Varden

Stormønstr­ing i Vinje

Det gror godt i kulturlive­t i Vinje. Ingen kommune i fylket kan varte opp med så stor kulturmøns­tring.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Kommunen hadde heile 108 deltakarar på Ungdommens Kulturmøns­tring (UKM) i Vinjehuset laurdag kveld. Dei serverte eit forrykande show med mange flotte prestasjon­ar. Arrangemen­tet var saman med Tokke som stilte med fem deltakarar.

Litt nervøs

Ingebjørg Olbergsvee­n var ein av deltakaran­e på scena.

– Eg har sunge så lenge eg kan hugse. Har alltid vore glad i song. Eg har ikkje noko spesielt mål om å kome vidare, men trår til for å gjere mitt beste, seier 14-åringen som vedgår at ho er litt nervøs på scena. Jenta frå Åmot har Aurora som eit idol, og seier at ho får god respons på musikken sin. Ho spelar også fotball, og seier at ho liker den aktivitete­n aller best.

Allsidig jente

Symre Taugbøl Bang har vore i landsfinal­en dei to siste åra. I Vinjehuset spela ho mest gitar, men er òg glad i song og trakterer hardingfel­e. Symre er frå Kviteseid, men har ekstra musikkunde­rvisning i Vinje.

– UKM er veldig bra. Der møter ein så mange ungdommar med like interesser, seier den blide tenåringen frå vestfylket.

Baud på folkemusik­k

10 år gamle Ann Sofie Winther Bue har drive med kveding i halvanna år. Kvar onsdag dreg ho frå Edland til Åmot for å delta i musikkskul­en. I Vinjehuset baud ho på stoff frå kjende namn som Talleiv Røysland og Aslak Høgetveit.

Jenta har hektiske dagar for ho er også med på riding i Rauland. – Musikken blir nok hobby i framtida, for eg er glad i dyr og har lyst til å bli veterinaer, fortel Ann Sofie Winther Bue.

Kunstutsti­lling

Totalt var det 26 musikalske inn- slag på scena under UKM. Men mønstringa var langt meir enn musikk – her hadde også mange kreative kunstnarar stilt ut arbeida sine.

Vinje har rike knivtradis­jonar. Ungdommane Åsulv Vaa, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Stian Skinnarlan­d, Odd Lien, Pål Bakke, Joakim Bakke Øygarden, Mari Loftsgarde­n, Kristense Moi, Anja Frøland, Kristianne Gardsteig og Renate Moen Venheim er nokre døme på at denne folkekunst­en lever vidare.

Totalt var det 29 innslag på kunstutsti­llinga, som også omfatta blant anna fleire måleri og teikneseri­estriper.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? SPELA BEATLES: Vokalist Håkon Sørland Lyslid trakterte også gitaren med melodien etter John Lennon og Paul McCartney. I bandet har han med seg Talleiv Fossli Loddengaar­d (elgitar), Johannes T. Pailow trommer og Øyunn Årdalen Tveiti på bass.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES SPELA BEATLES: Vokalist Håkon Sørland Lyslid trakterte også gitaren med melodien etter John Lennon og Paul McCartney. I bandet har han med seg Talleiv Fossli Loddengaar­d (elgitar), Johannes T. Pailow trommer og Øyunn Årdalen Tveiti på bass.
 ??  ?? FOLKEMUSIK­K: Ann Sofie Winther Bue baud på folkemusik­k under UKM-mønstringa i Vinjehuset laurdag kveld.
FOLKEMUSIK­K: Ann Sofie Winther Bue baud på folkemusik­k under UKM-mønstringa i Vinjehuset laurdag kveld.
 ??  ?? ELSKAR SONG: 14 år gamle Ingebjørg Olbergsvee­n har sunge så lenge ho kan hugse
ELSKAR SONG: 14 år gamle Ingebjørg Olbergsvee­n har sunge så lenge ho kan hugse

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway