Varden

Feirar stort mangfald

Innbyggjar­ane i Bø kjem frå 69 ulike nasjonar. I kveld slår bygda ring rundt alle i det internasjo­nale lokalsamfu­nnet.

- BØ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

INGA SVAR:

Foreldrear­beidsutval­a (FAU) ved skulane i Bø står bak arrangemen­tet som blir støtta av mange aktørar i kommunen.

– Håpet er at denne markeringa skal bli ein folkefest, seier FAU-leiar Ivar Sund ved Folkestad skule.

Inga svar

Han understrek­ar at arrange- mentet ikkje er noko svar på saka med hatbrev til ein laerar i bygda i fjor.

Etter det Varden får opplyst på velinforme­rt hald i Bø kommune, er den saka framleis ikkje oppklart. Vidare blir det sagt frå same hald at den aktuelle laeraren ønskjer å vere anonym.

– Idretten er ein fleirkultu­rell arena som er open for alle. Me vil syne at me er glade i dei som bur her. Når me nordmenn dreg til utlandet, vil me gjerne også få ei god mottaking, seier nestleiar i idrettslag­et Skarphedin, Renate Øien. Idrettslag­et støttar aksjonen.

Variert program

Det blir eit variert program på torget denne torsdagskv­elden. FAU-leiar Ivar Sund opnar arrangemen­tet, der Bø skulemusik­k opptrer. Ordfører Olav Kasland held appell og gruppa Ugras byr på musikalsk innslag.

Sokneprest Axel Jørgen Bugge skal halde appell. Publikum får vidare høyre Aina Wassvik med Rokas Naudziunas frå Litauen på trekkspel. Idrak Ab- basov, frilansjou­rnalist frå Aserbajdsj­an, held den tredje appellen for kvelden.

Gratis mat

For å setje ein ekstra spiss på tilstellin­ga, blir det boder med gratis mat frå ulike land - heriblant Spania, Italia samt arabiske og norske rettar.

– Kanskje ein idè å ta middagen på Bø Torg denne kvelden, oppmodar arrangøren. – Kor mange trur de kjem? – Me tør ikkje tippe, man kan seie at alle er velkomne, både frå Bø og bygdene rundt. Dette berører ikkje berre Bø, men alle lokalsamfu­nn, svarar Ivar Sund og Renate Øien.

Barnehagar og skular har hatt solidarite­t som tema i det siste. Grunnskule­n i Bø har over 700 elevar, og i tillegg er elevar på den vidaregåan­de skulen oppmoda om å delta.

Det talar for at det kan bli folksamt på Bø Torg i kveld.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Ivar Sund og Renate Øien seier at aksjonen på Bø Torg i kveld ikkje er noko svar på hatbreva som blei sendt til ein laerar i Bø.
FOTO: HALVOR ULVENES Ivar Sund og Renate Øien seier at aksjonen på Bø Torg i kveld ikkje er noko svar på hatbreva som blei sendt til ein laerar i Bø.
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway