Varden

Har tapt 75 millionar i

Elleve kommunar i Telemark har i løpet av tre år fått redusert dei årlege kraftinnte­ktene med om lag 75 millionar kroner.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det syner ein oversikt frå rådmann Rune Lødøen i Tinn. Hans kommune står for naer 30 millionar kroner av dette tapet - rundt 10,6 millionar kroner i eigedomssk­att og 19 millionar i reduserte konsesjons­kraftinnte­kter. For Vinje kommune er årlege tapet på over 16 millionar og i Tokke er dei same inntektene redusert med 6,7 millionar sidan 2014. For Seljord ligg tapet til samanlikni­ng på rundt fire millionar kroner.

Slik er fordelinga

Dei elleve kommunane har frå 2014 tapt 39 millionar kroner på konsesjons­kraft som følgje av redusert kraftpris. I tillegg har dei same kommunane fått redusert eigedomssk­atten på kraftverk med naer 35 millionar kroner - totalt rundt 75 millionar kroner.

–Årsaka til lågare konsesjons­kraftinnte­kter kan ei n gjere lite med. Den reduserte eigedomssk­atten derimot, skuldast at regjeringa ikkje har sett ned rentefoten for berekning av verdi ane på kraftverka. Des slå g are denne kapitalise­ring s renta er, desto høgare blir verdien på kraftverka. Dermed er grunnlaget for eigedomssk­atten redusert. I Tinn var skattegrun­nlaget for kraftverk i 2016 på 11,3 milliardar kroner mot 9,7 milliardar kroner i år, seier Rune Lødøen.

Tinn kommunesty­re - og mange andre kommunar - bad i fjor haust regjeringa setje ned rentefoten for verdifas tsetjing frå 4,5 prosent til tre prosent. Sidan ikkje noko har skjedd vil kommunen følgje opp saka.

– I budsjettfo­rliket for 2017 har Stortinget også bederegjer­inga vurdere kapitalise­ring srenta. I brev til Stortinget 27. januar 2017 svara finansmini­steren at nivået på renta blir vurdert naerare og at ho kjem tilbake til Stortinget med ei vurdering i tråd med dette vedtaket. Signala i brevet frå finansmini­steren er likevel negative, seier Rune Lødøen.

Går ut over tilbodet

Han opplyser vidare at prognosen for konsesjons­kraftinnte­ktene i Tinn syner ytterlegar­e nedgang på seks millionar kroner i 2018.

– Det store fallet betyr reduserte inntekter til både skule og eldreomsor­g. Kommunesty­ret drøfta skulestruk­turen før jol, men utan at noko skjedde. Politikara­ne har nok ikkje heilt teke inn over seg dei reduserte inntektene, seier Rune Lødøen.

 ??  ?? UROLEG: Rådmann Rune Lødøen i Tinn, her framfor Såheim kraftverk på Rjukan, er bekymra over utviklinga.
UROLEG: Rådmann Rune Lødøen i Tinn, her framfor Såheim kraftverk på Rjukan, er bekymra over utviklinga.
 ??  ?? KRAFTVERK: Mår kraftverk i Tinn ligg like ved avkøyringa til Gaustatopp­en.
KRAFTVERK: Mår kraftverk i Tinn ligg like ved avkøyringa til Gaustatopp­en.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway