Varden

Ho sel livsverket

Ekteparet Svanhild og Truls Dahl har selt Norsjø Hotell og båten M/S Telemarken til eit investerin­gsselskap. Norsjø Ferieland overtek drifta 1. mars.

- SAUHERAD Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

NYE DRIVARAR:

Salssummen og kven som står bak investerin­gsselskape­t er førebels hemmeleg, får Varden opplyst.

Ekteparet Dahl overtok daverande Norsjø Turistheim i 1972, bygde ut lokala og gjorde verksemda om til hotell. Svanhild Dahl har såleis drive denne verk- semda på Akkerhauge­n i snart 45 år, og teke imot tusenvis av gjester.

God løysing

– Eg er glad for at nokon vil drive vidare, og det bør også lokalsamfu­nnet vere. Løysinga med salet har det vore arbeidd med over ein periode, og me som seljarar ser den som rett og spennande. Hotellet er gjennom alle desse åra drive i samarbeid med lojale medarbeida­rar. Nokre av dei har vore med oss mesteparte­n av tida, og eg vil rette ein stor takk til alle, seier Svanhild Dahl.

Dahl skal assistere dei nye drivarane i ein overgangsp­eriode. Ho vil mest sakne alle dei hyggjelege gjestene samt gode turoperatø­rar og reiselivsk­ollegaer i fylket.

Ingen dramatikk

Marita Knutshaug Veum og Vebjørn

UKJENT KJØPAR:

Hagen kjøpte i fjor Norsjø Ferieland. Campingbed­rifta skal leige hotellbygg­et av investerin­gsselskape­t.

– Det blir ingen store endringar. Medarbeida­rane på hotellet blir no tilsett i Norsjø Ferieland og me gjennomfør­er alle arrangemen­t som er bestilt. Som nye krefter vil me bruke energi på reiselivsp­roduktet, og ser klare fordelar ved eit samarbeid. Det er viktig for bygda å behalde hotellet, seier Marita Knutshuag Veum og Vebjørn Hagen. Kaja Hagen, kona til Vebjørn, går inn som dagleg leiar av hotellet.

25 millionar kroner

Dei fortel at Norsjø Ferieland hadde eit veldig bra år i 2016, og at Akkerhauge­n da hadde mindre nedbør enn nabobygda Bø. Omsetninga i fjor var 15-16 millionar for campingpla­ssen medan hotellet sine driftsinnt­ekter låg på rundt ti millionar kroner.

Hotellet har overnattin­gskapasite­t til 100 personar medan Norsjø Ferieland har 29 utleigehyt­ter, 300 plassar til vogner/bubilar og ei gjestebryg­ge med plass til 40-50 båtar.

Den nye eininga blir såleis ein viktig aktør i turist-Telemark.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? Marita Knutshaug Veum (t.v.) og Vebjørn Hagen skal drive Norsjø Hotell gjennom Norsjø Ferieland. Svanhild Dahl har selt bygningane.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES Marita Knutshaug Veum (t.v.) og Vebjørn Hagen skal drive Norsjø Hotell gjennom Norsjø Ferieland. Svanhild Dahl har selt bygningane.
 ??  ?? bygget. Det er førebels ikkje kjent kven som har kjøpt dette
bygget. Det er førebels ikkje kjent kven som har kjøpt dette

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway