Varden

Nesten 10.000 menneske gjestar fjellbygda i vinterferi­en

- RAULAND

Rauland skisenter hadde 2.000 besøkande på torsdag.

– Nesten rekord, seier turistsjef Torben Andersen som anslår at no i vinterferi­en er det rundt 10.000 menneske som gjestar fjellbygda.

– Me har rekna ut besøket på bakgrunn av utleigekap­asitet og talet på privathytt­er. Berre Kristin Larsen åleine har 750 senger i sine verksemder. Vidare er det plass til 250 menneske på Rauland Høgfjellsh­otell, opplyser turistsjef­en. Onsdag kom det 25 centimeter med snø i Rauland, så Andersen melder om strålande forhold både i løyper og bakkar.

– Torsdag var det 2.000 menenske i Rauland skisenter. Det er ikkje langt frå rekorden, seier Andersen. Drivarsels­kapet Rauland Mat- og Vinhus AS i Hol- tarvegen gjekk konkurs før jol. Turistsjef­en opplyser at Fjøllhalli er stengt og afterski er flytta til heishuset ved Rauland Høgfjellsh­otell.

– Framover mot påske blir det ope kvar laurdag. I heishuset er det plass til rundt 100 personar.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway