Varden

Jau, toget kan stoppe fleire stader

- Tarjei Gjelstad Ordførar i Kviteseid kommune

På leiarplass i Varden 16. februar skriv journalist Tore Svarverud at lyntog med stor hastighet betyr at toget «passerer gjennom Telemark, mer eller mindre uten å stoppe».

Stor hastighet betyr det motsette, toget kan stoppe fleire stadar i Telemark. Dette er enkel matematikk. Med ein distanse på 500 km vil ein hastighet på 200 km/t bety ei køyretid på 2,5 time. Er hastighete­n 300 km/t kan ein ha 6-8 stopp og likevel ikkje bruke meir tid enn 2,5 time.

Kvifor er 2,5 time så viktig? Erfaringan­e frå andre land viser at 80% av flypassasj­erane vel på bruke tog i staden for fly når reisetida blir ned mot 2,5 time. Det er planlagt 4-5 stasjonar i Telemark, inkl. ein avstikkar til Skien. Det betyr ikkje at alle tog stoppar på kvar stasjon. Med fleire avgangar i timen kan ein ha eit varierande stoppmønst­er og likevel ha god kvalitet og kapasitet.

Dette er ikkje eit forsøk på å torpedere bygging av Intercity og Sørvest-bane, tvert imot. Ved å ha ein nasjonal satsing på høghastigh­etsbanar mellom dei store byane i Noreg vil det styrke og presse på dei togplanane som sig sakte fram i dag.

Som ordførar i ein distriktsk­ommune ser eg på lyntog som eit viktig middel for distriktsu­tvikling. God infrastruk­tur og rask kommunikas­jon gjer at ein kan ta heile landet i bruk når avstandsul­empene forsvinn. Dette sikrar sysselsett­ing og busetting utanfor områda rundt flyplassan­e som har den største veksten i dag. Ei lyntogsats­ing vil ivareta moderne krav til mobilitet og miljø.

Det er ikke nok å tenke at guttene må ta seg sammen, det er skolene som må ta seg sammen. Peder Haug, professor i pedagogikk ved laererutda­nningen i Volda til NRK

 ??  ?? KART: Brunkeberg kan få stoppestad.
KART: Brunkeberg kan få stoppestad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway