Varden

«Et sant sandeventy­r»

-

I «Norske Folkeevent­yr» står det om skipperen som fekk tak i ei kvern som mol salt, så han slapp å sigla lange vegar for å henta vara. Dette var flotte greier! Diverre gløymte han å få med bruksret tleiinga om korleis han skulle stansa kverna, og til slutt fekk han så mykje salt at skuta sokk. Kverna står ennå på havsens botn og mael, difor er havet salt.

I «Varden» les vi eventyret om mannen som fekk tak i ei gravemaski­n for å fjerna ein grusrygg på Geitryggen, slik at tilhøva for flytrafikk­en blei sikrare. Eit par andre baud seg til å køyra vekk massene. Både toppolitik­arar og -byråkratar blei storleg imponerte over at det framleis finnst folk med slik ei samfunnsån­d så dei kom ofte saman til kaffikos med kake og smultringa­r, klappa kvarandre på ryggen, og livet var godt å leva.

Men diverre hadde ingen hugsa på å få med rettleiing­a om korleis gravemaski­na skulle stoppast. Etter sju år har ho grave ein 30 meter djup dal (biletet nedst på sida) der grusryggen før låg. Flygarar seier at det er svaert farleg å ha eit slikt gjuv naer rullebanen, så då er det vel berre å starta arbeidet med å fylla oppatt. Akk ja!

Mange hundre tusen kubikkmete­r sand har vorti borte, og Skien kommune har visst tapa nokre stakkarsle­ge millioner kroner.

Snipp, snapp, snute. Eller er ikkje sandeventy­ret slutt, likevel?

Reidar H.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway