Varden

Hilda (88) stiller ut

Hilda Tønn, som fyller 89 år i mai, er ein sentral aktør på bygdekunst­utstilling­a i Rauland.

- RAULAND Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Der blir det fram til 12. mars vist fram måleri, trerelieff, skulpturar og fletting. Dette er ei utstilling både av arbeida etter Einar Tjønn, som gjekk bort i 2011, og kunsten til Hilda.

Byrja med dikt

Ho voks opp på Haddland i Rauland.

– Alt som lita jente byrja eg å dikte, fortel den vitale kunstnaren i ein prat med Varden. Diktinga held ho på med framleis. Hilda er fast opplesar på diktkvelda­r i heimbygda.

I 1945 møtte 17-åringen - fødd Brårmo - kjaerleike­n da ho vart kjend med Einar Tjønn. Han var bilethogga­rassistent for Dyre Vaa som heldt til på Sporanes i Rauland. Hilda og Einar gifta seg i 1947 og dei fekk etter kvart fire barn.

Som ung mor strikka ho og sauma klede til barna. Ho hadde laert å lage dåpsluver av mor Torbjørg, og sidan laerte ho seg fletting av bjørkerøte­r - det dei lokalt kallar taegearbei­d.

Kunstnaren har godt handelag, og i 13-14 år arbeidde ho med tilskjerin­g av museumskop­iar hjå Peter C. Omtvedt som hadde verkstad i Rauland.

Likar lukta av tre

Dette handverket nytta ho i eige arbeid med trerelieff. Mannen Einar laerde henne fargeleggi­ngsteknikk, og gjennom desse trearbeida har ho forma sine eigne uttrykk. Fleire av naturmotiv­a hennar er med på utstilling­a i kaffibaren Sondov. Ho er blitt inspirert av den fine naturen i heimbygda, deriblant frå staulen hennar, der ho var med alt frå 8-årsalderen.

– Eg liker lukta av tre, seier Hilda om dette arbeidet.

Måleri av mannen

På utstilling­a finn ein elles fleire måleri av mannen Einar. Han hadde utstilling­ar i kunstforei­ninga i heimbygda og ei utstilling i Skipper Sørensens hus i Brevik.

– Kunsten fortel kva eit menenske er. Dette gjeld all kunst. Spørsmålet er så kva kunsten gjev deg. Den kan vere fin å sjå på, men kan og treffe meg så djupt at gråten kjem. Når bilete lyser av det gode, vert eg så glad, seier Hilda som saman med mannen fekk kulturpris­en av Vinje kommune i 2003. Ein giktsjukdo­m har stoppa kunstnarbe­idet, men ho skriv framleis dikt. Den spreke raulending­en vil halde fram med dette.

– Mormor blei over 102 år. Eg har tenkt å slå den alderen, avsluttar Hilda Tjønn.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? PÅ STAULEN: Hilda Tjønn er glad i dyr og her syner ho fram eit trerelieff frå staulen i Rauland. Dette er med på utstilling­a.
FOTO: HALVOR ULVENES PÅ STAULEN: Hilda Tjønn er glad i dyr og her syner ho fram eit trerelieff frå staulen i Rauland. Dette er med på utstilling­a.
 ??  ?? I VERKSTADEN: Hilda og Einar Tjønn i verkstaden til Peter C. Omtvedt.
I VERKSTADEN: Hilda og Einar Tjønn i verkstaden til Peter C. Omtvedt.
 ??  ?? UTSTILLING: Hilda Tjønn (t.v.) og Gunhild Gardsjord på Sondov i Rauland der det no er utstilling fram til 12. mars.
UTSTILLING: Hilda Tjønn (t.v.) og Gunhild Gardsjord på Sondov i Rauland der det no er utstilling fram til 12. mars.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway