Varden

PRINSIPP

-

at armen mot Bergen vert utgreidd samstundes. Her har Bergens-miljøet i Høgre vunne fram med argumentas­jonen om å utsette utgreiinga av Bergensarm­en på ubestemt tid av frykt for at armen skal svekke trafikkgru­nnlaget for Rv7.

Etter som utgreiinga­ne frå Statens vegvesen syner at armen mot Bergen er ein heilt sentral del av austvestsa­mbandet over Haukeli og represente­rer over halvparten av den samfunnsøk­onomisk lønnsemda, vil bortfall av Bergensarm­en, reelt sett innebaere at ein slår beina under Haukelialt­ernativet.

Hordaland Høgre sitt vedtak om å prioritere E134 over Haukeli er såleis ikkje noko støtte til Haukelialt­ernativet, men snarare eit bidrag til å trenere Haukelipro­sjektet som er det desidert mest lønnsame vegprosjek­tet i Noreg.

Prinsippet om utbygging etter samfunnsøk­onomisk lønnsemd er elles eit prinsipp som Høgre tidlegare har gjort seg til talsmann for på praktisk talt alle samfunnsom­råde. I spørsmålet om aust-vestsamban­da forlet imidlertid Høgre dette prinsippet og medverkar til eit meirforbru­k av fellesskap­et sine midlar i ein storleikso­rden på fleire titals milliardar kroner. For Vegforum Øst–Vest: Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset, Nicolai Østhus

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway