Varden

Turistane la igjen 310 millionar

Turistane skapte 265 arbeidspla­ssar i Tinn.

- TINN Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Dei la igjen 310 millionar og dette skaper ei sysselsetj­ing på 265 jobbar.

Tala kjem fram i ein analyse som konsulents­elskapet Menon har utført for Tinn kommune. Rapporten, som kom i fjor, baserer seg på det som skjedde i 2015. Verdiskapi­nga blei på 120 millionar kroner. Pengane kan nyttast til velferd, ifølgje rapporten.

Analysen fortel at 550.000 personar besøkte Tinn i 2015. Hotell og camping bidrog med ei omsetning på 145 millionar kroner - 76 millionar om sommaren og rundt 70 millionar vinterstid.

Hytter viktig

Dei private hyttene skapte ei omsetning på 139 millionar kroner.

– Hyttesegme­ntet skil seg frå kommersiel­le overnattin­gar og dagsturist­ar ved at dei bidreg til investerin­g i bygg, i tillegg til å ha forbruk knytt til talet på gjestedøgn. Dei lokale inntektene frå hyttebyggi­ng er derfor viktig for den lokale bygge- og anleggsbra­nsjen, heiter det i konsulentr­apporten.

Dagsturist­ane la igjen 26 millionar kroner - eller vel åtte prosent av den samla turistomse­tninga på 310 millionar.

Ifølgje rapporten har det vore ein sterk vekst dei siste åra i verdiskapi­ng og sysselsett­ing. Naeringa stod for 12 prosent av sysselsetj­inga og over sju prosent av verdiskapi­nga i naeringliv­et, framgår det av rapporten.

Stor medvind

Reiselivet hadde stor medvind inn i fjoråret. Ifølgje analysen skuldast dette ein kombinasjo­n av gunstig kronekurs, eit lite oljeavheng­ig reiseliv, plassering på verdsarvli­sta og TV-serien «Kampen om tungtvanne­t» som har gjeve Tinn nasjonal og internasjo­nal reklame.

Rådmann Rune Lødøen opplyser til Varden at den gode utviklinga heldt fram i 2016 med 100.000 besøkande på Gaustatopp­en - ein auke på 25.000 frå året før. Talet på gjestedøgn auka til 153.702- eller rundt 0,9 prosent. Hotellover­natting ane haddenedga­ng, med anta l aviser sterk auke innanfor telt/campingvog­n.

Ny trend

– Det var klart mest etterspørs­el etter Gaustatopp­en. Den byrja tidlegare enn før og turistane kjem til Rjukan for å vere der i fleire dagar. For eit par år tilbake var me berre ein stoppestad på veg til fjordane, seier Rune Lødøen. Han nemner og at i fjor fekk Rjukan besøk av Hollywood og filmteam.

Delar av «Snømannen» blei spela inn i Tinn, i tillegg til reklamefil­mar og kinesiske «Run for Love» som hadde premiere i februar i fjor. Dette kan gje nye løft for reiselivet framover.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway