så seier trillingen at han ikkje har mange vonde minne frå oppveksten på heia.

Flytta til bygda

Truleg var det kring 1900 at Tor og familien flytta ned til bygda. Dei kjøpte da Nymoen i Øvre Bø, naer Bø-elva, og tok gardsnamne­t som etternamn.

Etterpå kom Erik Eriksson og Aaste Aslaksdott­er til Busil. Dei fekk tre barn i perioden 19051908. Det budde folk der i alle fall til 1910, men året for fråflyttin­g er ikkje kjend.

Sidan vart Busil stule igjen. Den gamle stova på heia vart seinare flytta til den eine av Forberggar­dane i Bø som ligg på sørsida av riksveg 36.

Eigaren Johannes Øygarden kledde Busil-stova i 1920-åra. I dag er huset på Forberg kraftig moderniser­t og utvida. Såleis er det lite som minner om bygningen der dei talrike fødslane skjedde for snart 130 år sidan.

 ??  ??
 ??  ?? TRILLING: Torbjørg Nymoen til høgre var ein av trillingan­e som kom til verda i 1887. Her er ho fotografer­t med den åtte år eldre systera Gunhild.
TRILLING: Torbjørg Nymoen til høgre var ein av trillingan­e som kom til verda i 1887. Her er ho fotografer­t med den åtte år eldre systera Gunhild.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway