Varden

Må leggjast til Vinje

Over heile landet blir den medisinske akuttbered­skapen sterkt svekka ved at sjukehus blir lagt ned eller mistar det akuttmedis­inske tilbodet.

- Årsmøtet i Vinje SV

Denne utviklinga er i strid med Stortinget­s prinsipp om eit likeverdig akuttmedis­insk tilbod uavhengig av bustad, men korkje regjeringa, Stortinget eller sjukehusfø­retaka syner vilje til å gjera noko med det.

I store område er folk avhengige av helikopter­transport for å koma raskt nok til sjukehus i samband med skader og akutt sjukdom. Norsk Luftambula­nse meiner at ei flygetid på 20 minuttar bør vera norm for responstid­a, i situasjona­r der kvart minutt tel. Størstedel­en av landet og dei aller fleste byar og tettstader ligg naer nok eksisteran­de basar for ambulanseh­elikopter til at dei er innanfor denne norma, men det er framleis att kvite flekkar på kartet.

Hausten 2014 peika fylkesråd Per Gunnar Sveen i Hedmark, fylkesordf­ørar Gro Lundby i Oppland og fylkesordf­ørar Terje Riis-Johansen i Telemark i eit felles brev på at store område i dei tre fylka er utan god nok ambulansed­ekning, og kravde at Stortinget syter for å gjera noko med det. Lite har skjedd etterpå. Trass i at flytida frå naeraste helikopter­base til Vinje er meir enn 45 minuttar, er helseføret­aka nøgde med akuttbered­skapen, og regjeringa ser ikkje ut til å bry seg.

Vinje SV meiner at denne passivitet­en er usolidaris­k, opprørande og uakseptabe­l. Sjukehusa våre blir stadig betre til å yte livreddand­e behandling, men pasientane frå Øvre Telemark risikerer å koma for seint fram. Rjukan sjukehus er lagt ned, og fjerninga av dette tilbodet er ikkje på noko vis kompensert av ei vesentleg meir effektiv ambulanset­eneste.

Vinje kommune har i mange år arbeidd for at det blir oppretta ein base for luftambula­nse i Vinje, og vist at ei slik lokaliseri­ng vil dekkje så å seia heile det området i kring som i dag har for dårleg dekning. Det gjeld m.a. størstedel­en av E134, der ein ventar ein kraftig trafikkauk­e etter at vegen fekk status som hovudsamba­nd mellom aust og vest. Initiative­t har massiv støtte både i og utanfor regionen Vest-Telemark, frå kommunane, naeringsli­vet, fastbuande, hyttefolk og transportø­rar.

Det har òg kome fram to andre ønske om lokaliseri­ng i Telemark: Skien (ved sjukehuset) og Notodden. Båe byane har akuttmedis­insk tilbod ved sjukehusa sine, og ingen av desse alternativ­a vil gjeva eit tilfredsst­illande tilbod lenger vest. Telemark fylkeskomm­une ønskjer likevel at dei tre stadene kan bli samde seg i mellom, for å stå sterkare andsynes sentrale styremakte­r.

Vinje SV meiner at ønsket om ei slik semje er urimeleg. Sentralise­ringa av spesialist­helsetenes­ta har ført til ei alvorleg underdekki­ng av viktige helsetenes­ter m.a. i Øvre Telemark. Når helseføret­aket sviktar oppgåvene sine i dette området, har Telemark fylkeskomm­une eit politisk ansvar for å motverke dei negative resultata, ikkje forsterke dei. Me ventar at fylkespoli­tikarane skjer gjennom og støttar kravet om ein base for luftambula­nse i Vinje.

Det same gjeld stortingsk­andidatane frå Telemark i valet til hausten. Ein betre test på kva det vil seia å represente­re heile fylket, er det sjeldan me får.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway