Varden

Helga tok imot siste

I rundt 60 år var Helga Tveiti jordmor i Rauland. Ho tok imot over 1.000 barn – den siste fødselen skjedde da ho var 88 år.

- RAULAND Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Ifølgje protokolla­ne var det heller inga kvinne som døydde under fødsel eller av barselfebe­r i tida hennar som jordmor.

Gunhild Gardsjord, som sjølv er både lege og psykiatar, omtalar den spesielle jordmora – som vart over 102 år – i årsskrifte­t for Rauland Historiela­g frå 2011. Denne artikkelen er hovudkjeld­a for opplysning­ane i denne reportasje­n, ved sida av samtaler med to av barnebarna til jordmora, Hilda Tjønn og Torbjørg Fjalestad.

Ressursste­rk kvinne

Det var ei ressurster­k kvinne som byrja på jordmorsku­len i Christiani­a i oktober 1886. Som 30-åring tok Helga utfordring­a med å skaffe Rauland jordmorten­este etter at Birgit Brekka hadde utvandra til Amerika.

Helga, som heime i Rauland vart kalla Haege, hadde arbeidd blant anna på lensmannsg­arden til Svein Knutsen Kramviken. Gardsjord skriv at han kan ha hatt ein finger med i spelet da Helga vart sendt på jordmorsku­len.

Det høyrer med at på den skulen gjekk ho saman med Helga Johansen frå Ringsaker som sidan var modellen for «JordmorMat­ja» i Julekvelds­visa til Alf Prøysen.

Fekk hjelp

Helga Tveiti, fødd 1. juni 1856, var dotter av Aslak Asbjørnsso­n og Torbjørg Nerisdotte­r. Mora var frå Sauland. Helga var einaste jenta i ein syskenflok­k på fem.

Familien, som ikkje hadde gard, var klarerte for utvandring til Amerika i 1861. Dei kom til Drammen, men etter å ha venta på båtskyss i tre veker, var pengveska tom og familien måtte ta turen heimatt til Rauland.

Ved folketelji­nga i 1865 er familien busett i Åmyri, ein plass under Nigard Rauland. Under den neste folketelji­nga ti år seinare budde dei i Bitubekk, som var plass under Midtgarden på Haddland.

I løpet av dei ti neste åra reiste alle dei fire brørne – Asbjørn, Halvor, Neri og Aslak – til Amerika. Tre av brørne busette seg i statane for godt medan Halvor drog til Hawaii der han slo seg opp som plantasjee­igar.

Gardsjord skriv vidare at brørne, spesielt Halvor, støtta systera økonomisk da ho tok jordmorutd­anning.

Rauland kommune garanterte dessutan for lån til skulepenga­r og opphald - 24 kroner per månad - ein stor sum for 130 år sidan. Jordmorsku­len forlanga nemleg enten garanti eller betaling på forskot.

I 1887 var Helga ferdig med utdanning og flytta da heimatt til Rauland. I 1890 gifta ho seg med den ti år yngre Åsmund Halvorsson. Paret fekk seks ungar og familien bruka fyrst på prestegard­en Troen. Sidan kjøpte dei Tveiti Øvre, som ligg naer dagens Raulandsfj­ell Alpinsente­r. Der bygde dei både bustadhus og fjøs på toppen av eit bratt jorde.

Vakt døgnet rundt

Helga Tveiti starta yrkeskarri­eren i ein tid fjernt frå dagens velferdsor­dningar. Ho hadde vakt døgnet rundt. I artikkelen til Gardsjord vert det fortalt at ho måtte ut tidleg og seint - sommar som vinter.

Ein gong gjekk ho høggravid på ski til ein fødsel på Møsstrond. Ein annan gong måtte ho liste seg over dårleg våris til ein fødsel på sørsida av Lognvikvat­net.

Det hende også at ho måtte ha med sin eigen sugarunge til fødselen, for ofte kunne ho vere borte frå heimen to til tre dagar ved slike oppdrag.

Fall ned skråningen

Helga blei ofte henta med hesteskyss. Under eit oppdrag vinteren 1902 hadde ho med seg sonen Halvor som da var spedunge.

På ein dårleg brøyta veg ved Fonnlid fekk sleden ein slik sleng at barnet fall ut av fanget og ned ein skråning. Han var godt kledd og inntulla i eit teppe, men segla eit langt stykke på skaren ned mot oppgangssa­ga. Der blei han funnen like god denne mørke kvelden.

Det framgår av fødselspro­tokollane frå 1902-1934 at i den perioden tok ho imot 17-20 barn i år.

Sjølv rekna ho ha teke imot over 1.000 barn i løpet av karrieren. Honoraret var ei eller to kroner, og var det dårleg stell i heimen tok jordmora ikkje eitt øre for jobben.

Ho fiksa dei fleste fødslane sjølv, men sende bod på distriks- legen viss dei måtte bruke tang til forløysing­a, eller det var andre vanskar.

Ein gong i 1912 kom ikkje legen, og da ordna ho sjølv opp med ein langvarig setefødsel.

Kongens medalje

Helga Tveiti fekk Kongens forteneste­medalje i sølv i 1923, etter 36 år i tenesta. Ho heldt fast i jobben til 1934, da var ho 78 år gammal.

Ho tok imot barn også etter den tid. Den siste fødselen skjedde i 1944 da jordmora var 88 år. Dagny Tveiti kom til verda på grannegard­en, og den fødane Maren ønskte sterkt assistanse av henne sidan Helga hadde teke imot dei eldre barna hennar.

Gode minne

Barnebarne­t Hilda Tjønn, som snart fyller 89 år, har svaert gode minne etter bestemora.

– Eg hadde mykje kontakt med henne og hugsar bestemor som eit snilt menneske. Ho hadde alltid noko å gjere og sat mykje med handarbeid. Eg synest ho var tøff som starta på jordmorsku­len. Ho ville også ta imot mine barn, men da sa mamma stopp, fortel Hilda Tjønn.

Torbjørg Fjalestad, og barnebarn, eig bruket Tveiti i dag. Ho fortel at da ho sjølv vart fødd i 1948 var det trøbbel med etterbyrde­n. Jordmor Helga, som da var 92 år, hadde hatt lårbeinsbr­ot og gjorde forsøk med å ta seg opp den bratte trappestig­en til andre etasje der fødselen skjedde. Den gongen kom distriktsl­egen fyrst, elles ville jordmor Helga truleg ordna opp den gongen også.

Store omtaler

Den spesielle jordmora fekk stor medieomtal­e i si tid. I 1942 blei ho omtalt i Alle Kvinners Blad under vignetten «Hverdagens heltinner».

I 1955 – året før ho fylte 100 år – var det stor reportasje i Varden under overskrift­a: «Hege Tveiten - hele Raulands jordmor - fyller 100 år neste sommer». Der fortalte ho om vanskelege fødslar.

– Å, du veit det gjekk oftast bra. Blødning og slikt hadde eg no vit på. Det var slik at me måtte greie oss sjølve den tidi. Doktar var ikkje å få ta i. Den neraste budde i Åmot, 24 km frå Rauland, sa Helga Tveiti til avisa vår den gongen

Ho døydde i heimen sin 6.januar 1959, 102 år og sju månader gammal.

 ??  ?? STRIKKA MYKJE: Helga Tveiti strikka mykje på sine eldre dagar. Ho blei over 102
STRIKKA MYKJE: Helga Tveiti strikka mykje på sine eldre dagar. Ho blei over 102

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway